Biblioteket og den NESTE krisa

Skjermbilde 2020-03-28 15.32.03
Ein realitet i UK. Snart også i Noreg?

Biblioteka gjer seg populære på fleire felt i desse dagar, med ekstra satsing på digitale tilbod av dels ny type og freske tiltak til og med når det gjeld p-bøker. Men korleis blir det muleg å kome på offensiven for folkebiblioteket når den første, for ikkje å seie andre pandemibølga, er slutt om, får vi håpe, nokre månader?

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Vi ser og høyrer ikkje mykje om den komande økonomiske krisa på tv og i hovudstraumspressa, men i media som Kommunal Rapport og i vekeavisene Dag og Tid og Morgenbladet og i Klassekampen kvar dag, handlar det mykje om at både den nasjonale og lokale økonomiske krisa etter Koronaen blir den eigentlege krisa. Og denne vil råke dei yngre generasjonane endå hardare enn dei eldre. Vi sistnemnde kan trass alt ikkje uroe oss for nokon arbeidsplass og sjeldan for himmelhøge bustadlån. Vi skal berre få vente endå lenger på sjukeheimsplass.

>> Dette blogginnlegget blei publisert 28. mars. Først 14. april registrerte eg at NRK P2 hadde innslag om Koronaen og følgjene for samfunnsøkonomien. 

Også i normale tider har Helse, Omsorg og Skole vore klart høgst prioritert av ulike regjeringar og parti, ikkje berre av Carl I. Hagen. Og kva no, når både skatteinngangen og dei kommunale inntektene (som alle brukarbetalingane og kollektivinntektene) vil bli sterkt reduserte, og sosialstøtta må aukast sterkt? Regjeringa har brukt oljepengar til å bøte på dei kortsiktige problema i næringslivet og for delar av samfunnet, men kva med dei langsiktige økonomiske problema? Ikkje er det politisk vilje til å bruke resten av oljefondet til drift av kommunar, og ikkje vil det monne nok på sikt heller.

Her på bloggen har vi vore på reportasjetur og skrive mykje om krisa for britiske folkebibliotek gjennom heile det siste tiåret. Og hevda at også norske bibliotek vil havne der, etter ein omgang eller to med tommeskruen på kommuneøkonomien. No er vi der snart, godt og vel.

Vi innleia med å kritisere riksmedia for å gå rundt desse utfordringane. Men i går var NRK.no ute med: «Etterlyser kommunepakke: – Inntektene fell med milliardar no»: Regjeringa seier at «Det er ikke et akutt likviditetsbehov i kommunesektoren nå», men finansbyråden i Oslo, Einar Wilhelmsen (MDG) «meiner det er for seint å få reelle avklaringar rundt dette i revidert budsjett i mai». Og førre dagen hadde same nettstad ein kronikk der Thomas Hylland Eriksen letta litt på lokket: «Når støvet har lagt seg».

Det var nok apokalypse for i dag. Frametter vil denne bloggen forsøke å starte debattar om kva vi kan gjere for å forsvare bibliotektilbodet og demokratiet. Til no har koplinga mellom desse to institusjonane mest handla om sjølvfølgjer, slagord og festtalar og dårleg fundert hylling av «debattbiblioteket» og av «møteplassen». Men etter Koronaen må forsvarskampen for biblioteket og for demokratiet bli heilt konkret og henge nært saman.

Vad är nästa steg för biblioteken och biblioteksaktivismen?

Dette er spørsmål svenske bibliotekarar må stille seg i 2020 og framover, for: «Bibliotekens verksamhet är reellt hotad. Ett stort antal kommuner skär ner på folkbibliotekens verksamhet och förslagen om privatisering blir fler. Samtidigt ser vi hur högerpolitiska krafter avsätter tjänstepersoner, sätter bibliotekslagen på undantag och vill censurera bibliotekens programverksamhet.»

Og i BiS – Bibliotek i Samhälle – arrangerer dei eit ope møte – faktisk ein salong – om dette i Lund i Skåne 28. mars. Kva med å fylle ein bil frå ein stad på Austlandet, eller reise saman på tog eller buss? Bloggaren vurderer i alle fall å ta turen. Hugs, Sverige er eit granneland vi har mykje til felles med, ikkje minst opp- og nedturar på bibliotekfeltet.

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

Skjermbilde 2020-01-14 12.29.07Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö. Det kan lesast i nummer 4, 2019 på papir og på pdf. Og i ein litt lengre versjon her:

Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar

I Sverige har ytre høgre starta ein målretta kamp mot bibliotekpolitikken. Utviklinga krev meir sjølvmedvitne bibliotekarar, meiner den profilerte bibliotek- og informasjonsvitskapsprofessoren Joacim Hansson.

