– Katastrofe! (om innkjøpsordninga for sakprosa)

Klassekampen i dag. Foto: Anne Kari Hinna

Det er Grethe Fatima Syéd, tidlegare medlem av vurderingsutvalet for ordninga, som seier dette i Klassekampen i dag. Etter ein debatt i avisa førre veke, der det blant anna har blitt foreslått ei automatisk innkjøpsordning for sakprosa, av ingen ringare enn Jørgen Lorentzen, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).

Les heile saka, dette kan bli viktig: Éi side ved innkjøpsordningene er at dei er lunkne bibliotek-alibi for skiftande kulturministrar. Den kommande månaden kan ei automatisk ordning brått bli til billeg valflesk.

PS: Ei sakprosabok som ikkje vil bli påmeldt ordninga, men som blir den einaste av sitt slag i noregshistoria! er Klassekamp i bystyret, med undertittelen «Ungdomsskolelærer Pedersen og cellulosearbeider Grønna sine beretninger om den lokalpolitiske vekkelsen som hjemsøkte en middels stor industriby på Østlandet» (Spleisen opnar snart).

«Nå er det jul igjen» – glimt frå innkjøpsordningas parlamentariske pubertet

Ifølgje eit kjent bibliotekjungelordtak skal også falske nyheiter og tabbar formidlast korrekt og, om muleg, opplysande. Derfor:

Det aktuelle dømet mitt blei utløyst av at Amanda Gorman las dikt under presidentinnsettinga til Biden i januar 2021 *1. Dette blei ei hovudsak på kultursidene i Klassekampen 25.1.: Bør diktlesing bli fast praksis på det norske Stortinget? Blant anna lyrikaren Henning Bergsvåg blei intervjua: «I den grad poesien har vært i Stortinget, har det vært til spott og spe, som da Arild Nyquists dikt ble lest med tullestemme i 1972, for å vise det uforklarlige og nytteløse ved poesien».

Særleg i høve til statsbudsjettet, meinte nokre på Løvebakken. Den nye innkjøpsordninga sikra auka inntekter til forfattarane og ny skjønnlitteratur til biblioteka, men til ein årleg kostnad på fire skattemillionar (1971). Då hadde olja i Nordsjøen berre så vidt pipla fram, og Oljefondet drygde i endå tjue år.

Men til opplesinga: Det finst faktisk ikkje spor etter at noko som helst dikt av Arild Nyquist har blitt lese opp frå Stortingets talarstol. Men diktet «Nå er det jul igjen», frå samlinga med same namn, blei referert til, og forfattaren blei grundig harselert med, særleg inspirert av VG og bokmeldar Bjørg Jønsson, som hadde fillerista han på førstesida: «Vekk med skrotet!».

Likevel fann eg at i nyare tid hadde minst tre andre røynde litteraturfolk påstått at julediktopplesinga fann stad: Jan Inge Reilstad i Morgenbladet 23.12.2005, Karin Haugen i Klassekampen 17.10.2009 og Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid 28.05.2010. Og på ei Facebookgruppe med 39 tusen (!) følgjarar, «Poesiringen» (17.12.2019). Nærmare folkeeige kjem vi vel ikkje på skjønnlitteraturfeltet?

Men i 2021 skjedde det meir, no på debattsidene i Klassekampen: Først var det litteraturvitar Kristoffer Jul-Larsen som slog fast ikkje-opplesinga av julediktet i eit lesarinnlegg 30.1., og han hadde sikra seg solid støtte: «I «Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010» viser Eirik Vassenden at det ikke finnes spor av noen latterliggjørende Nyquist-lesing i stortingsreferatene. Historien ser ut til å skrive seg fra Einar Øklands etterord til «Nå er det jul igjen! og andre dikt» fra 1972. Der skriver Økland: «Vi kan tenkje oss ein stortingsmann sitere ‘Nå er det jul igjen’ i Stortinget og deretter spørje KUD-ministeren kva som blir gjort for å hindre at slikt gjentar seg»». Altså: «Dessverre er denne gode historien ikke sann». 

