Ikkje berre sjeleleg, men også kroppsleg er biblioteka blitt viktige denne hausten. Særleg på dei britiske øyene har energiprisane kombinert med haust- og vinterkulda auka behovet for varmestover for folk, og biblioteka har mange stader peika seg ut til dette. Så frå å ha vore eit dilemma for den seriøse kultur- og kunnskapsinstitusjonen har dette blitt «eit bein å stå på», om ikkje redninga, for mange nedleggings- og nedskjeringstruga bibliotek.
Også rikspressa der borte har skrive om dette, no sist The Guardian i sjølve leiarartikkelen søndag: «The cost of living crisis has cast new light on their role as places not only to read and learn, but to keep warm. They cannot be allowed to dwindle».
Det var behov for dette også før i tida, men praksisen varierte nok. Ifølgje det bibliotekhistoriske verket «The Library», som vi omtalte i august, spurde seg presidenten for ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga, i 1894 om dei som kom til biblioteket for å lese aviser nokon gong las noko anna: «Are they not, for the most part, a vagrant and mal-odourous class, whose presence in the reading room repels many who would receive more benefit from it?».
Heilt enkelt var det heller ikkje for seksti år sidan i Oslo; også då var kroppslukt eit tema. Bok og bibliotek nr. 4, 1962 siterer sjefsbibliotekar Henrik Hjartøy i Deichmans årsberetning 1961:
Les mer «Biblioteket og kroppsvarmen»










Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.
På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.