Open Access: Unit med innbyding til innspel

Vi siterer frå Unit: «I lys av rapporten Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering inviterer Unit berørte aktører til å sende skriftlige innspill om hvordan aktører og myndigheter bør arbeide videre for å nå målet om åpen tilgang».

For eit par veker sidan skreiv vi om denne rapporten og debatt som var i gang på forskings- og høgareutdanningsnettstadene.

Slik gjekk det med kulturtidsskrifta på Narvesen

I september skreiv vi om at den svenske distributøren Tidsam hadde sagt opp avtalen med kioskselskapet Narvesen om å distribuere rundt tretti norske tidsskrift av typen kulturtidsskrift. Det første fotoet under viser korleis det var på Narvesen på Moss stasjon før endringa, og det neste er frå denne veka, i februar 2020:

Les mer «Slik gjekk det med kulturtidsskrifta på Narvesen»

Sånn er’e blitt

Det er framleis fredag, og vi deler denne ingressen frå ei bokmelding i svenske Dagens Nyheter:

«Den mest utlånade boken på amerikanska bibliotek är en bilderboksklassiker från 1962: Ezra Jack Keats ”Den första snön”. När den kom var den ovanlig genom att ha en mörkhyad huvudperson, men i dag är det snarare snön som är överraskande».

Praktisk talt alle svenske aviser har betalingsmurar i dag, så det var alt vi fekk lurt til oss. Go hælj!

Les på senga!

I Dag og Tid denne veka er ei overskrift: «Konkurrerer mot Egner», og i ingressen heiter det: «Barnebøkene til Arne Svingen er blant dei mest utlånte bøkene på norske bibliotek, men bestseljarar er dei ikkje».

Det er ikkje noko nytt for ein bibliotekar: Foreldre og besteforeldre kjøper bøker til barn og barnebarn, men held seg til forfattarane og sjangrane dei sjølve vaks opp med.

Nokre klipp frå intervjuet: Les mer «Les på senga!»

«Tiger på slagmarken» – og i biblioteket?

Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag (men likevel ikkje i den opne utgåva) handlar om at «Coop selger nazi-memoarer». Avisa har i mengdene av krigslitteratur funne boka «Tiger på slagmarken» som skal vere «memoarene til Otto Carius, som kjempet på Østfronten for Nazi-Tyskland under andre verdenskrig, og som ifølge forlagets omtale «har gått inn i historien som den tyske panservognkommandanten som skjøt i stykker flest fiendtlige stridsvogner».

>> 7.2. Kl 15.50. Kommentarfeltet har fått eit innlegg, men ikkje frå bibliotekhald

Men ikkje berre Coop spreier desse bøkene. Fleire norske bibliotek har dei også, og då må dei vel vere bra nok?: Les mer ««Tiger på slagmarken» – og i biblioteket?»

Falske fakta for vidarekomne

Det er torsdag og Vassnes-dag i Klassekampen. Altså artiklar i den norske vitskapsjournalistikken sin elitedivisjon (det er rett nok ikkje mange deltakarar i denne sporten). Og dag låner Vassnes det aller meste frå éin mann, nemleg filosofen Gunnar Skirbekk.

Skirbekk skreiv i fjor ei bok om dei kunnskapsmessige utfordringane i den moderne tida, blant anna om ulike formar for falske nyheiter og tilsvarande «fakta», men den vanskelegaste typen er «de usannhetene som kommer forkledd som seriøs kunnskap, gjerne fra forskere eller til og med komiteer, og ofte i beste mening. Som Skirbekk skriver: «Det disse sier kan ofte være empirisk i orden og korrekt [ …] den epistemiske utfordringen ligger i den disiplinbaserte trangsyntheten i hans eller hennes begrepsmessige perspektiv.»»

«Om man bommer her, blir litt upresis, kan det få fatale følger for formidlingen. Faren er ekstra stor når folk tror at de som uttaler seg, er autoriteter, som når «FN» (ofte ett eller annet FN-utvalg, eller kanskje kun en talsperson) eller en «regjeringsoppnevnt ekspertkomité» hevder ditt eller datt. Det er ofte nettopp slike anonyme … Les mer «Falske fakta for vidarekomne»

Fritt for feite fontar

Biblioteka skal også formidle nyheiter, derfor har dei aviser og maskiner med nettilgang. Men særleg nettaviser får større og større overskrifter, og klikkoptimeringa slår om seg.

Då kan nyheitsnettstaden Filter – filternyheter.no – vere noko å prøve. Har de til dømes fått spørsmål frå folk med tydeleg virusangst? Filternyheter har ein balansert artikkel med tittelen «Coronaviruset: Derfor trenger du ikke miste nattesøvnen».

Og dei skriv om saker dei færraste bruker spalteplass på, som til dømes … Les mer «Fritt for feite fontar»

På barometertoppen

Her på bloggen har vi fleire gonger åtvara mot å juble for høgt for biblioteka sine årvisse topplasseringar på innbyggarunder- søkingane til Difi. For gratis tenester som heller ikkje krev noko av deg, er det umuleg å ikkje skåre høgt på slike målingar. Men i NOKUT sine Studiebarometer, som måler «opplevd studiekvalitet på studieprogrammer som tilbys av norske høyere utdanningsinstitusjoner», blir det litt annleis. Her konkurrerer UH-biblioteka med meir likeverdige tilbod og tenester.