Faktiske opplesingar

Likevel var ikkje gravearbeidet fullført enno: I eit lesarinnlegg 13. februar stadfesta også lyrikar Thor Sørheim fråveret av opplesing, men lista samtidig opp …

Les mer ««Nå er det jul igjen» – glimt frå innkjøpsordningas parlamentariske pubertet»

Biblioteket – håpet for den gode litteraturen

Toril Brekke, forfattar og tidlegare leiar av Den norske forfatterforening, tildelte laurdag biblioteket ei uvanleg stor rolle for framtida til den norske litteraturen. Det skjedde på ei heilside Klassekampen, der ho går lengre enn nokon før henne, medrekna bibliotekarane sjølve! Og ho knytter det til den pågåande boklovdebatten. Anten blir ho no fullstendig forbigått av lovutvalet og bransjen, eller ho kan opne for ei svært interessant, ny merksemd om folkebiblioteket.

Stikktittelen hennar er at «Bøker får mindre oppmerksomhet – trenger vi dem fortsatt?». Og noko av bakgrunnen er at Finn Iunker, i november i den same avisa, meinte at «innkjøpsordningene stimulerer forlagene til å gi ut mange bøker», til skilnad frå gode bøker. Men Brekke meiner problemet ikkje ligg der. Ho opplever at kjendisane tar heile salet, same kor gode bøkene er. Takk vere «den gode hjelpa» frå forlaga, bokhandlane og ikkje minst pressa, som prioriterer på same måten.

Toril Brekke kan ikkje vere aleine i forfattar- og forlagsverda om å registrere at biblioteka skil seg meir og meir frå den kommersielle litteraturformidlinga. Ikkje berre får biblioteka høve til å formidle dei mange mindre kjende forfattarskapane gjennom innkjøpsordninga, men dei gjer det faktisk.

Slik avrundar Toril Brekke:

«I høst var jeg et sted og holdt foredrag, der arrangøren hadde bedt meg ta med mange bøker for salg, siden de som pleide å komme, vanligvis var ivrige kjøpere. Men ikke denne gangen. Den ene etter den andre kom bort til meg og sa at nå skulle de løpe på biblioteket og stille seg på venteliste.

Men har dere helt sluttet å kjøpe bøker?

Å ja. Vi gjør ikke det lenger. Vi låner, gjerne av hverandre. Og vi gir bort.

Det snakkes om en ny Boklov, og vi har en kulturminister som virker engasjert i å bedre forholdene. Jeg tror lovmakerne bør bruke mye tid på å analysere tiden og fremtiden. Kanskje er det de offentlige midlene til bibliotekene som bør økes – veldig, så lånetilbudet blir mye større, nå som leserne foretrekker dette. Mange bibliotek trenger påfyll for å ha normal åpningstid; de burde dessuten ha forlenget åpningstid utover ettermiddagen og kvelden, med innlagte støttemidler til langt flere forfatterkvelder».

Innkjøpsordningane – populære og forhatte

Søk på Atekst på «innkjøpsordning*» dei siste 365 dagane gir 346 treff i norsk presse (då avgrensa til «Kultur og underholdning», for dei finst også på andre område). Fangsten denne veka:

Khrono.no 26. nov.: Etter eit ope møte i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening: – Det trengst ei støtteordning, gjerne utviding av innkjøpsordninga for sakprosa, for kunnskapslitteratur. Han avgrensast slik: « … noe annet enn «page turner-sakprosa». Man kan si det er midt mellom den og strengt vitenskapelige tekster. Det er heller ikke lærebøker».

Klassekampen 27. nov.: Forfatter Finn Iunker «Håper på kollaps» for innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur: «… det er feil at innkjøpsordningen stimulerer forlagene til å utgi gode bøker. Innkjøpsordningene stimulerer forlagene til å gi ut mange bøker. … De sier de ikke ville ha satset på ukjente forfattere hvis de ikke hadde fått støtte av staten. Men det er ingenting i veien for at forfatterne kan få økonomisk støtte og samtidig bli utgitt av et lite, nyetablert forlag. Det er en mye bedre løsning enn å overøse biblioteket med bøker de ikke har lyst på».

Ny debatt om nulling?

