
Næringsverksemder av alle slag får statsstøtte for å overleve, eller også leve over evne. Kulturinstitusjonar og kulturarbeidarar som har tapt billettinntekter o.l. får også støtte. Men biblioteka tar ikkje brukarbetaling, så det meste dei har fått til no er noko til e-formidling og 20 millionar til e-bøker (men dette kompenserte berre for omlag éin månads normalt utlån). Andre støttetiltak fekk også eit bibliotek-stempel, som utvida tilgang til pliktavlevert materiale og opninga av Idunn.no osv, men dette hadde i beste fall berre med Nasjonalbiblioteket å gjere og kom først og fremst forsking og organisert utdanning til gode.
Men no er det på tide å diskutere krav til den omstillinga og nytenkinga som trengst i folkebiblioteka etter den første korona-bølgja og frametter.
Skal biblioteka unngå å bli reduserte til stader for bokutlån på 1990-nivå og unngå endå fleire domenetap til den kommersielle verda (musikk og film har vi jo alt tapt), må dei få høve til ei offensiv omstilling, og der staten må bidra mykje sterkare enn til no med både pengar og planlegging. Den berre eitt år gamle nasjonale bibliotekstrategien må nyskrivast. Andre prioriteringar må gjerast.
Sentrale aktørar i bibliotekmiljøet er sjølvsagt i full gang med drøfting av sånt, pluss finsliping av lobbyist-verktøya, men det skadar verkeleg ikkje om grasrota bidrar. Derfor nokre innspel nedanfor:
Les mer «Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!»

Kommunal rapport siterer i dag 

I Kommunal Rapport i går var den «store» nyheita at «Et stort flertall av kommunene tror koronakrisen gjør det nødvendig å kutte i budsjettet når det skal revideres før sommeren … 


Bloggaren hadde i går, 5. mai, eit debattinnlegg i Klassekampen under tittelen
Det er ingen sensasjon at norske folkebibliotek er dårlegast i Norden. Men i denne ferske rapporten 
Bloggaren, eller meir presist frilansjournalisten, har i dag ei sak i Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» nummer 1/2020, og i nettutgåva: