NRK.no etter budsjettlanseringa i 2007. Klikk og kik.For ti-femten år sidan var det raudgrøne tider i regjeringskvartalet, også på kulturfeltet med eit motig, sjølverklært kulturløft. Og med Trond Giske som sjølve kulturløftministeren dei første fire åra. Men underteikna, då i eigenskap av nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, hugser korleis han heile tida avviste NBF-leiar Anne Hustad sitt krav om eit meir presist og ambisiøst bibliotekløft. I budsjettlansering etter budsjettlansering parerte han det med lovnad om ei storveges bibliotekmelding. Noko også Knut Olav Åmås kommenterte i den minnerike kronikken Blålys for biblioteket. Men bibliotekmeldinga skulle ikkje stoppe den markante bibliotek-nedturen, trass i kulturløftet, ifølgje Anne Enger-utvalet i 2013.
Men dette skal skal også seiast om Trond Giske og biblioteksaka: Les mer «I desse Gisketider»
Håvard Rem skriv denne veka i Dag og Tid om masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther der lærebøkene i mellomalderhistorie for grunnskole og vidaregåande blir granska. Konklusjonen er kort fortalt som på denne forsida: Norske elevar lærer at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante.



Bibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten 8.2. og
Rogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.
Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen har i dag ei dobbelside der han oppsummerer forskinga rundt skjerm versus papir og korleis dei har ulik innverknad på lese- og dermed skriveevna og dermed kognitive, sosiale og fysiske evner. Og dermed på demokratiet. Undervegs er det ikkje fritt for at han då må kritisere mykje pedagogisk og politisk praksis rundt landet, der iPaddar og liknande har fått dominerande innpass i skoledagen.