Dét er slett ikkje sikkert, men forfattar og forleggjar Tore Stubberud si skildring i Klassekampen i dag av korleis det er å få ein av dei mest ambisiøse (vil vi tru) romanane sine nulla, bør bli lesen av alle i bibliotekarmiljøet. Teksten ligg ikkje open, men tilgang til han må det vel framleis vere i kvart bibliotek (sjølv om vi ser at aviser kan vere noko av det første som ryk ved budsjettkutt). Men her i alle fall nokre smakebitar:

«Ubehaget ved å bli nullet i innkjøpsordningen skyldes at nullingen, akkurat som vold, kan være helt triviell. Den bare rammer deg, slik min roman «Berikelsen» er nullet; denne historien kan fungere som en case study. Om de som står bak, vet eller ikke vet hva de gjør, spiller ingen rolle, for de sier ingenting og de har ingenting å lære deg. Det bare skjer, og de er høyt hevet over din mistro. Det er som en unntakstilstand hvor Suverenen snakker, setter loven, og aldri står til rette. … Dette systemet er ikke transparent; det er ikke demokratisk at utvalget kan innhylle seg i taushet. Systemet gjør det også mulig for storforlag å berike seg på statsmidler, samtidig som de eier kjeder som utelukkende jakter på profitt. …

Og:

Etter noen tiår med et Utvidet kulturbegrep hvor trivsel og egenaktivitet er nøkkelord, og hvor kultur, trivsel, amatørskap er likestilt – kan de [forfattarane, vår merkn.] håpe at lista legges lavt. Mange eksempler på glipp. Systemet er jo slik: Det er jo ikke bare de nulla bøkene som havner i miskreditt. Også de innkjøpte får et mistenkelig lys over seg; det er jo det samme utvalget som står bak».

«Holdes unna bibliotekene»?

Viktigare kjendis på bibliotket? A. Strindberg på Gtbrgs stadsbibliotek

Hovudsaka i Klassekampen i går: «Holdes unna bibliotekene». Forklart med at «Stadig flere kjendiser skriver skjønnlitteratur, men bøkene blir ikke meldt opp til innkjøpsordningen».

Og så? Journalisten spør barnebokkritikar Guri Fjeldberg: «Flere av disse bøkene selger jo ganske godt. Er det egentlig så viktig at de havner hos bibliotekene?»

«– Ja, for når de ikke havner der, blir det et demokratisk problem. Det er mange barn som ikke får bøker hjemme, og da er det synd at de ikke får tilgang til disse populære bøkene».

Der kom det altså igjen: Ikkje innkjøpt av Kulturrådet = ikkje å få på biblioteket. Rett nok ei tilføying denne gongen: «Men man kan jo håpe at bibliotekene kjøper inn et par eksemplarer for egne midler».

Venstresidas dagsavis skriv mest om biblioteka blant riksavisene, men dei set heile tida ut liknande påstandar, den eine meir kunnskapslaus og/eller tabloid enn den andre.

Avisa nemner denne gongen fem kjendisar / forfattarar med bøker på marknaden i år. Vi sjekka i Biblioteksøk kor mange bibliotek som har kjøpt inn over eige budsjett:

Les mer ««Holdes unna bibliotekene»?»

Himalaya nådde ikkje opp

>> OPPDATERING 30.10. kl 8.20: Sjå kommentar frå bibliotekarelin nedanfor: Saka vender med dette frå kritikk mot norske bibliotek for ikkje å kjøpe boka til Fatland til kritikk mot NB og Biblioteksøk for å operere med to parallelle postar på boka. Pluss: I den førstnemnde posten heiter det at boka er på «engelsk»?!

Når riksmedia skriv noko redaksjonelt om bibliotek er det ofte om innkjøpsordninga, typisk når Kulturrådet har nulla ein forfattar som er minst B- eller helst A-kjendis. Som VG måndag, der Erika Fatland si nye bok om Himalaya ikkje er blitt innkjøpt. Og då kjem sjølvsagt den ikkje uvanlege formuleringa: «Boken ble ikke innkjøpt av Kulturrådets innkjøpsordning for sakprosa – og blir dermed ikke kjøpt inn til norske bibliotek» (vår utheving). Som om ingen norske bibliotek kjem til å tilby henne.

Men ved dette høvet har dei dessverre langt på veg rett. For fire dagar sidan fann vi på Biblioteksøk at 26 bibliotek hadde boka, og i dag er det berre 6 fleire. Altså ca. kvart tiande bibliotek. Men vi skal følgje med vidare.

