Atekst snart berre for dei rike

unnamed-2
Gamle aviser må vel trykkast opp igjen no? Her ei viss 50-årsjubileumsutgåve

For eitt år og fire dagar sidan skreiv vi om krisa for Atekst når nokre aviser trekker seg og stadig fleire aviser innfører embargo på artiklane sine på ei veke eller meir. No har dette stått på eit år, og ved inngangen til 2020 har Retriever/Atekst valt ein ny betalingsmodell som for dei fleste vil bety ein sterk prisauke. Så mykje dyrare blir det, meiner i dag NBF-nestleiar og bibliotekdirektør på OsloMet Lars Egeland på Khrono.no, at fleire bibliotek må seie opp avtalane.

>> 31. januar: Retriever støttar delvis Egeland, men skuldar på avisene.

OsloMet forlenger avtalen med same sum som i fjor, men alt utpå våren vil pengane ta slutt, då den nye betalingsmodellen går på forbruk, artikkel for artikkel. Det blir ein prisauke på 170% om dei skulle halde fram med like mykje bruk som i fjor. Det same valet har UiO, UiB, UiT og NTNU gjort.

Kritikken til Egeland er skarp; han skriv blant anna at «avisarkivet er en monopolist som nå presser prisene oppover samtidig som folks mulighet til å kunne søke i gamle avisartikler i høyeste grad er av stor demokratisk betydning». Men han foreslår også konkrete løysingar baserte på røynslene med Lovdata i året som gjekk: Les mer «Atekst snart berre for dei rike»

Opnare Access på 2020-talet?

Lisensen CC BY er tilrådd i rapporten

Krono.no har i dag ein større sak om Plan S og den nye rapporten «Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering». Her kan vi blant anna lese at: »Forskerforbundet har vært kritisk mot den lisensen som er anbefalt i Plan S. Nå får de og andre kritikere langt på vei støtte i den ferske rapporten.»

Frå pådrivarsida for Plan S har Khrono sitert frå ein kronikk i Forskerforum av direktør John-Arne Røttingen i Forskningsrådet. Han meiner rapporten «tydeliggjør … at våre krav om åpen tilgang ikke er i strid med akademisk frihet, og belyser også hvordan forskningsinstitusjonene kan sikre en overgang til full åpen tilgang».

Det var Unit som tinga rapporten, som dei la ut 23. desember. Vi følgjer opp på bloggen.

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at «Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.» Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen «Knuser bokorm-myten!»

Det handlar om «Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider«, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram «Digitisation and Diversity» (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: «Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.»

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av «Bokhylla.no» og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida: Les mer «BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»»

Trygg digital oppvekst?

Dei to K-departementa skal saman skrive kulturmelding om og for barn og unge, og «Eit viktig tema i meldinga blir korleis vi best mogleg kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen». Medietilsynet skal bidra til meldinga og innbyr til ope innspelmøte 30. oktober på Litteraturhuset i «Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den».

Dei nemner ikkje biblioteka i innbydinga, men dette handlar vel om å melde seg på og varsle at ein vil sleppe til med innspel.

E-lydboka i draumen og i røynda

Ørjan Persen snakka tysdag om e-lydboka på Bibliotekarforbundet sin konferanse om emnet. Ei viktig oppsummering av stoda per oktober 2019. Han set krisa for mediet i relieff med reknestykke på prisen per utlån eller lytting samanlikna med lydbok på CD. Og han kritiserer forslaget til løysing frå Nasjonalbiblioteket.

Kommentarfeltet nedanfor er for debatt og spørsmål!

Når det gjeld e-bøker med og utan lyd …

… er det all grunn i desse dagar til å følgje Ørjan Persen sine vakne og kritiske artiklar (om mykje meir enn e-litteraturen) på plattforma Medium. Han overvåker feltet frå Bergen offentlige bibliotek, som er heilt i front på alt dette, og han sit i BF si arbeidsgruppe for e-bøker. Jaggu er han ikkje også i NBF sitt Utvalg for digital tilgang. Og tru om han ikkje har ein finger med i Facebookgruppa E-bøker i norske folkebibliotek.

Der vi i går kunne lese om at «folkebibliotekene vil få tilgang til rundt 2000 skjønnlitterære e-lydbøker for voksne fra Cappelen Damm i neste uke.» Neste veke tar til på måndag.

Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt

ekkonrkI Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet Google – selskapet som ble et verb, og vi fekk høyre om oppstarten frå 1998 og utover og enda opp med Google Books, det himmelstormande prosjektet frå 2002, der dei ville samle og digitalisere all kunnskap i verda. Og tilby han fritt, gratis, til alle.

Men dette var, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i programmet, biblioteket sin idé. Hugs berre biblioteket i Aleksandria, om enn ikkje digitalt den gongen. Og han samanliknar Google Books med Bokhylla.no, som Nasjonalbiblioteket driv i dag. Til skilnad frå det monopol-søkjande, kommersielle Google skulle det i Noreg skje etter reglane for det norske litterære systemet; forfattarane skulle få betalt og det skulle skje under kontroll av biblioteka.

Men ein viktig del av det litterære systemet vårt er også at bibliotekutlån er gratis, noko også Bokhylla.no er. Men det kunne gått annleis: Les mer «Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt»

Lydbokløft i Danmark

Skjermbilde 2019-09-09 15.19.09

>> OBS: Sjå interessante kommentarar nedanfor om Nasjonalbiblioteket sin e-bokstatistikk for 2018

Det har gått opp og ned med «utlånet» av e-bøker og e-lydbøker i Danmark, men no går det opp. Dette melder i alle fall Netbib sjølv, dei som samlar dei ulike digitale folkebibliotektenestene. I juli lytta danskane til 287 000 e-lydbøker frå biblioteket, noko som er månadsrekord. I same periode leste danskane 161 000 e-bøker. Dette er ein auke på 23 prosent for lydbøker og 32 for e-bøker, og talet på unike brukarar er no over 430 000.

Det går rykte om positiv utvikling også i det herverande tidlegare danske lydriket, men vi får vente og høyre. For vi har høyrt det før, for å seie det med Alf Prøysen.

I mellomtida kan vi sjå korleis danskane har marknadsført eReolen sin den seinare tida. Særleg til danske «teenagers» har det vore viktig «at blive endnu sjovere.»

PS: Dei norske tala for heile 2017 var 22 000 e-lydbøker og 642 000 e-bøker. Statistikken for 2018 har vi enno ikkje sett noko til. Og det er akkurat ein månad sidan i dag at Vidar Lund fekk til svar på Bibliotekutvikling.no at «Den offisielle statistikken frå NB kjem snart.»

Viktig nytt om utvida bruk av det pliktavleverte

På Nasjonalbiblioteket sin nettstad Bibliotekutvikling.no i dag finn vi viktig informasjon og instruksjon om «ny tilgang til pliktavlevert materiale i norske bibliotek». Til denne utvida bruken av digitalisert materiale i bokhylla.no har NB støtte i den reviderte pliktavleveringslova med nye forskrifter, og eit utvetydig brev frå Kulturdepartementet. Ei utviding som Kopinor og forleggjarane meiner er forkasteleg og som dei hevdar set stoppar for vidare forhandlingar om e-lydbøker i biblioteka (sjå 14.2.: Lars Egeland i Khrono).

Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord

Skjermbilde 2019-08-05 23.41.43
Årleg publikasjon då biblioteka rula innan datasøking. NB: Finst ikkje i bokhylla.no. Kan nokon digitalisere dei??

>> Sjå viktige kommentarar nedanfor

Læringssenteret ved Sandefjord videregående skole har tatt eit godt initiativ, i nært samarbeid med Institutt for Arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved OsloMet: Ved to høve dei siste åra har dei undersøkt kor mykje lærarane bruker databasesøk som er tilgjengeleg via læringssenteret (tidl. biblioteket), og meir spesifikt avisartikkelbasen Atekst. Men desse respondentane, altså ei gruppe med både fagspesifikk mastergrad og pedagogisk utdanning, ved landets største vidaregåande skole og med eit høgst oppegåande læringssenter (vi har vore der og sett), avslørte eit farleg lågt nivå: Les mer «Atekst og søk i basar: Nedslåande frå Sandefjord»

Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no

20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt «oppå» måneferda.

