For første gong i dag, 14. august 2019 klokka 11.04, fekk vi midt i fanget ein av følgjene av EU sitt opphavsrettsdirektiv, som vi skreiv så mykje om for eit år sidan. I botnen av trefflista etter eit Googlesøk på namnet til ein norsk sopp-ekspert, under arbeidet vårt med ein lokalhistorisk tekst (jau, han har lokalisert ein sopp til ei tjønn i nærleiken vår, og det skal vere den einaste førekomsten i verda! Men vi vil ha kontakt og høyre meir!).
Men altså i botnen av trefflista denne meldinga: «Noen søkeresultater kan ha blitt fjernet i henhold til europeiske lover om databeskyttelse. Finn ut mer»
PS: Ikkje slik melding på Duckduckgo.








Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss:
No har det skjedd, ikkje overraskande: Nokre av dei viktige avisene har reforhandla og Atekst har måtta innføre 48 timar forseinking. Som ein ser, er treffa i til dømes Aftenposten, Bergens Tidende og Dag og Tid blitt «bleike» og uopnelege.