
Om du skulle vere i nærleiken av Berlin 2. februar kan du bli oppdatert på ikkje noko mindre enn «Building Archives for Evidence and Collective Resistance» i Haus der Kulturen der Welt.
Og på heimvegen kan du stikke innom Malmö 12. februar og på universitetet der lære det viktigaste om moblisering av «Afro-Brazilian and Native-Brazilian women to engage with and develop technology against social inequalities and racism».
Takk til Genosse Magnus og kamrat Sylvia. Det er fint å ha vener med litt andre horisontar. Sjølv om vi desse vekene er bundne til dei heimlege snøfonnene. Men andre kan jo dra. Og skrive om det. Velkomne.




Når no først bloggaren er på Voss stasjon, på veg heim med Bergensbanen, kan han unne seg å minnast at han på perrongen her, for første og einaste gong, 24. oktober 1987, i ovmot, veksla nokre ord med diktaren Olav H. Hauge. Og skrøyt av eit av dikta hans. Truleg var det 
No har det skjedd, ikkje overraskande: Nokre av dei viktige avisene har reforhandla og Atekst har måtta innføre 48 timar forseinking. Som ein ser, er treffa i til dømes Aftenposten, Bergens Tidende og Dag og Tid blitt «bleike» og uopnelege.
>> I botnen av artikkelen samlar vi i ettertid tal for bruk, økonomi osv. som gjeld bokhylla.no og som vi får tips om eller kjem over.
Vi er ikkje mange som bloggar om bibliotekpolitikk for tida, men her vil vi pushe ein verkeleg veteran: Karl Kalseth i Kunnskapsgartnerne. Han driv ikkje berre med arkiv, fagbibliotek og «fremtidsrettet informasjons- og dokumentforvaltning», men nyleg også med folkebiblioteket og det vi her på bloggen har kalla