
Eg har til no berre lese éi bok i Mick Herron sin thrillerserie om «Slough House» og har berre sett éin episode av tv-serien basert på bøkene, men det er meir enn nok til å slå fast at Herron sine londonske spionar rutinemessig granskar låneregister frå lokale bibliotek for til dømes å sjekke om folk har lånt handbøker i terror eller i kvitvasking av svindla millionar.
I forakt for dei bibliotek-etiske reglane, punkt 9, som kanskje ikkje er så godt kjende, men som kven som helst burde klart å utleie frå den vanlege teieplikta i det offentlege. Herron burde også klart å tenkje seg at biblioteka sine datasystem sjølvsagt automatisk slettar koplinga mellom lånaren og den utlånte boka når ho er registrert innlevert
Mykje må vere lovleg å gjere i diktinga, men krim- og spionlitteraturen er noko av det mest realistiske vi har. Så her kan vi få inntrykk av at slik tilgang til data er vanleg, OG få signal om at det kan vere risikabelt for deg å bruke biblioteket.
Her på bloggen har vi tidlegare påvist endå fem døme på dette bibliotek-uetiske forfattartrikset, nemleg hos ingen ringare enn, i alfabetisk rekkefølgje, Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-tal. Pluss at etterforskarane i filmen «Seven» tar denne snarvegen
Takk til Linda. God sommar!













Her heime har vel bibliotekmiljøet heilt gitt opp å få KS med som pådrivar i kampen om e-bøker og eventuelt anna viktig på bibliotekfeltet. Dette samtidig som at staten aktivt seier frå seg ansvar og viser til kommunane, som no sist rundt