Bibblotek på Sjankasjauen!

Bloggarens oldefar smidde rekkverket rundt bassenget på Haugen. Klikk og kikk.

Etter at Deichman flytta frå Hammersborg har det ikkje vore bibliotektilbod i bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Nyleg kom et eit utandørs «sommerbibliotek» på sjølve haugen, altså i parken. Men på Khrono.no kan vi lese om planar kommunen har for å kjøpe seg inn i dei fråflytta bygga til Veterinærhøgskolen på Adamstua:

«Nå vurderer Oslos byråd å kjøpe store deler av Veterinærhøyskolens tomt. Tomtearealet er på over 50 mål, noe som tilsvarer sju fotballbaner. Det skal gi kommunen plass til skole, flerbrukshall, bibliotek og bydelspark».

Tommærn opp!, ville Oslolos1 sagt.

Nye bibliotek i gamle bygg

Ope møte i Moss bibliotek før koronaen. Berande søyler i det gamle lagerbygget = trengsel! Klikk og sjå større

>> 30.6. kl. 10.50: Nokre små justeringar i teksten

Brått kjem det ei bok frå IFLA om «New Libraries in Old Buildings — Creative Reuse». Kanskje for brått? Underteikna har ikkje lese kvar side, men med ctrl+f finn vi berre eitt teikn på at forfattarar og redaktørar har hatt deadline etter utbrotet av koronaen, og dei har slett ikkje fanga opp debattane om arkitektur og byggjeteknikk som følgje av at vi lever i ei verd med pandemiske trugsmål mot menneskeleg helse og velferd.

Eller har denne våren med vaksinering i verdas nord og vest gjort at vi alt ser på covid-19-20-21 som berre ein episode?

På denne bloggen er vi ikkje kjende for å fokusere på det problemfrie. Som det er mykje av i denne boka. Derfor siterer vi i staden frå lista deira over «What might be the main obstacles to overcome?» Men i denne lista manglar altså utfordringar som ulike aktørar i bibliotekverda i året som gjekk har påpeika; om behovet for blant anna ny, smittefri ventilasjon, breiare gangar, trappar og heisar, romslegare areal for arrangement, osv osv.

Her er lista over utfordringar med gamle bygg ifølgje IFLA-boka:

Les mer «Nye bibliotek i gamle bygg»

Biblioteket og bylivet

Det tidlegare nyheitsbiblioteket satsa på skjerm-media og «bestseljarar»

Vi har tidlegare her på bloggen vore inne på at bibliotek er eit ettertrakta element i kjøpesenter. I tillegg til å vere publikumsmagnetar vil vi tru at Thon, Steen og Strøm osv. set pris på bibliotek som kulturelle, ikkje-kommersielle alibi. Og her er det potensial, for Noreg har ifølgje kjøpesenter-ekspert Ronny Spaans 900 kvadratmeter kjøpesenter per 1000 innbyggjarar. Det skal vere europarekord.

Ein følgje av denne utviklinga er at mange gamle bysentrum har stagnert. Men no kan vi lese i Berlingske at sentrum i Herning på Jylland er blitt revitalisert etter at dei flytta biblioteket inn i gågata i sentrum: «Biblioteket er rykket ind i bymidten, og bylivet er flyttet med». 

Det tidlegare hovudbiblioteket var ein typisk dansk «bibliotekborg» anno 1960- og -70-tal. Faktisk kalla «Ørkenfortet»! Og det låg eit godt stykke frå sentrum.

I 2009 var underteikna i Herning og skreiv om «nyheitsbiblioteket» dei hadde innreidd i ein underetasje i sentrum, sjå Bibliotekforum nr. 2, 2010 side 28-29. Om dette var i same bygg som det nye hovudbiblioteket, skal ikkje seiast sikkert.

På den faste sida vår «Nye bibliotekbygg» går det blant anna fram at på Ski i Nordre Follo flyttar dei no biblioteket ut av kjøpesenteret til eit nybygg i sentrum. Men der ligg alt kjøpesenteret i sentrum.

Biblioteket og Vedums nye sørviskontor

Foto: Frederick Kihle (CC BY 2.0)

>> Oppdatering om USA 13.6.

Valkampen er i gang, og Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum ønskjer å framstå som nasjonens største desentralisator. Større enn Støre i alle fall. Statlege sørviskontor-funksjonar i alle kommunar er ein del av dette, ettersom både politi, NAV og skatt er blitt regionaliserte eller nedlagde under Solberg (høyr NRKs Politisk kvarter 4.6., spol ca. 10 min. ut i programmet).

Vedums forslag kan høyrast fornuftig ut, også fordi det er konstatert at heile 600 tusen vaksne ikkje er nettbrukarar eller sliter med dette.

Også den lokale løysinga hans kan verke tilsvarande fornuftig; å la dei statlege flytte inn i dei kommunale sørviskontora (eller -torga. Eller service-, om du vil. Eller informasjonstorg/-kontor).

Men no blir stadig fleire kommunale sørviskontor fusjonerte med bibliotek. Kva kan då følgjene bli for dei sistnemnde?

