God og dårleg offentleg pengebruk

deichman hammersborg magasin
Verkeleg irrgang i magasina på Deichman på Hammersborg

Kronikken i Klassekampen i går var av Chr. Anton Smedshaug, økolog og dagleg leiar av AgriAnalyse, «en faglig premissleverandør og et kompetent utredningsmiljø i spørsmål knyttet til landbruk og politikk». Her er temaet at det kunne gått endå mykje betre med norsk økonomi om omstillinga frå olja var annleis. For «omstillinga» (ja, han bruker hermeteikn) « … synes drevet av kraftforsyning, veier, anlegg og flyttinger/ombygginger av fungerende strukturer.» Der han blant anna spør seg kvifor Deichman skal flytte: «I praksis er man i ferd med å gjøre Oslo nord for Karl Johan til distrikt, til kostnader i timilliardersklassen.»

No kan det hende han ikkje vore på biblioteket på Hammersborg dei siste åra og sett kor umuleg det er å drive moderne bibliotek i dei lokala. Men han gjer det godt igjen når han kjem inn på mulegheitene vi har med oljeformuen: Les mer «God og dårleg offentleg pengebruk»

Deichmanframtida «ikke skrevet i stein»

Skjermbilde 2019-08-30 23.12.34
Skrift i stein. (Wikimedia Commons)

Som vi tidlegare i sommar har vore inne på, har spørsmålet om utleige av inntil 40 prosent av arealet på Nye Deichman blitt ei heit potet i Oslo-valkampen. Bibliotekarforbundet i samarbeid med Fagforbundet Kultur arrangerte torsdag eit ope møte der dei fleste politiske partia dukka opp. Særleg det sitjande raud-grøne byrådet fekk kraftig motbør for planane, blant anna av tidlegare biblioteksjef Liv Sæteren (også flittig sitert her på bloggen). Ifølgje nettstaden til Bibliotekarforbundet «lovet et samlet panel at ingenting var skrevet i stein» (mens ein poet frå same austkant meinte skrift i sand heller ikkje var nokon god idé).

Det viser seg også at bemanninga av det nye hovudbiblioteket er eit problem. Dei skal klare seg med 33 årsverk, som no. Då er det kanskje like greitt at det same dag var det nye hovudbiblioteket i Helsingfors som vann prisen «Verdas beste folkebibliotek» under bibliotekarane sin verdskongress i Athen. For med svenske Kistad som vinnar i 2015 og danske Århus i 2017, er jo ikkje ein norsk vinnar muleg før … tja … ikkje før ein maskin med kunstig intelligens skriv ein prisvinnarroman, noko vi nyleg las at først vil skje i 2049.

Yess! Bibliotekkrangel!

Skjermbilde 2019-08-06 12.19.26I dagens Dagsavisen (ikkje på nett) går Rina Mariann Hansen, AP sin kulturbyråd, sterkt ut mot Venstres Hallstein Bjercke, som i same avis 1. august annonserte at dei vil foreslå 100 % bibliotek i nybygget til Nye Deichman i Bjørvika i Oslo. Noko vi skreiv om på bloggen. I tillegg lova han «fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua». Men vi gjekk gjennom partiprogramma og fastslo at AP og fleire parti lova varierande grad av styrking av biblioteknettverket i hovudstaden og enkelte nye filialar eller lokalbibliotek, som det no ser ut til (greit nok) å heite i Oslo.

Vi minner om at vi i blogginnlegget også såg på kor mykje meir bibliotek innbyggjarane i Helsingfors har til rådvelde, både i form av nytt, dobbelt så stort hovudbibliotek og dobbelt så mange filialar som i Oslo.

I DA kranglar dei to Oslo-politikarane også om kven som er mest truverdig utifrå tidlegare merittar (også Bjercke var i fleire år kulturbyråd). I denne samanhengen noterer vi ein av dei «beste» eufemismane for valflesk vi nokon gong har sett: Bjerke seier at då han styrte er det «mulig at det teoretisk lå et kutt i lokalbibliotekene langt inne i økonomiplanen». Vi gratulerer!

Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman

Skjermbilde 2019-08-03 19.44.38
40 % ikkje-bibliotek? Foto frå juni 2019

I Oslo er valkampen i gang, og biblioteket kan faktisk bli ei sak. I Dagsavisen i går las vi at partiet Venstre, om dei kjem i byråd til hausten, vil gå imot at kommunen leiger ut 40 prosent av arealet til private firma. Hallstein Bjercke, Venstre sin tidlegare kulturbyråd, meiner posisjonen sitt forslag til innsparing blir småpengar:

«– Når vi bygger et nytt hovedbibliotek til 2,5 milliarder er det en investering i kultur- og kunnskapsbyen Oslo. Når man leier ut deler av bygget for å tjene 13 millioner i året er det et dårlig regnestykke for kommunen, og det er i praksis å kaste vekk det kulturpolitiske formålet med bygget.»

