Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»

Døme på nytt satsingsområde for bloggaren

Bloggaren er gradvis i ferd med å flytte arbeidsinnsatsen sin frå bibliotekpolitikk (takk for god og jamn respons frå fleire av dykk, men oppover i systemet er dette fånyttes) over til Wikipedia og Lokalhistoriewiki, med vekt på østfoldhistorie.

Dermed er det blitt meir kontakt med lokalhistorikarar av alle slag, frå entusiastar på FB-grupper av typen «Du veit du er frå …. når…», via lokale historielag og til dei profesjonelle. Men med unntak av dei siste er det sjokkerande å treffe på mange som er dårleg kjende med NB.no, altså Nettbiblioteket, eller «Bokhylla.no» som det heitte før. Nokre har prøvd det «opne» tilbodet; det som har falle i det fri pluss det nyare t.o.m. år 2000 som er omfatta av avtalar med Kopinor. Men mange veit ikkje at dei på det lokale biblioteket kan få tilgang til også det «lukka» innhaldet, altså det som er nyare enn 2000 pluss aviser med ulike avtalar. Med andre ord det NB kallar «utvidet tilgang for forskning og dokumentasjon» (dei bruker også «pliktavlevert» om dette materialet, sjølv om mykje av det eldre også var pliktavlevert i si tid).

Sjå også dette forslaget til kva vi kan gjere

Mange journalistar og særleg skrivande frilansarar kunne også trengt betre informasjon.

Men så driv vi då med ein-til-ein-kursing her og der. Før vi nyleg forsøkte å finne ein god instruksjon på nett, så folk kunne bli meir sjølvhjelpne. Då fekk vi sjokk nummer to:

Les mer «Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»»

Bibblotek på Sjankasjauen!

Bloggarens oldefar smidde rekkverket rundt bassenget på Haugen. Klikk og kikk.

Etter at Deichman flytta frå Hammersborg har det ikkje vore bibliotektilbod i bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Nyleg kom et eit utandørs «sommerbibliotek» på sjølve haugen, altså i parken. Men på Khrono.no kan vi lese om planar kommunen har for å kjøpe seg inn i dei fråflytta bygga til Veterinærhøgskolen på Adamstua:

«Nå vurderer Oslos byråd å kjøpe store deler av Veterinærhøyskolens tomt. Tomtearealet er på over 50 mål, noe som tilsvarer sju fotballbaner. Det skal gi kommunen plass til skole, flerbrukshall, bibliotek og bydelspark».

Tommærn opp!, ville Oslolos1 sagt.

Om dyrking, hausting og bevaring

Frå ein vegkant i juli 2020 ved Børtevannet i noverande Særp

Ikkje eitt ord om bibliotek i laurdagens spalte av kloke Solveig Aareskjold i Klassekampen, men likevel. Ho avsluttar slik:

«Me blir alle førte vill av straumdraga i vår eiga samtid. Verkeleg tenkt seg om får ein sjeldan før ein er førti, og då er dei fleste store avgjerder tekne for lengst. Det hadde vore fint om kulturen var eit forråd av livserfaring der ein kunne henta det ein trong enten det gjaldt leplanting eller forholdet mellom gamle og unge. Men som regel får ein berre hendene fulle av glorete reklamebrosjyrar. Berre unntaksvis blir ein rådd til å la gras og villblomar gro slik at humlene kan suga nektar og kaninane får nytt tørrhøy å eta. Dess meir grunn er det til å ta vare på det som har framtida i seg, og dyrka det med slik omhug at me aldri gløymer det igjen».

«Nu får Norje ett eget bibliotek» (det er fredag)

Under fotball-EM såg vi dette på tribuna der Sverige spelte. Men det var nok ikkje norske svensketilhengarar sitt

Det er snakk om eit bibliotek på berre 46 kvadratmeter. Då trur du vel oppslaget i avisa Sydöstran er ein norskevits? Nei, Norje er ein liten tettstad i Sölvesborg kommune i Sør-Sverige (vi har faktisk tre gongar tidlegare blogga om biblioteket i kommunen, men ikkje i rosande ordelag).

Frå svensk Wikipedia: «Ortnamnet har inget samband med konungariket Norge. Visserligen finns dokument från 1500-talet (det äldsta från 1528 och 1537) med stavningen Norge, men påståenden om att detta skulle ha med landet Norge att göra har aldrig kunnat beläggas».

Men tusentals unge, og litt mindre unge, norskingar har vore i Norje, årleg, sidan 1992! Av stort sett éin grunn: «Sweden Rock Festival»; ein hardrockfestival med tretti tusen tilhøyrarar kvart år. Ein av Sveriges største musikkfestivalar.

