Tom Cruise – i ein bibliotekblogg?!

Godt spørsmål. Men med utgangspunkt i det parisiske OL-avslutningsstuntet i går med Mr. Mission Impossible i «fritt fall» over Stade de France, ser eg grunn til å minne om at det norske Nasjonalbiblioteket alt under den høgtidelege opninga av dei renoverte og utvida lokala i Oslo i 2005, lot Torkjell Leira danse opp og ned flate veggen i atriet der, med kongen og heile IFLA-notabiliteten og WLIC-deltakarane som tilskodarar. Regi Kjersti Alveberg.

Bibliotekararbeid i n-te potens

Spion Gunvor Galtung Haavik. Leiv Kreyberg, Riksarkivet (utsnitt). CC BY-SA 4.0

Høyr og les om landets største spion gjennom tidene, Gunvor Galtung Haavik, ikkje berre på Ekko i Nrk P2 no på morran (gå til 10.27 ff), men også i ein podcast i tre bolkar, Spion i skjørt, og i ei omfattande og arkivmateriale-metta rullefortelling: Den ulykkelige spionen. Alt med Nrk-researcher og no journalist Ingeborg Rygh Hjorthen i heilt sentrale roller. Ho er intervjua om blant anna arkiv-granskinga i Ekko-episoden. Også kjend som tidlegare leiar og mangeårig styremedlem i Norsk Bibliotekforening.

I 2011 intervjua eg Ingeborg og dei andre researcharane på NRK i Bibliotekforum nr.5.

Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL

Kva har 30-årsjubileet i dag med bibliotek å gjere? Sjølvsagt mykje, for det å arrangere eit OL var også eit stort kunnskapsløft. På linje med dokumentasjonen av det, som er grunnlaget for mimringa gjennom tre tiår (eit søk på på emnet i Oria.no gir treff på 102 boktitlar, men denne meiner eg må vere den viktigaste).

Men berre nokre få av oss, med ein god del fartstid, hugsar at då Lillehammer i 1988 fekk seg tildelt OL-et, dukka det opp ei «nyheit» om at kommunen skulle få 60 millionar til opprusting av folkebiblioteket til eit «kultur- og kompetansesenter». Lokalavisa Lillehammer Tilskuer siterte 23. september eit brev frå «Bibliotekvesenet» til kommunen, signert direktør «M. Grøde». Klikk på oppslaget (ikkje ope på nb.no):

60 millionar var visstnok «berre» 3 % av heile OL-budsjettet, men ufatteleg mykje pengar i biblioteksamanheng, for i 1988 var dei samla driftbudsjetta …

Les mer «Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL»

Turen til biblioteket …

… kan vere krevjande for ein fotgjengar ein vinter som denne. Og med eit kommunalt brøyteregime som prioriterer bilen, bilen og så bilen. Dette fotoet viser hovudvegen til Moss bibliotek 16. januar. Då hadde snøen alt lege halvmetertjukk sidan romjula. Nokon som kjenner seg att?

Men finst det ikkje alternative vegar? Jo, men det er ned den brattaste bakken i byen, og der varmekablane i fortauet har det med å ikkje bli kopla til før det er for seint.

Dette er også vegen til bymuseet. Og kinoen. For ikkje å seie House of Foundation.

Mens du baskar deg fram kan du i alle fall nynne på denne.

PS: 1. februar er det like ille i denne gata. Og hålke i tillegg.

Nedlagd

Full nedstenging

Tenesta Medienorge blir nedlagd, takk vere Kulturdepartementet og regjeringa si fjerning av 2,4 millionar i driftsmiddel. Og trass i forsøk det siste året frå Stiftelsen Tinius, Fritt Ord og Amedia, med fleire, på å halde det gåande. Konklusjonen er: «vi avslutter derfor vår dokumentasjon av medieutviklingen i Norge».

Noko som blant anna då blir vekk, er den fagleg breie nyheitstenesta og lista over nye faglege publikasjonar frå inn- og utland. Tenesta har også ein bolk om bøker, der nokre bibliotekdata inngår.

I tillegg heiter det: «Nettsidene våre blir tilgjengelige ut januar – deretter stenges de ned». Sjølv om det ikkje vil bli oppdatering med ny kunnskap, er det gode grunnar til ikkje å slette sidene. Mediekunnskap er nemleg også mediehistorie (sjå til dømes den historiske oversikta over «Sportsrettigheter«!). Og mange lenker dit på andre nettstader vil døy. Med tanke på ein backup på nb.no, er røynslene med å stole på Nasjonalbiblioteket så som så, jamfør den tapte kampen om å ta vare på forumet biblioteknorge.