Rapporten for 2019 er alt klar (!). I oppsummeringa om reaksjonane når det gjeld læringsmiljø heiter det: Les mer «På barometertoppen»

Innkjøpsordningar utan orden

«Innkjøpsordningen er vanskelig å forutsi». Ifølge forlagssjef Myriam H. Bjerkli på BOK365 onsdag. Samtidig som ho foreslår å gjere vurderinga av påmeldte bøker anonym. Dei skriv mykje om nulling for tida, både der og i Klassekampen blant anna.

Men til ei anna side ved innkjøpsordninga: Eg høyrde her om dagen at særleg sakprosabøkene tar så j… lang tid fram til biblioteka. Rekorden hos dei eg snakka med er ni – 9 – månader. Nokon høgare? 😦 Bruk kommentarfeltet.

Kunnskapsbiblioteket blir jo ein vits mange stader, der dei ikkje har råd til å kjøpe inn mens dei venter. Og dei som kjøper inn sit brått med for mange eksemplar. Dette har sikkert nokon prøvd å gjere noko med, men …

No ser vi tydeleg innkjøpsordningane sine sovepute-eigenskapar. Dei lokale mediebudsjetta er gradvis over mange år justert ned som resultat av innkjøpsordningane. Dette må vi rekne på og diskutere meir.

Intelligent reklame?

Det er fredag og rom for lettare stoff, så kvifor ikkje denne miksen av ein reportasje i Aftenposten frå utflyttingsfesten på gamle Deichman og ein annonse for utlån …

Den seriøse baktanken er å kunne minne om korleis Facebook, Google og dei andre sosmed-sværingane gjennom dei hemmelege algoritmane sine rett nok kan gje oss ein del nyttige tips, men minst like ofte, som her, føre oss på avvegar.

Men den fullstendig uslåeleg uheldige trippelkollisjonen mellom redaksjonelt innhald og reklame skreiv Bjørn Bjørnsen om i boka «Våre nye folkeeventyr» i 1993, med undertittelen «Medieindustrien mot år 2000».

Ei bok som fekk underteikna til å oppsøke forfattaren i Drøbak med blokk og blyant og dermed debutere som journalist for Bok og bibliotek. Lesbar bok. Bør sjå på henne igjen (sorry, those are for Norwegian IPs only).

Eit PS til med-fossil frå 90-talet: Sjå dette som Bjørnsen snakkar om frå eit seminar i Mo i Rana. Han er positiv til «ideen om ein framtidig felles tekstdatabase ved nasjonalbiblioteket». Rett nok ikkje for skjermlesing (WWW dukka opp året etter), men for nytrykk av bøker. Eg hugsar ikkje seminaret lenger. Anyone? Bruk kommentarfeltet.

NETTHAT i Moss! Djupdykk i eit «debattbibliotek»

På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.

Er biletet av folkebiblioteket verkeleg i ferd med å frigjere seg frå det tradisjonelle «lånebiblioteket»? Men kva skal til for å kunne halde fram? Vi fekk ein prat rundt dette med representantar for både biblioteket og initiativtakarane til dette møtet.

Den fulle tittelen på møtet var «Netthets: Hva er dette fenomenet? Er kvinner og jenter mer utsatt enn menn? Hva kan vi gjøre for å forebygge?». Dette var berre første møte av fire om kvinnerelaterte spørsmål, og initiativtakar er Moss Arbeiderpartis kvinnenettverk.

Debatt er eitt av dei mest potente stikkorda for det moderne biblioteket når vi skriv 2020, men å finne folk som er for netthat er ikkje lett, så det blei to innleiarar som utfylte kvarandre; Les mer «NETTHAT i Moss! Djupdykk i eit «debattbibliotek»»

Super-falske-nyheiter-generatoren er laus! Og så?

477px-Frankenstein's_monster_(Boris_Karloff)
Frå filmen The Bride of Frankenstein. Kjelde: Wikipedia.

Vi skreiv i går om Googles nye søkemotor for Open Data. Sjølvsagt skal vi dele forsking «i vilden sky»! Eller?

På forskning.no i går skreiv samtidig Ingrid Torp frå De nasjonale forskningsetiske komiteene om forskningsetikken rundt sånt som vi peikar på i overskrifta: «Bør forskere holde tilbake kunnskap? En del forskning kan misbrukes. Noen forskere velger derfor å holde resultater tilbake».

>> Og dette er det ein diskusjon om på Cinemateket i Oslo i kveld, med filmvising (Wim Wenders: Til verdens ende), om du ikkje har anna å gjere i hovudstaden.

Attende til generatoren i overskrifta: Dette er såpass innfløkt – og viktig – at vi berre siterer Torp vidare: Les mer «Super-falske-nyheiter-generatoren er laus! Og så?»