PS: «Nårje» førekjem ironisk brukt på trykk om grannen i vest. Slik svenskane uttaler det. Elles ikkje ulikt slik vi uttalte det sjølve gjennom hundreåra. Før vi tok i bruk skriftuttale av den danske skriftforma, med tydeleg «g». Kjelde: Språkrådet («Noreg» på nynorsk er ei sak for seg, sjå same kjelda. Underteikna bruker «Noreg», men mest fordi «Norge» er språkhistorisk minst like kunstig (kunstig på norsk, til skilnad frå konstig på svensk 🙂 ).

Lovdata: Privatiserer for å omgå progressiv EU-reform

For halvtanna år sidan feira vi her på bloggen at «ALLE norske rettsavgjerder skal bli FRIE!». Då hadde regjeringa gått inn på ei løysing som gjorde at Lovdata ikkje lenger skulle tene store pengar på desse abonnementa. Men no forsøker Lovdata-styret å vri seg unna både dette og meir til. Bjørn Remseth, veteran i EFN, blant anna, skriv no i eit ope brev til Justiskomiteen på Steigan.no:

«Jeg er bekymret over at Lovdata nå ser ut til å endre sine vedtekter på et vis som vil privatisere og kommersialiseres. Dette er en alvorlig sak som både på kort og lengre sikt vil gjøre det vanskeligere for befolkningen å få tilgang til lovtekster og annet rettsgrunnlag». Lovdata kan oppnå å «omgå EUs nye viderebruksdirektiv 2019/1024, slik at de unngår å bli omfattet av direktivets definisjon av «offentlig organ» (public sector body), jf. direktivets artikkel 1 nr. 6. Formålet med direktivet er å fremme viderebruk av offentlig informasjon».

>> Følg landets mest aktive bibliotekpolitiske blogg! På Twitter eller Facebook eller nyheitsbrev på e-post (sjå påmelding borte i høgre kolonna og litt nedover).

Eit fritt Lovdata, eller ei liknande offentleg teneste, er sjølvsagt viktig for offentleg innsyn, informasjonsfridom og demokrati, og dermed for biblioteka og brukarane. Og bibliotekorganisasjonane. Stå på!

A Short History of Ebooks

4. juli runda Project Gutenberg femti år (tenk på dét!), og meir eller mindre i samband med dette utgav bibliotekaren og omsetjaren Marie Lebert i går ei e-bok med ambisjon å fortelje (den korte) historia til fenomenet. «A Short History of Ebooks» er frå første dag gratis tilgjengeleg på Archive.org. På tre av verdsspråka.

Éin pussig ting, i tillegg til at boka ikkje har ISBN-nummer, er at vi ikkje finn eitt ord om det norske Nasjonalbiblioteket si unike og omfattande digitalisering av bøker. Forfattaren skriv grundig om pionérarbeidet til CENL, nettverket av europeiske nasjonalbibliotek. Dei har ein solid tekst om NB-basen, men likevel ingenting om denne i boka. Forfattaren definerer ikkje nokon stad kva ho meiner med e-bok, men når Gutenberg altså er med, og blant anna Google Books og Internet Archive, så burde jo «Bokhylla» til NB vore med.

Likevel er dette ei bok å kikke på for å sjå situasjonen i dag i perspektiv.

PS: Ei anna e-bok-e-bok 🙂 som set ting i perspektiv:

Les mer «A Short History of Ebooks»

Ukrainsk LGBT-konflikt på biblioteka

Den ifølgje EuroTopics regjeringstru ukrainske nettavisa Gordonua skriv i den ukrainsk-språklege utgåva om ein bokvalskonflikt mellom kulturdepartementet og styresmaktene i regionen Ivano-Frankivsk (finst det fleire regionar, kommunar osv. i verda som er oppkalla etter ein forfattar?! Bruk kommentarfeltet).

Det handlar om ein teikneserie for born frå fem år om «forholdet mellom to jenter, som ender med bryllupet deres». Kulturdepartementet har kjøpt inn 1240 eks. av boka, og lokalt skal styresmaktene konfiskere 46.

Det er 29 gradar på kontoret til bloggaren, og vi gjer ikkje meir av dette enn å googleomsetje saka fort og gæli:

Les mer «Ukrainsk LGBT-konflikt på biblioteka»

Nasjonalbibliotekets «egnethet»?

Sett på nb.no i ein annan samanheng

Er Nasjonalbiblioteket eigna til å ha ansvar for biblioteklovas §5?