VG fekk med seg at den blodferske utgreiinga om alt dette, «Logikker i strid», går inn for at ordninga for sakprosa bør bli «mer lik» dei andre ordningane. Men utvalsleiar Anne Oterholm i K-rådet minnar om at «statsbudsjettforslaget i oktober ikke akkurat kom med noen utvidede budsjettrammer her. Den automatiske ordningen har mange fordeler, men det vil koste».

PS: Dei høgaste toppane i Himalaya er rundt 8500 meter høgare enn toppane som er omtalte i ei anna toppturbok av året som bloggaren er medforfattar til, men denne ligg ikkje så langt etter Himalaya-boka til Fatland, med førekomstar i 27 bibliotek. Denne kjem heller ikkje på Fondet, men er framleis i netthandelen 🙂

Nobel-nulling-nonsens

Louise Glücks norske bibliotek-popularitet per 15. oktober 2020. Klikk «Bibliotek som har denne»

>> 15.10. Kl. 13.34: Ser no at sitatet frå K-rådet gjeld ny norsk skjønnlitteratur. Om det ikkje også gjeld omsett, blir spesulasjonane nedanfor feil. Men i så fall er «lyrikkløftet» endå større!

>> 17.10.: Har no fått stadfesta frå fleire at biblioteka fekk denne boka saman med K-fond-innkjøpte titlar, slik vi hevda nedanfor.

Følgjande er å lese i BOK365 i dag, pluss blant anna i Klassekampen: «Louise Glück ble torsdag forrige uke tildelt Nobelprisen i litteratur for sitt forfatterskap. Men hvis du ønsker å låne hennes eneste norske oversettelse på biblioteket, risikerer du å bli skuffetAverno (Oktober) ble nemlig avslått av Kulturrådet for innkjøp i 2017» (vår utheving).

Men det stemmer IKKJE: Biblioteksøk avslører at …

Les mer «Nobel-nulling-nonsens»

Bokbreidde? Det er biblioteket, det

Bokhandelkjedelig

Morgenbladet denne veka har ei sak med tittelen «Blir vi stadig mer enfoldige i vår lesing? Og er det i så fall et problem?» Det handlar, blant anna, om småforlaga sitt tilhøve til bokhandelen, nærmare bestemt bokhandelkjedene. Og forleggarkonserna som eig dei.

Eirik Bø, dagleg leiar i Pelikanen Forlag, seier dei har «bare en og annen slenger som blir kjøpt inn i noen hundre eksemplarer og fordelt i de alle største butikkene. Det betyr at nesten alle våre bøker ender bortgjemt bakerst i butikkene. Slik kjedebokhandlene drives nå, er det egentlig bare det som ligger i bunker som er synlig».

Og veka før intervjua MB Cecilie Naper, som i ein komande artikkel oppsummerer «at oversatt underholdningslitteratur har vunnet betydelig terreng på bekostning av prisbelønnet og annen skjønnlitteratur i bokhandlene (og på bibliotekene) i takt med at den norske bokbransjen er blitt liberalisert de siste tyve årene. Bokhandlene blir friere, men utvalget deres av bøker krymper».

Så følgjer forsøk frå bransjefolk på å avdramatisere og bortforklare marknadsliberaliseringa med kjøpesentra og med politisk press («Det var ikke nødvendigvis forlagsbransjen … som ønsket en mer kommers bokavtale i 2014»), og «hva folk vil lese, må de selv bestemme». Før vi får halmstrået for breidde-lesinga: Innkjøpsordninga.

Same kva som skjer og ikkje skjer i forlag og bokhandel er biblioteka dødsviktige for variert lesing her i landet, så gjer slikt som i Dokk1 i Ålborg:

Les mer «Bokbreidde? Det er biblioteket, det»

Kulturfonna går?

Fonna som gjekk i Lom her om dagen. Tvitra av biblioteksjef Rita, ein av landets beste litteraturformidlarar

I Klassekampen i dag er overskrifta til hovudsaka på kultur: «Skal bremse bokskred». For intervjuobjekt Anne Oterholm, leiar av fagleg utval for litteratur i Kulturrådet, er Kulturrådets økonomi det store problemet: «Det finnes ingen maksgrense for hvor mange bøker som kjøpes inn årlig, og dermed kan utgiftene bli høye når antallet påmeldte bøker stiger, slik som har vært tilfelle de siste årene. I september i fjor meldte Klassekampen at Kulturrådet «drukner i påmeldinger». Mens det i 2016 var 274 påmeldte bøker, kom det 346 påmeldinger i 2019».

Kulturrådet innfører no fire endringar som dei håper vil hjelpe.

Men fleire får problem. For dei fleste lesarane av denne bloggen er det ikkje noko nytt at auken i nye bøker frå «Fondet» ikkje er heilt problemfri for biblioteka heller. Bibliotekarar eg snakkar med er ofte i tvil om …

Les mer «Kulturfonna går?»

Innkjøpsordningar utan orden

«Innkjøpsordningen er vanskelig å forutsi». Ifølge forlagssjef Myriam H. Bjerkli på BOK365 onsdag. Samtidig som ho foreslår å gjere vurderinga av påmeldte bøker anonym. Dei skriv mykje om nulling for tida, både der og i Klassekampen blant anna.

Men til ei anna side ved innkjøpsordninga: Eg høyrde her om dagen at særleg sakprosabøkene tar så j… lang tid fram til biblioteka. Rekorden hos dei eg snakka med er ni – 9 – månader. Nokon høgare? 😦 Bruk kommentarfeltet.

Kunnskapsbiblioteket blir jo ein vits mange stader, der dei ikkje har råd til å kjøpe inn mens dei venter. Og dei som kjøper inn sit brått med for mange eksemplar. Dette har sikkert nokon prøvd å gjere noko med, men …

No ser vi tydeleg innkjøpsordningane sine sovepute-eigenskapar. Dei lokale mediebudsjetta er gradvis over mange år justert ned som resultat av innkjøpsordningane. Dette må vi rekne på og diskutere meir.

Tvilsam tittel i Klassekampen

Skjermbilde 2019-12-18 10.52.10

>> Debatt i gang. Sjå kommentarfeltet lengst nede.

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har ein tittel som kan få både bibliotekar- og bibliotekbrukarhjarte til å slå eit ekstra slag eller sju: Betaler for hylleplass, får vi vite, og med eit foto frå ein typisk biblioteksituasjon. Vi veit jo korleis forlag kjøper seg plass hos visse bokhandelkjeder, men no også i biblioteka?!

I ingressen får vi vite litt meir, men med ei solid overdriving i starten: «Norske biblioteker fylles opp med bøker som blir avslått av Kultur­rådet. Selv om avslagene svir, sier flere småforlag at det viktigste er å få bøkene spredt».

Det handlar altså om ordninga som gjer at også nulla bøker blir sende til biblioteka, men på forlaget si rekning, ikkje Kulturrådets. Denne er det spesielt «hobbyforlag» som gamblar med, skriv Klassekampen.

Heilt på slutten har dei intervjua fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, som ikkje trur « … det er en særlig god idé å se på hylleplass som markedsføring. Hun viser til at bibliotekene kan kaste de «nullede» bøkene når som helst, mens de innkjøpte bøkene må beholdes i fem år. … Det er trangt nok fra før av, og alle bibliotekarer ønsker jo kvalitet i hyllene, legger hun til.»

 

Tidsskriftrealitetane frå og med september

Narvesen Moss aug19 AI bakgrunnen for debattane om kulturtidsskrifta i Klassekampen og så i NRKs Dagsnytt18 fredag (oppsummert her på bloggen) ligg også at den svenske distributøren Tidsam har sagt opp avtalen om rundt tretti norske tidsskrift av denne typen. Så frå september vil dei ikke lenger finnast hos Narvesen.

Vi tok i går nokre foto på Narvesen på jernbanestasjonen i Moss som viser følgjene av dette.

Fotoet ovanfor er eit lite utsnitt av ein av veggane med tidsskrift som framleis vil vere tilgjengeleg i småbyen (trass i auke til over 50 tusen innbyggjarar etter samanslåinga med Rygge på nyåret).

Og her er fleire døme: Les mer «Tidsskriftrealitetane frå og med september»

Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?

Skjermbilde 2019-08-22 22.52.51

>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.

Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.

Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.

Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.

Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?

I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»

Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er … Les mer «Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?»