Bibliotekbloggåret 2023

Utsikta frå kjøkkenglaset 28.12.2023

Dette er dei ti mest nedlasta på bloggen i året som gjekk. Bak den suverene «vinnaren» skjuler det seg ei mengd korte bloggpostar du kan lese utan å opne heile posten:

  1. Home page  6582
  2. Ifla’s Frustrating Elections 2023 576
  3. Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet 563
  4. Book Purges as a Weapon of War 534
  5. Lokaldemokratisk bomtur 465
  6. Deichman nest dårlegast på utlån 390
  7. – Alle vil redde Bokhylla 327
  8. 238 ferske boksider om Nasjonalbiblioteket, men … 293
  9. Alvorleg NRK-krenking av bibliotekarstanden? 287
  10. Halvering av Bokhylla.no vil IKKJE svekke .. 255

Nr. 2 og 4 viser at bloggen har fått godt fotfeste internasjonalt. Noko denne oversikta stadfestar:

  • Norway 16,686
  • United States 2,089
  • Sweden 755
  • Finland 618
  • Netherlands 589
  • France 275
  • Austria 207
  • Germany 207
  • United Kingdom 166
  • China 115

Ikkje så verst, etter at vi – forsøkte – å trappe ned i april. Godt nytt år, trass alt!

Julereprise

Her litt litterær juletrepynt som illustrasjon og julehelsing (bloggarferien har nemleg starta). Lånt fra heimesida til Ringe bibliotek på Fyn, DK. Det er berre ein tilfeldig namnebror av bloggaren som figurer midt på kula; teksten heiter «Peters jul» og er «indbegrebet af dansk hyggelig jul» (reprise frå 2016 og 2018).

Apropos dansk, så skal bloggaren i kveld koke to kg raudkål. På dansk vis, for servering med heilstekt and. Til eit lag på solsnudagen. Og apropos bloggar, så kan det også bety ein som ser til at blodet blir tømt frå fisk eller anna nyleg avdødt kreatur. Med tanke på matlaging. Til jul osv osv.

Wenche Blomberg er ute av – alle – sogene

Wenche Blomberg under lanseringa på Tronsmo i 2007 av Litteraturlisteguiden Vade mecum, éin av 15 titlar av ymse sjangrar frå handa hennar.

Wenche Blomberg gikk bort 26. oktober etter ei tids sjukdom, 80 år gammal.  Det svenske ordet «mångsysslare» er den beste karakteristikken av henne. Men alt ho dreiv med var seriøst og ofte kritisk vinkla. Bibliotekarverksemd var berre éin av dei to utdanningane og svært mange fag- og interessefelta hennar.

Bibliotekar, uteksaminert i 1976, var ho vel berre ein periode på Stovner filial i Oslo. Men der ho markerte seg – igjen – som forsvarar av dei svakaste. Nokre ungdomar var på grunn av bråk kasta ut av kjøpesenteret. Så «rømte» dei opp i biblioteket, på messaninen i andre etasje. Men då vektarane ville inn etter dei, blei dei stoppa av Wenche. Dette blei ei sak med leiinga på Deichman. Wenche fekk ikkje sparken, men valde sjølv å seie opp nokre månader seinare. Den tillitsvalde den gongen, som no stadfestar denne historia, fekk derimot ei skriftleg åtvaring for å ha støtta Wenche.

Wenche blei så kultursjef i Sel i Gudbrandsdalen, og med dette geografiske utgangspunktet «gründer» av «fjellbiblioteket», først på ei DNT-hytte i Rondane, så i store delar av den Sør-Norske fjellheimen.

Dei siste åra var det mest Skogfinneforeninga og den sigerrike kampen for museet på Svullrya som opptok henne.

Det er ikkje mange som har fått statsstipend, men Wenche fekk det, som éin av fire i 2008. Fri Fagbevegelse hadde eit intervju med henne den gongen, som gir eit inntrykk av dei mangfaldige innsatsane hennar.

«Bokfolket» fyller 70!

Frå François Truffauts film frå 1966. Klikk og kikk

I dag, 19. oktober 2023. er det 70 år sidan Ray Bradburys dystopiske sci-fi-roman “Fahrenheit 451” kom ut i New York. Ho handlar om eit framtidsregime der makthavarane blant anna krev at alle bøker skal brennast. Men bokvenar og intellektuelle på flukt forsøker å bøte på tapet ved å memorere viktige bøker, ei bok kvar. Kvar av medlemmane av dette “bokfolket” “blir” si eiga bok.

På bloggen “Se også” i 2012 viste eg til Bergen offentlige bibliotek som gjennom kunstnaren Mette Edvardsen hadde tilbod om «levande bøker», personar som gjenfortalde bøker for tilhøyrarar, ikkje opplesing av tekst, men bøkene slik dei hugsa dei. Edvardsen var inspirert av Bradbury og boka hans. 

Og vidare: I 2010, i protest mot Berlusconi sine store kutt i finansieringa av høgare utdanning, blei demonstrasjonsformen Book Bloc starta i Roma og spreidde seg til mange byar i fleire verdsdelar. Kanskje også inspirert av Bradbury? 

Og: Ved New York Public Library er dette den 7. mest utlånte boka gjennom tidene (2020).

Til slutt eit passande Bradbury-sitat på denne bloggen: 

“Libraries raised me. I don’t believe in colleges and universities. I believe in libraries because most students don’t have any money. When I graduated from high school, it was during the Depression and we had no money. I couldn’t go to college, so I went to the library three days a week for 10 years”.

