
Bibliotekarane i Lom er, trass i ung alder, alt klassikarar sjølve både som pionérar innan litteraturblogging på 2000-talet og som Årets bibliotek i 2012. Og no er det dette store lille biblioteket som har innbode andre bibliotek til kampanjen som dei på lista biblioteknorge i går kalla Nye, norske klassikarar (nettstaden er ikkje klar enno).
Spennande! Dei har fått litteraturkritikarane Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik til å kåre ei liste med tjuefem «nye klassikarar», presisert til «moderne, norsk kvalitetslitteratur».
Men titlar og forfattarar får vi enno ikkje vite. Blir det dei som alt har fått alle prisane og som vi alt kjenner relativt godt? Eller kjem det også overraskingar? Vi blir skuffa om ikkje.
God litteraturformidling kan sjølvsagt gjerast med hundre ulike utgangspunkt og måtar. Og alle dei hundre har biblioteka råd til å ta i bruk. Til skilnad frå … Les mer «Nyklassisisme frå Jotunheimen»






Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss: