Slik konkluderer redaktør Mari Skurdal i leiaren sin i Klassekampen i dag. Ho minnar blant anna om ei av lekkasjane Assange kjem til å bli livstidsdømt for i USA, om ingen får stoppa dei, filmen frå helikopteret under og etter at dei i 2007 skaut og drepte mange sivile i Bagdad, blant anna ein journalist. På denne versjonen av filmen har dei lagt på undertekster, sjå også biletet her til høgre: «Look at all those dead bastards», seier ein. «Nice», svarer ein annan i helikopteret.
I desember hadde med-bloggar Mikael Böök eit innlegg i Hufvudstadsbladet og her på bloggen, med overskrifta – Stöd Julian Assange och ge WikiLeaks en trygg fristad i biblioteken. Elles har vi i over elleve år skrive om Wikileaks her på bloggen.
Fredag hadde Klassekampen ein tosiders om at «Mangel på kunnskap blant innvandrerkvinner går på helsa løs. Feza Nibigira gikk i årevis uten å få informasjon om helt enkle ting, som prevensjon og bind.» Men no er ho «en av dem som jubler over at Trondheim nå får et eget internasjonalt kvinnehus, hvor innvandrere i tillegg til språkkurs kan få grunnleggende helseinfo, om kosthold, prevensjon, tamponger og bind og forskjellen på virus og bakterier.»



