Biletet av biblioteket

Skjermbilde 2020-05-07 00.01.16
Nasjonalbiblioteket i Madrid. Foto: Hugo Contreras (CC BY-SA 3.0)

Då vi i går skreiv om noko så moderne som eit flunka nytt bibliotek i dataspelet Mindcraft, reagerte vi på at dei valde å framstille det som eit 1800-tals nyrenessanse-slott. Men slik skulle store bibliotek vere på den tida. Også mindre bibliotek fekk gjerne dette preget, berre i mindre målestokk. Men kva får oppegåande intellektuelle til å gjere slike val på 2000-talet?

Vi såg oss rundt og fann raskt svaret: Det er slik «bibliotek» generelt blir oppfatta av dei som forvaltar kunnskapen. Vi såg til dømes på: Les mer «Biletet av biblioteket»

Kor går biblioteksongsjangeren?

Skjermbilde 2020-03-22 23.24.55
Biblioteksongdiktar Tore Berger syng i eit bibliotek

Det er helg og ein må inniblant slappe av oppi alt Korona-alvoret. Med biblioteksongar. Lesarane av denne bloggen kjenner til mange songar, dikta av bibliotekfolk med lyriske talen … ambisjonar. Dei aller fleste svært bibliotekpolitisk korrekte. Men faktisk har også seriøse artistar prøvd seg i sjangeren. Her kjem tre av dei; to norske og ein svensk.

Lenge gjekk «Du må ha ei bok for å finne gleden» for å vere landets beste biblioteksong, men denne er også ganske prydeleg og trad. Finn Evensen (Bjelleklang) gjorde låta, men Trond Granlund gjorde henne kjent under opninga av Lørenskog bibliotek sine nye, flotte lokale i 2011. De finn teksten på side 9 i Bibliotekforum nr. 5 frå 2011.

Men så tipsar medbloggar og bibliotekaktivist Mikael Böök meg i dag om ein skikkeleg lang og god bibliotekballade!: «Upplands Väsby bibliotek 1887 – 2015». Ex-proggrockar Tore Berger er ansvarleg for tekst, melodi og framføring. Her får vi ein spydig versjon av heile livshistoria til eit konkret bibliotek i ein forstad til Stockholm! Utgangspunktet for songen er at biblioteket har visse problem, blant anna med kombinasjonsbibliotek og at lokala er på andre høgda, i alle fall var dei det i 2015. Og det ser ut til at dei i dag berre delvis har kome ned på gateplan.

Blant alt som skjer gjennom dei 17 versa, er det enkelte ting som er spesielt interssante for oss her i landet, som til dømes … Les mer «Kor går biblioteksongsjangeren?»

HQ digital julegåve til Bibliotek-Noreg

Bokselskap.no og Nasjonalbiblioteket lanserer i dag i Open Access det viktige manuset som tidlegare riksbibliotekar Gerhard Munthe (1919 – 1997) jobba med på slutten av livet: «Historisk oversyn over norsk bibliotekhistorie.»  Johan Henden ved NB har skrive eit godt forord.

Dette er noko meir enn dei digitaliserte bøkene på Bokhylla.no, for her kan du laste ned «hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.»

Ein smakebit om finansiering av bibliotek i 1827 i kapittel 15, «Almueboksamlinger og sognebiblioteker i bygdene»:

«I Rana fortalte sognepresten Iver Ancher Heltzen (1785–1848) at han der hadde hatt et godt håp om å få bygget opp et sognebibliotek i 1827. Da var nemlig et skipsmannskap blitt ilagt en bot på 18 Spd., og dette beløp hadde man nå bestemt skulle bli brukt til innkjøp av de første bøker til et planlagt sognebibliotek.»

Fest på Hammersborg med overraskande deltaking

Skjermbilde 2019-11-26 12.56.09
Kva blir vitamintilbodet i Bjørvika? NB: Bloggen har ikkje opna for annonsar

Deichman har all grunn til å feire seg sjølv fredag 29. november med «den siste litterære festen på Deichman Hovedbiblioteket». Ikkje minst også fordi dei har fått med seg Jan Erik Vold og Tove Nilsen, to forfattarar og Oslo-patriotar som våren og sommaren 1992 brukte ganske mange riksavisspaltemeter til saman for å stoppe planane om eit nytt hovudbibliotek!