Les mer «Biblioteket og Vedums nye sørviskontor»

Nybibliotek i UFO-land

I mangel på frie foto av både nybiblioteket og lokale UFOar tar vi sjansen på å låne dette.

På den stadig veksande sida vår «Nye bibliotekbygg» har vi i dag markert at det nye biblioteket i Holtålen er opna. Med lenke til ei omfattande sak på Nea Radio, med fleire foto. Gratulere!

Ein spesialitet i dette biblioteket er ei eiga avdeling om det internasjonalt svært kjende Hessdalfenomenet. Dette må vere ei interessant utfordring for eit bibliotek, der jo kunnskap er eit hovudkriterium, men der spekulasjonane er mange, både på nett og på trykk og film. Og der UFO-turisme er blitt ei næring.

Artikkelen om lysa i Hessdalen i Store norske leksikon, nærmare bestemt eit lite avsnitt i artikkelen om UFOar, konkluderer med at «Hittil har man ikke funnet noen entydig forklaring på observasjonene». I bokmålswikipedia er artikkelen meir omfattande, men her har redaksjonen denne åtvaringa på topp: «Denne artikkelens nøyaktighet er omstridt. Opplysningene i artikkelen bør sjekkes mot kilder».

Vi ser litt meir på dette: På engelskspråkleg Wikipedia er artikkelen utan åtvaring, men ho er meir omfattande og med fleire referansar. Desse går for det meste til vitskapeleg materiale om piezoelektrisitet, den eine av teoriane om lysfenomenet (men her står det ei oppmoding frå redaksjonen om å gjere teksten meir leseleg for folk flest). I den franskspråklege får vi først ei åtvaring om at artikkelen er «eit grovt utkast om noko paranormalt og utenomjordisk liv og ufologi». Og så ein informasjon om at du kan «dele kunnskapen din ved å forbetre artikkelen, men så med den litt overraskande parentesen «(korleis?)».

I Google Scholar fekk vi 182 treff. Og i World Cat har dei 16 bøker og 10 artiklar.

Flytting av oversikta over nye bibliotek

Frå Arnesen: Bibliotekbygninger, 1919. Klikk og kikk

Etter å ha opplevd stor interesse for lista med nye bibliotek og planar for slike på bloggposten Koronabibliotek på gang! (557 nedlastingar sidan publiseringa i januar), vel vi å flytte lista til ei side på bloggen: Nye bibliotekbygg (bloggen har pt. tolv sider til skilnad frå innlegg. Lenker til dei finn du nede til høgre).

Lista Nye bibliotekbygg har fleire formål. Det har alltid vore spørsmål etter bibliotek å reise på studietur til, i alle fall før koronaen. Men utveksling av idear og røynsler treng ikkje skje fysisk. Arkitektane kan også ha glede av denne oversikta. Tips dei.

Vi vil framheve der utbyggjar og arkitekt melder at dei vil følgje nye krav som koronaen og framtidige pandemiar stiller. Men når vi skriv 7.5.21 finn vi ingen…?

Lausrivne bibliotek

Deichman i Bjørvika er eksteriørmessig blitt kjend for «overhenget» sitt. Til skilnad frå den kulturelle grannen, Operaen, som er verkeleg breialt grunnfesta, forsøker biblioteket nesten å lette frå bakken.

Men dette er slett ikkje uvanleg i dag; det er nærmast blitt ein trend. På arkitektnettstaden Archdaily.com har dei ein foto- og kommentarartikkel om nye franske bibliotek, og der har seks av ni liknande tendensar som Deichman.

Om eitt av dei heiter det at det er «detached from the ground»; på norsk: Lausrive frå bakken.

Det første biblioteket med noko slikt, som vi i farta kan hugse, og som i 2006 var oppsiktsvekkjande, var hovudbiblioteket i svenske Halmstad. Bygget er så vakkert «att det finns …

Les mer «Lausrivne bibliotek»

Bygg dyre bibliotek!

Foto: Alek14 (CC BY-SA 4.0)

Dette er den indirekte konklusjonen til Morgenbladets Gaute Brochmann når han skriv om den nye bibliotek-bank-bustadblokka på Sand i Nord-Odal. Overskrifta er ikkje mindre storslått: «Den mest imponerende bygningen som ble oppført i Norge i 2020, står i Nord-Odal». Om de ikkje kan opne MB-saka, har fylkeskommunen eit oppslag frå opninga i september. For ikkje å seie fotoserien i BS Eurobib sin eigenreklame.

Konkret seier Brochmann: «Mitt tips er at de ekstra kronene nordodølingene la i Samling [som bygget heiter, vår merknad], kommer til å betale seg med renter og renters rente» (no har han kanskje ikkje følgt med i avisa Glåmdalen så godt som oss, der vi til dømes hugser korleis kommunen måtte setje ned prisen på leilegheitene med førti prosent for å få fart på omsettinga, men pytt …).