Det kan ein spørje seg etter at Bibliotekarforbundet har fått medhald frå Sivilombodsmannen i ei sak der NB gav dispensasjon til at ein kommune tilsette ein ikkje fagutdanna biblioteksjef trass i at det var ein fagutdanna søkjar. Denne hadde kommunen ikkje innkalla til intervju, og i den offentlege søkjarlista hadde ikkje kommunen informert om at hen har bibliotekarutdanning. Det kom fram at tilsetjingsutvalet hadde tatt omsyn til påstandar om «spesielle forhold» rundt denne søkjaren.

Sivilombodsmannen kritiserer kommunen for framgangsmåten: «Ombudsmannen kan ikke se at kommunen i denne saken har dokumentert at det var grunnlag for å utelukke klageren fra prosessen allerede etter gjennomgangen av søknadene». 

Og ombodsmannen peikar vidare på at Nasjonalbiblioteket i sakshandsaminga si har basert seg berre på kommunen sine vurderingar. NB har faktisk hevda …

Les mer «Nasjonalbibliotekets «egnethet»?»

Gjennombrot for lydbøkene?

Utan e-innhald er biblioteket ein tapar på 2020-talet. CC-BY Ill:: Gan Khoon Lay 

I kulturdelen av Klassekampen i dag er igjen strøyming av lydbøker eit hovudtema. No handlar det om endå eit internordisk forlagsoppkjøp og dermed ei femte strøymeteneste for lydbøker her i landet. Men også om at debutantane ikkje slepp til i lydbokformatet. Leiaren av Forfattarforeningen, Heidi Marie  Kriznik, «mener at strømmetjenestene har ført til en enda større grad av konsentrasjon rundt bestselgere enn det som har vært tilfelle i bokhandel.

– Aldri har så mange kunnet lytte til så mange titler, men aldri har så mange lyttet til så få. Sånn strømmetjenestene er innrettet, trekkes litteraturen i en annen retning enn det som er målet for litteraturpolitikken. Det går mot mer enfold og ikke mer mangfold».

Folkebiblioteka har tradisjon på å formidle det nye og det «smale» i tillegg til bestseljarane, men forlaga set prisen for biblioteklytting så høgt at biblioteka ikkje får råd til å marknadsføre verken det eine eller det andre i dette formatet.

I september i fjor varsla Nasjonalbiblioteket at gjennombrotet i forhandlingane med forlaga var like om hjørnet. Her på bloggen har vi etterlyst resultatet av dette fleire gongar. No kom det faktisk noko om lydbøker på NB si heimeside, men dette kan vel umuleg vere heile gjennombrotet: «at utlån av lydbøker defineres som at når en bok har blitt lyttet til av en låner minst 10 % av total spilletid»?? 

Dette er sjølvsagt ein framgang frå tidlegare, då berre det å opne ei lydbok genererte 1 stk. utlån og full betaling til forlaget! No blir ho kanskje ikkje fullt så mykje …

Les mer «Gjennombrot for lydbøkene?»

Filmfjernlån – igjen

Til dømes Deichman på Bøler har mykje verkeleg god film. Klikk for større

På Facebookgruppa «Bibliotekarer i folkebibliotek» blei det nyleg lagt ut eit enkelt spørjeskjema med overskrifta: «Hei, folkebibliotek. DVDer?». Med fire svaralternativ. Og per i dag, 30. juni, har 87 av 109 svart at «Ja, det har vi og vi skal ikke slutte med det».

For snart tre år sidan blogga underteikna: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?». Det var etter ei optimistisk ordveksling om dette på lista «Biblioteknorge» (den opprinnelege, men som Nasjonalbiblioteket eigenrådig sletta frå nettets overflate). Vi foreslo der ei enkel igangsetting av eit meir eller mindre landsomfattande fjernlån av film på DVD. Ein enkel plakat og eit delebilete for sosiale media kan få det heile igang.

For videoane i dei 87 biblioteka finst jo i Biblioteksøk, pluss i alle dei som ikkje har oppdaga undersøkinga. Pluss NB i Rana.

Ein kommentar til undersøkinga går på at det snart ikkje finst utstyr for avspeling, men dét er faktisk blitt betre den siste tida. El-sjappene her i småbyen har både to og tre modellar i dag.

PS: Sjå fleire blogginnlegg om «Filmformidling».

Nye bibliotek i gamle bygg

Ope møte i Moss bibliotek før koronaen. Berande søyler i det gamle lagerbygget = trengsel! Klikk og sjå større

>> 30.6. kl. 10.50: Nokre små justeringar i teksten

Brått kjem det ei bok frå IFLA om «New Libraries in Old Buildings — Creative Reuse». Kanskje for brått? Underteikna har ikkje lese kvar side, men med ctrl+f finn vi berre eitt teikn på at forfattarar og redaktørar har hatt deadline etter utbrotet av koronaen, og dei har slett ikkje fanga opp debattane om arkitektur og byggjeteknikk som følgje av at vi lever i ei verd med pandemiske trugsmål mot menneskeleg helse og velferd.