I valprogrammet sitt vil Venstre «Gjøre nye Deichman hovedbibliotek til et av verdens beste bibliotek», men også «Etablere fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua.»

Heile bygget er på 13 900 kvadratmeter. Når 40 % går vekk til utleige står det att 8 340. Til samanlikning er det nye HB i Helsingfors 16 000 (sjå meir nedanfor) og det nye biblioteket i Århus, Dokk1, som Nye Deichman ofte blir samanlikna med, på 17 500. Så utan dei 40 prosenta blir Nye Deichman berre halvparten så stort.

Dagsavisen har enno ikkje intervjua andre parti om dette, men her på bloggen har vi kikka på alle partiprogramma: Les mer «Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman»

Deichman på gata igjen – etter 112 år

Skjermbilde 2019-05-20 15.00.14Kulturbyen Oslo kan vi i dag lese om Camp Deichman – Deichman sitt nye, sommarlege utandørsbibliotek i Oslo «som består av en container, fire biblioteksykler, en iskrembod-sykkel fra Sandwich Brothers, og en sceneplatting.»

Den offisielle opninga skjer tysdag 21. mai på Stortorvet kl. 16.00. Ein time seinare kjem folkrock-bandet Tusmørke på scena, med «magisk musikk som tar oss gjennom lokale myter og historier og, ikke minst, inn på biblioteket.»

Utandørsbiblioteket må vi kunne sjå i samanheng med eit saftig bibliotekstunt frå byrjinga av det førre hundreåret. Blant anna Nils Johan Ringdal i Deichmanhistoria «By. bok, borger» skriv om korleis … Les mer «Deichman på gata igjen – etter 112 år»

Lydbøker med lekkasjar

fullsizeoutput_114fVi skreiv nyleg om Deichman sitt nye tilbod om engelskspråklege elektroniske lydbøker. På mobilen møter lånarane tenesta i form av appen Libby. Alt blir administrert av det US-amerikanske firmaet OverDrive Inc. via nettstaden deira, men visuelt tilpassa oslofolket: https://deichman.overdrive.com. I Stavanger har biblioteket hatt dette sidan 2010, og som tidlegare journalist i Norsk Bibliotekforening fulgte vi denne utviklinga gjennom fleire oppslag. Mange svenske bibliotek har vore kundar i fleire år, og der skal no også svenske e-bøker og e-lydbøker kome med denne appen.

Men i førre veke las vi på den etablerte media- og teknologinettstaden CNET.com om tekniske og menneskelege veikskapar som kan ramme lånarar ved bibliotek som på denne måten set bort strøymetenester fullt og heilt til private firma, ofte på den andre sida av kloden. Igjen er det personvernet det handlar om. CNET bruker OverDrive som eit døme, men det kan gjelde fleire. Vi omset delar av artikkelen: Les mer «Lydbøker med lekkasjar»

«… kunnskap og opplevelser de ikke visste at de lette etter»

Vi les anbodet på audiovisuelle løysingar til Nye Deichman i Teknisk Ukeblad, i ordelag vi ikkje akkurat er vane med:

«Konseptene vil omfatte lyd- og bildeløsninger, lysløsninger, samhandlingsløsninger, informasjonssystemer og multimedialøsninger. Mye av det som foregår på skjermene vil ifølge direktøren være interaktivt, og er ment å skape stemninger og en helhetlig opplevelse.»

Surprise! Det ER samanheng mellom mediebudsjett og utlån

«An Absence Of Conflicting Views Is Harmful To Social Processes And Leads To A More Superficial Democracy». Klikk og sjå fleire av Magnus Bjerk sine foto frå Deichman.

Folkebiblioteket i hovudstaden er alt ute med bibliotekstatistikken for i fjor, og i Dagsavisen i dag (26.2.) kan vi lese om auke både i besøket og utlånet: «I 2018 økte nemlig utlånet med 5,7 prosent. Av årsrapporten går det frem at tallet har vært nedadgående hvert år siden 2014. Resten av landet har også hatt den samme trenden.»

Og biblioteksjef Knut Skansen gjer det klårt at dette ikkje skjer tilfeldig: Les mer «Surprise! Det ER samanheng mellom mediebudsjett og utlån»

Nasjonalbiblioteket i Bjørvika?

deichman okt17
Kva for eit bibliotekunivers, anno oktober 2017?

