Norsk rikspresse og kringkasting bryr seg sjeldan om noko viktig når det gjeld bibliotek; ikkje om e-bok- og lydboktilgangen som er nær null, ikkje om den svært varierande standarden rundt i kommunane, ikkje om den øyremerka koronastøtta som ikkje kjem og som alt i år vil gjere det urimeleg tungt å kome tilbake til før-pandemisk nivå.
Men svære oppslag blir det, og då går avishusa gåsegang, når bibliotek til dømes følgjer bibliotekprinsippet om sjølv å avgjere kva dei vil stille til rådvelde, og når dei tillet seg ikkje å boikotte ei feiring av viktige barne- og ungdomsbøker fordi forfattaren privat har sagt noko som nokre seier dei kjenner seg veldig krenka av.
Sidan vi ikkje har tilgang til det aller meste av Aftenposten og ikkje orkar å leite meir etter FB-gruppene der debattane skal ha gått, avgrensar vi oss til vere heilt einige med BF-leiar Veronicha Angell Bergli i eit Aftenposten-innlegg (som gjekk klar av betalingsmuren):
Les mer «Kva blir biblioteksaker?»



Fleire 


Bloggaren har på ny gjort eit intervju for tidsskriftet Bibliotekaren, med bibliotekprofessor Joacim Hansson ved 