Eller har denne våren med vaksinering i verdas nord og vest gjort at vi alt ser på covid-19-20-21 som berre ein episode?

På denne bloggen er vi ikkje kjende for å fokusere på det problemfrie. Som det er mykje av i denne boka. Derfor siterer vi i staden frå lista deira over «What might be the main obstacles to overcome?» Men i denne lista manglar altså utfordringar som ulike aktørar i bibliotekverda i året som gjekk har påpeika; om behovet for blant anna ny, smittefri ventilasjon, breiare gangar, trappar og heisar, romslegare areal for arrangement, osv osv.

Her er lista over utfordringar med gamle bygg ifølgje IFLA-boka:

Les mer «Nye bibliotek i gamle bygg»

FBI

Sikkert innhaldslister i desse

På dansk vil FBI seie Fælles Biblioteksinfrastruktur. Dei har eit nyheitsbrev, og denne veka handlar det om «Flere indholdsfortegnelser på faglitteratur». Meir konkret: «Vi har indtil nu primært udarbejdet en indholdsciterende note på samlingsværker, hvor kapitlerne har karakter af artikler og ofte er skrevet af forskellige forfattere. Dette fortsætter som hidtil, men vi udvider nu også med at gengive indholdsfortegnelser på udvalgte almindelige bøger bestående af kapitler».

Underteikna har ikkje støtt på at slikt inngår i nokon norsk bibliotekbase, men det kan kanskje liggje der ein stad i bakgrunnen?

Finst det planar om å gjennomføre slikt over heile fjøla? Vi kunne ha spurt dei rette instansane, men dei kan også bruke kommentarfeltet nedanfor.

Kvar tiande av oss

Kart over skogfinsk busetting i Sør-Noreg. Her dei vestlegaste. Klikk og kikk

Torsdag var hovudsaka på kultursidene til Klassekampen at Norsk skogfinsk museum ikkje har fått dei over 100 millionane dei var lova til nytt museumsbygg. For Kulturdepartementet krev at «… det faglige samarbeidet mellom NSM og Anno museum styrkes for å sikre en mer robust organisasjon.» Altså stadig meir solid konsolidering*.

Kva kan dette ha med bibliotek å gjere? I tillegg til at musé og bibliotek er grannar på kunnskaps- og kulturfeltet? Jo, i alle fall at rundt ein halv million norskætta bibliotekbrukarar og ikkje-brukarar ber på skogfinne-genar. Og at slektsgransking kopla med betre gentesting gjer at mange no får dette stadfesta. Og at dei vil lese og lære meir om dette. I gamle og nye bøker.

Og nyleg har ein kollega, Wenche Blomberg, vore sentral i skipinga av Skogfinneforeningen. Dei var i april i høyringa på Stortinget om museumsmeldinga. Sjå Wenche i aksjon i videoen nedi der (på bibliotekfeltet er vel mangesyslar Blomberg mest kjend for Fjellbiblioteket, først i Oppland, så fleire fylke, på 1990-talet, men som blei nådelaust amatørisert av DNT i 2001 (sjå side 11). Les meir i «Katten som syklet på vannet»).

  • * Bibliotekarar med nokre år på baken kan alt om konsolideringskravet ovanfrå. Etter å ha vore tilskodarar til problema under museumsreformen på tidleg 2000-tal, der musea blei fusjonerte fylkesvis, internaliserte likevel bibliotektoppane dette så sterkt at dei ønska full eigenkonsolidering i ei svær utgreiing i 2006. For så å bli sette på plass av grunnplanet i høyringsrunden og knapt bli nemnde i Bibliotekmeldinga i 2009.

603 prosent utlånsauke

SVT Stockholm kan vi lese, sjå og høyre at «I sommar kommer 30 ungdomar ha som sommarjobb att åka runt i kommunen och läsa högt för yngre barn». Det handlar om prosjektet «Läsa äger» som starta i Botkyrka, ein drabantkommune til Stockholm med rundt 60 prosent innbyggjarar med utanlandsk bakgrunn.

Initiativtakaren, Anneli Glamsare, har no fått prisen «Årets läsfrämjare» for denne innsatsen. I intervjuet kan ho fortelje at i ein kommunedel auka utlånet med 603 prosent!

Ein kommentar i Klassekampens Bokmagasinet laurdag: «Dette må sies å være en forfriskende tilnærming, når tendensen i leselystprosjekter ellers er at politikere og andre godt voksne skal overbevise kidsa om at lesing er fett».