Og heilt til slutt: I 1953 kom det også ut ei «brannsikker» utgåve av boka, i alle fall innbunden i asbest, i 200 nummererte og signerte eksemplar. Når ho er til sals går ho gjerne for frå 13 til 17 tusen amerikanske dalar…

Ikkje lær av svenskane

Her på bloggen skriv vi no berre om verkeleg livsviktige spørsmål, og då handlar det, som elles i den norske medieverda for tida, om «svenske tilstandar». Bibliotektidsskriftet bis skriv i dag om kampen mot at bibliotektilsette skal tyste til styremaktene når dei får med papirlause brukarar å gjere. Den gjeldande regjeringa, der dei såkalla Sverigedemokraterna har fått solid innpass, held no på å fullføre prosessen rundt den nye angiverilagen, og der er det framleis heit usikkert om det kan bli unntak for visse typar institusjonar.

Bis spør to aktivistar:

– Vad kan det innebära för biblioteken om detta blir lag?

– Madde: Att människor inte vågar komma till biblioteket. Och alla undersökningar visar att det finns ett jättehögt förtroende för biblioteken. Det förtroendet riskerar ju att raseras.

– Richard: Biblioteket är en av de allra sista öppna platserna i samhället och med det här lagförslaget kommer det ju att försvinna, då är det inte öppet för alla människor.

– Madde: Biblioteken är också för många ett av de första stegen till integration. Blir detta verklighet riskerar vi att inte alls komma i kontakt med de som kanske mest skulle behöva biblioteket till exempel för att få information.

Oppvakte lesarar …

… vil ha sett at URL-en til bloggen ikkje er heilt så elegant som før. Bakgrunnen er at vi har trappa ned aktiviteten nokre hakk, og vi vel samtidig å trappe ned den årlege betalinga for bloggprogrammet. 350 USD er i overkant for ein pensjonert frilansar. Men både interne og eksterne lenker til «gamle» blogginnlegg fungerer framleis. Bruk gjerne «Kategoriskya» nede til høgre som bibliotekpolitisk oppslagsverk.

Til Paris i sommar?

I sommarvarmen (sorry, nordnorskingar) kjem ein over slikt som denne presentasjonen og videoen frå det franske nasjonalbiblioteket om verdas truleg første trykte bok med «lause» typar. Rundt rekna 78 år før Gutenberg, utvikla og utført i Korea, heilt utan kontakt med han Johannes i Mainz. Klikk ikonet på videoen for engelsk undertekst.

Og berre for tredje gongen sidan boka fann vegen til Paris for drygt hundre og tjue-tretti år sidan, kan vi sjå boka fysisk, på utstillinga Imprimer ! L’Europe de Gutenberg. Siste dagen du kan vere med på dette er 16. juli. Men ikkje på måndagar. Det skjer på Mitterand-biblioteket på Venstre bredd.

Eg kunne denne veka ha skrive om …

Men berre nesten

biblioteket der du aldri får kome inn, om biblioteket der dei tilsette ikkje vågar å rapportere om valdsverk, om publiseringsrabatt for forskarar frå 107 land, om «tips og triks for å lage politisk debatt i bibliotek» og om Trettebergstuen sin leslyststrategi, men kunne då replisert med «Dropp leselystbegrepet» i tidsskriftet Bibliotekaren. Og eg kunne ha blogga om «det midlertidige biblioteket på Mortensrud» og om «Biblioteken som tankesmedjor», eit prosjekt i ti svenske kommunar. Til dømes.

Men i staden vil eg, etter å ha tenkt meg lenge om, redusere sterkt denne typen aktivitet. Det blir slutt på den dag- og nærmast nattlege kampen for å formidle breaking news og å seie ja, takk til tips frå folk om å skrive om stort og smått. Eg har alt sagt opp dusinvis nyheitsbrev om bibliotekrelaterte spørsmål, teknologi, opphavsrett osv, og tilsvarande slutta å følgje mange på twitter og RSS. Eg seier opp abonnementet på Atekst, der eg har funne mykje interessant å formidle vidare. Og nokre abonnement. Og heller rusle bort til Rygge bibliotek kvar laurdag for å lese Morgenbladet og Aftenposten (no i den privatøkonomiske krisa er det endå viktigare med aviser i bibliotek! Og marknadsfør dei godt).

Eg vil no avgrense bloggarbeidet til ein handfull viktige bokomtalar eg alt har avtale med forlag om. Og kanskje skrive om heilt eksistensielle biblioteksaker som måtte dukke opp. Omtrent slik som min finske med-bloggar Mikael Böök gjer med blant anna IFLA-skandalen og om bibliotekaren og krigen. Elles vil eg bruke tid på mindre flyktige og meir langsiktige prosjekt. Lokalhistorie og målsak og kanskje om bibliotek. Kanskje bidra litt meir på bibliotekdelen av Lokalhistoriewiki. Og eg vil lese meir akkurat det eg ønskjer, til dømes mellomkrigsromanar, ofte om igjen, gå meir på kino og sjå på tv-seriar, men mest matprogram.

PS: Det blei faktisk 2428 bloggpostar frå 2006 til i dag.