Tekst og foto: Anders Ericson, frilansjournalist og bibliotekbloggar

Om du høyrer til den litt aparte rasen som tingar siteringar i Google Scholar, kjem svenske Joacim Hansson på sitat-toppen blant bibliotekforskarane, med nær nitti hittil i år. Så har han då vore svært produktiv i sine tjue år som bibliotek-doktor, med 12-13 bøker og rapportar på tre språk i Libris, den svenske nasjonalbibliografien. Pluss ei mengd artiklar. Og mykje handlar om bibliotekarrolla, -identiteten og -etikken. 

Bibliotekaren drog til Linnéuniversitetet i Växjö for å høyre meir om dette temaet, som litt uforskyldt har kome i aktuelt fokus i Sverige, også fordi ytre høgre har starta ein målretta kamp mot kultur- og bibliotekpolitikken.  Les mer «Samfunnsklimaet krev sjølvmedvitne bibliotekarar» →

Folkebibliotek i dobbel skvis

Skjermbilde 2019-12-17 13.00.25.pngI motsetning til her i landet har svenske folkebibliotek fått ein bibliotekmilliard frå staten, i alle fall trekvart. Og mens norske statstilskott for det meste er prosjektstøtte, kan dei svenske gå til drift.

Men samtidig har vi det siste året sett korleis dei svenske biblioteka blir pressa sterkt frå to kantar, både økonomisk og kulturpolitisk. Til dømes skreiv vi i sommar om korleis det nyliberalistiske fleirtalet i Stockholm kuttar drastisk i kultur- og særleg i bibliotektilbodet. I tillegg er hovudbiblioteket deira snart hundre år gammalt og upraktisk, mens planar som har vore om nybygg er lagde på is. I haust har i tillegg eit liknade fleirtal i Göteborg foreslått å leggje ned seks filialar (no på morgonen kan vi lese at dette blei utsett etter møte i bystyret i går). Slike kutt handlar jo om å kome dei som klagar på det himmelhøge skattetrykket til møtes.

Så har vi dei nye «kulturideologane» i det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD), partiet med røter i nazismen, men som no har blitt landets største på meiningsmålingane. I Aftenposten torsdag 12. desember var det ei større sak frå Sölvesborg, landkommunen i Skåne der SD har makta, og som dei har gjort til laboratorium for sitt eige nye «folkhem». Det er her biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si blant anna fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk.

I Aftenposten peiker professor Jonas Hinnfors ved Göteborgs universitet på … Les mer «Folkebibliotek i dobbel skvis» →

Når biblioteket er «ikkje-essensielt»

defend the 10 london
Denne bibliotekaksjonen var før eit lokalval i Lambeth i London

Det britiske forlagshuset Penguin publiserer også nyheiter og feature-artiklar på heimesida si. Nyleg intervjua dei Labour sin statsministerkandidat Jeremy Corbyn i samband med valet 12. desember, likevel ikkje om Brexit, men om framtida til folkebiblioteka i landet.

Corbyn er ihuga bok-elskar, får vi vite, og han er klår på at biblioteket ikkje lenger skal definerast som ei «ikkje-essensiell» teneste, slik det har vore under toryane i snart ti år. Han ser på dette som eit klassespørsmål: «Dei har stengt hundrevis av bibliotek fordi dei ikkje ser eller vil sjå livlina som dei gratis biblioteka representerer for alle, uavhengig av privatøkonomi».

Labour har lova ei pakke på 1 milliard pund til eit løft innan kunst og kultur, men dei har enno ikkje spesifisert kor mykje som faktisk vil gå til å redde biblioteka. Dei konservative kutta i velferden har gått ut over mange felt. Intervjuaren listar opp fleire «sexy» felt som biblioteket må konkurrere med om Labour vinn valet: «Sjukehussenger, ventetider, pensjonsrettferd for kvinner, patruljerande politifolk, klimaendringar og jamvel søppelhenting.»

Bibliotek-kutta har fått ein viss merksemd dei siste åra, og det er sjeldan såpass mykje blir sagt om bibliotek før eit parlamentsval. Også Boris Johnson og dei konservative … Les mer «Når biblioteket er «ikkje-essensielt»» →

Ryggsekklån med prioriterte mål

Ryggsekk, men for liten til aksjonistisk lån av 50 bibliotekbøker, som er maks-talet for heimlån i Sthlm.

I førre veke hadde vi ein on the spot reportasje om bibliotekkampane i Stockholm. Denne prosessen viser seg å ha fleire fasar. No midt i juli er ein låneaksjon i gang ved avdelinga Internationella biblioteket (IB), og denne får i dag god dekking i riksavisa Dagens Nyheter.