Apropos nytt-hovudbibliotek-debatten i 1992: I Bok og bibliotek nr. 3 det året opna redaktør Jan Olav Gatland dei ganske statlegbyråkratiske spaltane (slik det var den gongen) for den til då mest fargerike dekninga av ein bibliotekkontrovers i dette tidsskriftet. Med dåverande …
Les mer «Fest på Hammersborg med overraskande deltaking»

Frå Illuminati til tørrfesk

Skjermbilde 2019-11-10 21.31.09
Sikringsbibliotek. Her frå Chetham-biblioteket i Manchester

Detaljane frå Dan Brown sin røvarroman «Engler og demoner» har gått i gløymeboka (sic!), men det var vel noko med eit besøk i Vatikanet sitt ekstremt hemmelege bibliotek som gjorde det muleg å redde Verda frå ein større eller mindre undergang.

Men vi hugser godt korleis Morgenbladets sjølvutnemnde «kvasi-forsker» Espen Grønlie hadde fått tilgang til biblioteket, «det som ikke bare for konspirasjonsteoretikere, men også for enkelte av oss mer moderate paranoikere, er det mest fascinerende stedet i verden». Og han skriv at «P.A. Munch, [var] i 1859 … en av de første ikke-katolikkene som fikk tilgang».

Då blir det ikkje fullt så oppsiktsvekkjande som NRK vil ha det til at ein italiensk fotograf og forfattar har fått sleppe inn («Du må være forsker, ambassadør eller en annen «viktig» person»). Men det ho var ute etter, og fekk sjå, var … Les mer «Frå Illuminati til tørrfesk»

Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt

ekkonrkI Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet Google – selskapet som ble et verb, og vi fekk høyre om oppstarten frå 1998 og utover og enda opp med Google Books, det himmelstormande prosjektet frå 2002, der dei ville samle og digitalisere all kunnskap i verda. Og tilby han fritt, gratis, til alle.

Men dette var, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i programmet, biblioteket sin idé. Hugs berre biblioteket i Aleksandria, om enn ikkje digitalt den gongen. Og han samanliknar Google Books med Bokhylla.no, som Nasjonalbiblioteket driv i dag. Til skilnad frå det monopol-søkjande, kommersielle Google skulle det i Noreg skje etter reglane for det norske litterære systemet; forfattarane skulle få betalt og det skulle skje under kontroll av biblioteka.

Men ein viktig del av det litterære systemet vårt er også at bibliotekutlån er gratis, noko også Bokhylla.no er. Men det kunne gått annleis: Les mer «Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt»

NBs digitalisering på Stortinget

BAF-forum-1992-2-210x300
Ikkje digitalisert pr. 30.8.2019

Bibliotek var i førre veke ei sak i Dagsnytt18 og er i dag ei sak på Stortinget, men i begge høve berre indirekte. I Dagsnytt18 var biblioteket eit sidespor (men viktig nok) i saka om Kulturrådet sitt kutt i tidsskriftstøtta, og no på Stortinget er Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana nemnt fordi dei berre kan ta imot nokre få av dei arbeidsledige etter at NRKs lisenskontor blir stengt på nyåret. Utan at dét er NB sin feil.

Men 70 nye stillingar til digitalisering får altså NB. Vi håpar det skal få fart i digitaliseringa av tidsskrift, ikkje minst bibliotektidsskrift som per 30. august 2019, med eit par unntak, har store hol i Bokhylla.no.

I denne lista med eit utval bibliotektidsskrift kan du følgje med på framdrifta ved å klikke tidsskriftnamnet (Merk: Eit par opne spørsmål til NB nedanfor): Les mer «NBs digitalisering på Stortinget»

Å møte seg sjølv i bibliotekdøra

Skjermbilde 2019-03-20 17.58.37
Ikkje heilt relevant, men den beste dør-scena i filmsoga. Klikk og kikk

Salige Andrew Carnegie gjekk ut av soga for hundre år og fem dagar sidan. Innan då fekk han finansiert og bygd 1689 folkebibliotek i USA og 820 rundt i det dåverande britiske imperiet. Men denne søkkrikingen var ein menneskeven med store atterhald og var blant anna sterk motstandar av fagorganisering.

