Nytt initativ for Epos: – Vestlandet sitt flytande litteraturhus!

Skjermbilde 2020-07-02 19.52.37

Kulturarbeidarar og mannskap i november 2013, då Epos var nominert til Årets bibliotek

«Bokbåten er død – leve Epos!» er overskrifta på eit lesarinnlegg i avisa «Strilen» her om dagen. Som forfattaren, Marit Gro Berge, avdelingsleiar ved Strilabiblioteket i Alver kommune, har gjeve oss løyve til å gjenbruke på bloggen.

Ho meiner debattantar både for og imot «har rota til debatten gjennom ikkje å fokusere på det denne unike båten eigentleg er: Eit moderne, levande litteraturhus med litteraturformidling og ulike formar for kulturelle opplevingar! … I desse dagar sender Strilabiblioteket i Alver, i samarbeid med avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit, ut ein invitasjon til kommunar langs kysten om å samle seg rundt ein prosjektsøknad for å prøve ut vidare drift av Epos.  Kvar kommune skal stå for personale, litteraturformidling og kulturelle arrangement i sin kommune, og  prosjektstøtta skal dekkje sjølve drifta av båten».

Les heile innlegget:

Bokbåten er død – leve Epos!

Mykje rart har vore sagt i den oppheita debatten: – Bokbåten sikrar dei små utkantane eit bibliotektilbod. Feil. Bokbåten kan aldri erstatte det kommunale bibliotekstilbodet. Ei kasse med bøker to gonger i året har ingenting med bibliotek å gjere. Om det har vore kommunar som har basert seg på dette, (noko det sjølvsagt ikkje har vore) då  burde statlege myndigheiter gripe inn. Det er brot på norsk lov som har heilt andre krav til kva eit bibliotek er. Så då har dei vel rett, då? Dei som hevdar at bokbåtitilbodet er gamaldags og utdatert? Enno ein gong, feil!

Både motstandarar og tilhengjarar har rota til debatten gjennom ikkje å fokusere på det denne unike båten eigentleg er: Eit moderne, levande litteraturhus med litteraturformidling og ulike formar for kulturelle opplevingar! Båten i seg sjølv skapar festivalstemning for små og store. Det er ikkje kvar dag ein kan ta turen til den lokale kaien for å oppleve noko annleis, treffe andre, få nye impulsar. Bokbåten er eit desentralisert kulturtilbod nær folk av beste sort.

– Me må nå ut til folk, seier lokale og sentrale kulturaktørarar og klør seg i hovudet for å finne måtar å klare det på. Bokbåten har klart akkurat det, år etter år etter år!

– Kultur- og naturarv skal bevarast, tradisjonar vidareutviklast og utfordrast og nye uttrykk skal skapast. Står det i regional kulturplan for Hordaland 2019-2025. Men, kva hjelper det med fagre ord og flotte setningar når ein ikkje ser dei gode tradisjonane som skal vidareutviklast?

Bokbåten er død: 9.juni låg fylkestinget ned bokbåten. Akkurat no, medan båten enno er der, er tida inne til å introdusere Epos- Vestlandet sitt flytande litteraturhus! I desse dagar sender Strilabiblioteket i Alver, i samarbeid med avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit, ut ein invitasjon til kommunar langs kysten om å samle seg rundt ein prosjektsøknad for å prøve ut vidare drift av Epos.  Kvar kommune skal stå for personale, litteraturformidling og kulturelle arrangement i sin kommune, og  prosjektstøtta skal dekkje sjølve drifta av båten.

Vi vil bruke det beste frå bokbåttida, med litteraturformidling og utlån av bøker, samstundes som vi vil vidareutvikle festivalkonseptet med å legge til rette for fleire arrangement og aktivitetar i heile den tida båten ligg til kai. Her får kommunane ein ny scene dei kan bruke for å samle det kommunale og det frivillige kulturlivet til felles innsats.  Ei organisering som dette vil spreie arbeid og utgifter på deltakarkommunane. Vi trur at fleire parti som svært motvillig måtte stemme for vedtaket i fylkeskommunen, ser at dette kan vere ei interessant løysing å støtte lokalt, samstundes som me håpar på at dei same partia kan arbeide for ei varig finansieringsløysing av sjølve drifta av båten på nasjonalt plan.

Marit Gro Berge, avdelingsleiar ved Strilabiblioteket i Alver kommune.

 

Leave a Reply