Dagsavisen fredag handler det om arkeologiske utgravingar i hovudstaden. Vi kan mellom anna lese at «Området øst for Oslo S har de siste årene vært kjent for helt andre ting enn hva navnet «Middelalderbyen» skulle tilsi. Nasjonalbibliotek, Barcode, Lambda – og Follobanen.»

Kulturetaten i Oslo og Deichman-leiinga har altså ein jobb å gjere i marknadsføringa av det nye kommunale hovudbiblioteket som vel skal stå ferdig om eit års tid.

Eller: Har arkeologane i Bjørvika her avdekka eit parallelt bibliotekunivers?! Les mer «Nasjonalbiblioteket i Bjørvika?»

Likhet for lånereglementet

Neue Ruhr Zeitung melder fra Düsseldorf at en professor ved en derværende høyskole saksøkes for alvorlig forsinka innlevering av femti bøker. 2250 Euro i bot lyder aktors påstand. Beløpet er satt så høyt for å skremme andre til å respektere lånereglementet. Hvis professoren blir dømt, vil dommen få presedens i liknende saker ved UH-er i hele Tyskland.

Det er vel ikke fritt for at lesere av denne bloggen som jobber i liknende bibliotek, er kjent med denne professorale problemstillinga.

Når dét er sagt: Les mer «Likhet for lånereglementet»

Oppløftende fra Oslo Høyre

I et leserinnlegg i Klassekampen 4. august skriver Høyrepolitikerne Anne Christine Kroeplien og Geir Kvarme at «Det bør etableres bibliotek i øst, sør, nord og vest i Oslo. Det nye hovedbiblioteket i Bjørvika bør utelukkende brukes til bibliotekets aktiviteter.»

Dette må for det første forstås som at de mener det er for få filialer. Noe det er vanskelig å være uenig i. I Oslo går det 37.000 mennesker på ett bibliotek, mens i for eksempel Helsinki er tallet 16.000. Og Høyre går altså imot det rød-grønne byrådets vedtak om at 40 prosent av arealet til det nye hovedbiblioteket skal leies ut for å spare penger. Dette bygger kanskje på oppdagelsen i fjor om at utleie kan bli et tapsprosjekt?

Dette med Linked Data

Vi leser at den svenske samkatalogen Libris har tatt i bruk Linked data, som den første i verden. Og det forlyder at Deichmanske bibliotek i Oslo jobber med det samme. Dette er ting vi ikke fullt ut begriper ennå, men det sies at linked data vil gi tilgang til alle typer ressurser i et (eller altså flere) bibliotek i ett og samme katalogsøk. Derfor spør vi: Deichman var pionerer på Filmbib, som nå fins ved veldig mange bibliotek. Men når får vi treff i katalogen på for eksempel den framifrå filmen «Møte med Halldis», om og med Halldis Moren Vesaas?

Deichmanske kokebokbibliotek med flere

Atlas Obscura er en slags reiseguide med fokus på pussig- og sjeldenheter. Som bibliotek med gamle og sjeldne kokebøker, jamfør en artikkel her om dagen. Sammen med ærverdige kongress- og nasjonalbibliotek osv. osv. figurerer faktisk Deichmanske bibliotek her med en «1716 copy of the Complete Kitchen and Cellar Dictionary, written by the prolific German writer Paul Jacob Marperger.»

Et bibliotek som burde vært nevnt er svensk, nemlig Nordens største kokebokbibliotek i «Måltidens hus» i Grythyttan i Sverige. Der vi gjorde en av våre siste reportasjer for NBFs nå nedlagte tidsskrift Bibliotekforum (nr. 5, 2014).

Og når vi først er i reisemodus, kan vi anbefale dette om man skal på biltur i Midt-Sverige i sommer. Det blir bare en 40 minutters avstikker fra Karlskoga på E18. Man bør nok forhåndsbestille en guidet tur.

Dagens tweet

Privatiseringsforkjemper og FrP-er Peter N. Myhre er i vinden på Twitter etter overraskende (for ham) å ha uttrykt misnøye med all reklamen på TV Norge under OL-sendingene. Vi orker ikke gå i detalj om dette, men blant de mange syrlige kommentarene finner vi dette minneverdige intervjuet med ham i Aftenposten i 1988:

De veit hva de gjør …

carnegie demo… både politikerne i bydelen Lambeth i London og bibliotekbrukerne og -vennene. Utafor et av de fem nedleggingstrua bibliotekavdelingene (av i dag totalt ti) har demonstrantene en plakat med nedtelling fram til lokalvalget.

Hva med en «omvendt» variant av denne i f.eks. Oslo, storbyen i Norden med den klart dårligste filialtettheten, jamfør Sunniva Evjen på nettstedet Vårt Oslo her om dagen: Store plakater, lasershow (!) eller liknende på steder og bygninger der det burde vært bibliotek!