
I dag skriv Gizmodo om korleis styresmaktene i Iran har stengt Internett for folk flest i samband med opprøret der. På fjerde dagen er trafikken på nettet berre 5% av normalen, som truleg er det styresmaktene sjølv treng for å halde undertrykkinga gåande.
I oktober delte vi ei anna sak frå Gizmodo som vi kalte «Om Nettet tok kvelden». No skreiv mange i kommentarfeltet deira at total stenging ikkje er sannsynleg, fordi Nettet er slik konstruert at trafikken finn nye vegar. Men i land som Iran, Kina med fleire er det altså muleg å stenge. Iranske bibliotek er ikkje unntatte frå stenginga, kan vi konstatere.
Vi finn samtidig fram gårsdagens Klassekampen (19. november) og ein av mine favoritt-skribentar, Hussein Maxos, med spalta «Dagbok fra Damaskus». I går skreiv han om «Kunnskap eller mysterier», som går på korleis styresmakter, religiøse autoritetar og dessverre store delar av folk flest ser på kunnskap. Her ein smakebit: Les mer «Kommunikasjon og kunnskap i Midt-Austen»






Rogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.
Moss bibliotek ser ut til å ha tatt poenget til NBF-leder Mariann Schjeide om å arrangere «debattar som det sprutar av». Torsdag til uka kjører de åpent debattmøte med tittelen «
I Klassekampens kronikk i dag (på papir og i 