Slik er det framleis mange stader i USA, men Things they are a’changing, mate! For her om dagen vedtok bibliotekarane i Carnegie sin heimby, Pittsburgh, å organisere seg!

Live Slang er død

11. mars var det slutt for bibliotekaren, journalisten, forlagsredaktøren og pådrivaren Live Slang, etter kort tids sjukdom. Etter fleire års samarbeid i ulike samanhengar kan vi seie at ho var eit av få menneske vi har hatt berre positive erfaringar med. Men ikkje fordi ho var av den «runde» typen, Live var klok og handlekraftig.

I biblioteksamanheng var den viktigaste innsatsen hennar redaktørjobben i Bok og bibliotek i nesten seks år, frå nummer 6, 1986, til nummer 2, 1992, med permisjon det året ho redigerte den viktige bokserien «Århundrets bibliotek». Bok og bibliotek hadde fram til då vore statleg «korrekt», typisk for den tida, med Statens bibliotektilsyn (SB) som utgjevar, direktøren som ansvarleg redaktør og konsulentar i SB som utøvande. Men Live var det som starta rørsla i retning av redaksjonell oppfrisking, ubunde redigering og tilslutting til Redaktørplakaten.

Denne redaktørgjerninga er ikkje nemnt i nekrologen i Klassekampen i dag. Der kan vi i staden lese at ho jobba i «Bibliotekforeningen», noko som må vere feil. I Norsk Bibliotekforening står likevel ein stol ledig etter henne i utvalet deira for litteraturpolitikk.

I desse Gisketider

NRK.no etter budsjettlanseringa i 2007. Klikk og kik.

For ti-femten år sidan var det raudgrøne tider i regjeringskvartalet, også på kulturfeltet med eit motig, sjølverklært kulturløft. Og med Trond Giske som sjølve kulturløftministeren dei første fire åra. Men underteikna, då i eigenskap av nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, hugser korleis han heile tida avviste NBF-leiar Anne Hustad sitt krav om eit meir presist og ambisiøst bibliotekløft. I budsjettlansering etter budsjettlansering parerte han det med lovnad om ei storveges bibliotekmelding. Noko også Knut Olav Åmås kommenterte i den minnerike kronikken Blålys for biblioteket. Men bibliotekmeldinga skulle ikkje stoppe den markante bibliotek-nedturen, trass i kulturløftet, ifølgje Anne Enger-utvalet i 2013.

Men dette skal skal også seiast om Trond Giske og biblioteksaka: Les mer «I desse Gisketider»

Bibliotekhistorisk, takk og pris


Fredag i førre veke tok vi toget til Bergen og fanga inn dette frå vindauget like før Hønefoss. I denne låven på Ask gard (ofte kalla gods; jf det pompøse slottet til venstre), oppbevarte Universitetsbiblioteket i Oslo, i eigenskap av nasjonalbibliotek, over 5000 hyllemeter med bøker. Ordninga varte frå ca. 1969 til magasina til det nye Nasjonalbiblioteket var ferdige i Mo i Rana tidleg på 90-talet. Låven er 6 mil frå Oslo. I 1986 var det slike magasin også på Les mer «Bibliotekhistorisk, takk og pris»

Til London før jul?

Skjermbilde 2018-12-10 22.22.50
OBS: På museet er The Old Reading Room nå bygd inn under glasstak. Men dessverre stengt for publikum. 

Om mange, i alle fall i Sør-Norge, drar til København for å koble av eller på i julestria, er det vel like mange som prøver på det samme i London. Og i begge byene er det nuomstunder bibliotekrelevante kulturopplevelser man kan få med seg. I Køben, som nevnt, en storveies bibliotekdokumentar på Cinemateket, og på British Museum i London ei femstjerners utstilling der et bibliotek står helt sentralt; nemlig det til Ashurbanipal (685 – 627 f.Kr.), omtalt som verdens første bibliotekeier med målsettinga å samle all verdens visdom under ett tak. Og som praktiserte kat og klass i stor stil.

Bibliotekaren var likevel mest kjent som imperiebygger og konge av Assyria, og av Verden, etter eget utsagn.

Som om The Donald skulle hatt bibliotekar-ambisjoner!

Toppen av ironi må være at sistnevnte, på linje med alle US-presidenter før ham, vil få bygd et minne-bibliotek etter seg. Med målsettinga å samle all verdens falske fakta under ett tak, da?