I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:

Les mer «Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no»

Annonsefri helseinfo

Skjermbilde 2019-05-25 18.16.42
Eit prisvinnande alternativ. Som det står bibliotekarar bak.

NRK Beta har sett nærmare på Norsk Helseinformatikk (nhi.no), den mest brukte helsenettstaden både av helsepersonell og oss andre. Men kritikken er ikkje nådig: «Mennesker i en sårbar situasjon utnyttes, mener Forbrukerrådet som kaller annonsepraksisen for et tillitsbrudd. NHI sender også besøksdata til Facebook.»

NRK Beta har intervjua ein advokat med moderne annonseteknologi som spesiale, som seier at «NHI har den mest utstrakte bruken av annonseteknologi jeg har sett, også i internasjonal sammenheng.» Og vidare: «Det er overraskende at NHI ikke har reflektert mer over hvilken informasjon de gir fra seg om brukerne sine, spesielt siden de har så mange aktører inne og sporer aktiviteten på sidene sine.»

Vi minner om Helsebiblioteket.no – vinnar av prisen Årets bibliotek i 2012 – og kjemisk og bakterielt heilt annonsefritt. Men for 2019 kutta regjeringa i budsjettet så bemanninga og tidsskriftbudsjettet måtte reduserast.

Kva med å lenke til Helsebiblioteket på biblioteket si heimeside? Og skrive ut og leggje fram faktaarka deira i biblioteket? Og e-ressursar kan faktisk leggjast i katalogen.

Frigjeving av nyare norsk «e-litteratur» – Bruk han!

avlevert genser
Truleg ei av dei pliktavleverte norske bøkene frå 2019

Sist oppdatert 24.5.19 kl. 00.16.

Nasjonalbiblioteket annonserer i desse dagar: «Som følge av at pliktavleveringsloven ble endret og forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, vil det bli åpnet for en prøveordning for digital tilgang i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek for forsknings- og dokumentasjonsformål

Dei viktigaste avgrensingane ligg i orda med feite typar ovanfor. Fleire avgrensingar går fram av eit brev 2.7.2018 frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket (pdf): For det første at berre fire brukarar får tilgang samtidig og «en karantenetid på to timer etter at aktiv bruk av dokumentet er avsluttet, samt at materialet ikke kan lastes ned.» Her gjeld altså ikkje tidsgrensa for bokhylla.no, som p.t. er ved utgangen av år 2000.

Alle ved institusjonar som er på Feide har alt tilgang, mens for brukarar av andre bibliotek enn dei i UH-sektoren må det søkast … Les mer «Frigjeving av nyare norsk «e-litteratur» – Bruk han!»

Eit vendepunkt for open publisering?

Skjermbilde 2019-04-24 00.30.11
Frå endå ei sak på Khrono.no i dag. Klikk og kikk

Ting kan tyde på at den norske avtalen med Elsevier kan bli starten på eit internasjonalt vendepunkt i favør av Plan S i Europa og kan hende også Open Access globalt. På Khrono.no i dag skriv vise- og prorektorar for dei fire største norske universiteta, dei som under leiing av Unit tok del i forhandlingane med Elsevier, blant anna: 

«Det betyr to av fire publiser- og les-avtaler nå er i havn. Vi kan nå være i en unik posisjon til å være med å påvirke utviklingen av landskapet rundt åpen publisering. Dette er et landskap som er langt ifra ferdig utformet – mye er i spill i endringsprosessen vi nå står midt inne i. Vi må følge med på hvordan de inngåtte avtalene vil virke, og ikke minst se på resultatene av øvrige pågående forhandlinger.

Tidligere trakk vi frem at forskersamfunnet og forlagene i fellesskap må komme frem til nye modeller som fremmer åpen tilgang, god kvalitet og internasjonalt forskningssamarbeid. Publiseringsavtalen med Elsevier viser at dette lar seg gjøre, og gir nye muligheter for å fremme norsk forskning internasjonalt.»