
Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.
Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.
Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:
Les mer «Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong»
I biblioteket i Mill Valley, California, har dei starta eit omfattande program med foredrag, debattar, boktips, podcastar, blogg osv. osv. med fokus på klimakrisa: 

«Folkebiblioteket blir noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene». Dette sa 