DN på Nett har betalingsmur, men med vener i bibliotekvesenet er slikt problemfritt. Vi les i oppslaget blant anna at bøker som ikkje har vore utlånte på fem år skal prioriterast i kasseringa som trengst når IB skal flytte til nokre mykje mindre lokale. Så svarer aksjonistane med å oppmode folk til å låne med seg akkurat desse bøkene.

Vi siterer vidare DN om IB-alvoret: Les mer «Ryggsekklån med prioriterte mål» →

Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka

Skjermbilde 2019-07-04 22.37.58Her på bloggen har vi gitt stor plass til bibliotekkrisa i Storbritannia og til nedturen i Danmark. Men så lenge det veks opp fantastiske nybygg som i Århus og Helsingfors og i Bodø og snart i Oslo, så kan det vel ikkje vere så gale, tenkjer mange? Og den godt over hundre år gamle og internasjonalt nærmast mytiske Scandinavian Public Library Model må vel stå trygt?

Men så kjem det skremmande signal frå Stockholm. Store kutt og endå større til året. Og med ein kulturråd som skandaliserte seg sjølv i manges auge med forslag om konkurranseutsetjing av biblioteket, noko han rett nok blei pressa av sine eigne til å dementere.

Då tar vi ein tur til Stockholm, rett og slett. Det er jo også ljuva mittsommarn på gang og betre vêrmeldingar enn heime.

Vi treffer Alice Thorburn på Stockholms stadsbibliotek på Sveavägen, … Les mer «Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka» →

Bibliotekkriser – teikn på at samfunnsverdiar er svekte

Skjermbilde 2019-06-30 12.48.43
Innsamlingar må til for alt anna enn helse. Her frå biblioteket i Manchester

På den britiske nettstaden Politics.co.uk tar ein sabla god kronikk 25. juni utgangspunkt i at biblioteka har tapt i budsjettkampane. Men vinnarane etter snart ti år med reindyrka marknadsliberalt høgrestyre er ikkje som Carl I. Hagen alltid messa her heime: Eldre, helse og skole. Nei, helse har soleklår prioritet i dei politiske kampane i dronningriket: «Politicians have learned that it’s the service that matters most in public discourse.» Nedlagde bussruter på bygdene, hol i vegbanen og at lærarar må betale skolemateriell privat, er blitt heilt uinteressant.

Eit anna prov på dette … Les mer «Bibliotekkriser – teikn på at samfunnsverdiar er svekte» →

Når eg blir bibliotekminister …

Her eit tvittra hjartesukk frå bibliotekaktivist Alan Wylie i London (Cllrs = Councillors = kommunestyremedlemmar).

Bibliotek – ikkje for å tene pengar

Også i det svenske LO-tidsskriftet Arbetet er nedskjæringane på biblioteket i Stockholm eit tema. Her blir Hans Zetterberg, ein konservativ tidlegare sjefredaktør i Svenska Dagbladet, sitert:

«I Sverige har vi trott att det mest onödiga, politik och ekonomi, är det enda nödvändiga. Konst, naturvetenskap, litteratur, religion, moral, allt detta har ansetts oviktigt.»

Zetterberg såg och kritiserade hur svensk höger försökte använda marknadens logik på allting, trots att den egentligen bara passar i näringslivet. Överallt annars gör vi ju i allmänhet saker av helt andra skäl än för att tjäna pengar.»

Sthlm: – De kämpar för att rädda biblioteken

Skjermbilde 2018-09-29 23.40.09
Frå Stadsbiblioteket på Sveavägen

Siste >> Ifølgje avisa Proletären var det 1000 demonstrantar på demonstrasjonen mot kutt i bibliotekbudsjettet: «De som redan har allt går inte på bibliotek.»

ETC har fanga opp demonstrasjon i Stockholm i dag mot store kutt og 34 færre stillingar: – Alla aktiviteter blir lidande, bokcirklar, språkcafeér, babysång, digital extrahjälp. Internationella biblioteket blir i princip nedlagt när lokalen sägs upp och det ska trängas ihop i Kungsholmens lilla bibliotek.

Det nye blå fleirtalet i Stockholm viser seg å ikkje vere kulturkonservativt, for å seie det mildt. 45 millioner skal sparast inn, truleg for å kutte i skattar og avgifter, noko dei rike tener mest på. Bibloteket er blant dei største taparane.

New York: Enorm støtte frå grasrota, men kan det redde bibliotekbudsjettet?

Ei meiningsmåling syner at biblioteka i metropolen har praktisk talt full støtte frå innbyggjarane på fleire felt. 93% meiner biblioteket er ein «cornerstone of all New York City communities» og 84% at budsjetta bør aukast. Men trugsmåla er mange; nedslitne lokale, auka kostnader og auka etterspurnad. Kan likevel biblioteka bli prioritert i budsjettforhanlingane for 2020?