Kor som er: Når vi ser på nye norske bibliotekbygg dei siste åra (ta Deichman i Bjørvika og Stormen i Bodø) og ikkje minst fleire av dei som er på beddingen (ta Skien! Sarpsborg? Lillestrøm?), opplever vi eit gjennombrot for biblioteket som …

Les mer «Bygg dyre bibliotek!»

Korona-plassmangel i skolane – kva då med biblioteka?

Tronge biblioteklokale blir svært tronge i framtida

I Dagsavisen i går handla det om plassmangelen ved mange skolar på grunn av koronaen. Avisa skreiv også i mars: «Osloskolen om to meters avstand mellom elever: «Helt umulig»». Også omorganisering av klassane i kohortar krev meir plass. Skolane forsøker då å leige andre lokale i nærleiken.

Men skolebyråden i Oslo er ikkje uroleg for dette. Ho har «hele tiden tydelig kommunisert til skolene at de vil få dekket utlegg til leie av ekstra lokaler da dette vil være ekstraordinære koronautgifter. Denne typen ekstrautgifter forutsetter vi at staten kompenserer».

Kva då med folkebiblioteka?

For det første høyrer vi ingen verdas ting frå departementet eller Nasjonalbiblioteket om korona-kompensasjon. Dei ser ut til å meine at det held med e-boktilskota i fjor.

Men i biblioteket er det ikkje berre å leige kvadratmeter rundt hjørnet når biblioteklokalet i praksis er redusert til kanskje det halve på grunn av to-meteren mellom folk. Og permanent blir det; vi må bli betre førebudd mot nye pandemiar, og etter koronaen er bibliotekarkitekturen klart i omforming mot større areal per brukar. Og: For tida aukar kanskje ikkje utlånet, men dét gjorde besøket i åra før koronaen. Og mange brukte meir tid når dei var på biblioteket.

PS: Og apropos ei anna utfordring, nemleg …

Les mer «Korona-plassmangel i skolane – kva då med biblioteka?»

Ibsenbiblioteket i Skien: «- It cannot be a real library»

Arkitekturnettstaden dezeen.com har denne veka eit solid oppslag om det komande biblioteket i Skien, med fleire overveldande «arkitektteikningar». Det er mykje skryt å lese om alt frå val av materiale på yttertaket («sånt ville gode båtbyggjarar vore stolte av») til samspelet mellom bygget og parken («dette vil maksimere potensialet som møteplass»).

Men når det gjeld det funksjonelle er det tvil å spore i kommentarfeltet: «… stakkars dei forfattarane som vil vere umulege å nå på toppen av dei høge bokreolane». Og «har arkitektane høyrt om Dewey?». Ein konklusjon er at «dette kan ikkje vere eit verkeleg bibliotek». Noko ein annan kommentator stadfestar: «I dag er bøkene der berre berre for å dekorere» (vår omsetting).

Men det står ingenting om arkitektoniske følgjer av Koronaen. Under overskrifta Koronabibliotek på gang! samla vi i januar Skien og fleire andre planlagde bibliotek som i utforminga bør ta omsyn til denne og framtidige pandemiar.

Ein ny vår for «biblioteket»!

Vår

Vi har vore inne på det før; biblioteket sin status er stigande. På sett og vis. Det er i ferd med å bli eit «mem» blant investorar, by- og tettstadsutviklarar og til og med ein og annan politikar. Men ikkje alltid den gode, gamle kulturpolitikaren. Og ikkje alltid det gode, gamle folkebiblioteket.

For ein månad sidan siterte vi ein (hytte-)byutviklar med bibliotekvisjonar. Og for to år sidan skreiv vi om kjøpesentra på jakt etter noko å krydre handleopplevinga med. Og i dag skriv «Byggfakta» om eit nytt bydelsenter i Saltrød i Arendal kommune, der dei planlegg eit «mekkebibliotek …  med utleie (sic!) av mer enn bare bøker, blant annet verktøy og sportsutstyr» (vårt sic!).

PS 1: Vi er usikre på om dette står på toppen av ønskelista til Arendal sin biblioteksjef Ola Eiksund, etter ti år med budsjettkutt. Ei krise han blant anna også utdjupa i «gullalder-debatten» mot Aslak Sira Myhre.

PS 2: (OBS: Mimrefare!) Kva visste vi om Saltrød før vi las dette? Jo, vi hugser BBS-en «Saltrød Horror Show»! Som Odd de Presno fekk inn som ein spalte i tidsskriftet «Datatid» frå 1986 til -96.

Fleire nye bibliotek

For ein månad sidan blogga vi om behovet for å tenkje nytt – pandemisk nytt – når det gjeld bibliotekarkitektur. Og vi lista opp nokre kommunar med byggjeplanar. I løpet av ein månad har lista vekse (takk til tipsarane!) til heile 15 norske kommunar, pluss nokre svenske. Den siste nye er Heim (nye) kommune, med planar om nytt hovudbibliotek i Kyrksæterøra. Hallfrid Skimmeli, leiar i Norsk bibliotekforening Trøndelag, markerte i går dette med eit lesarinnlegg i avisa Sør-Trøndelag. Og det er plass til fleire bibliotekplanar. Bruk kommentarfeltet eller e-post.

Men her eit usakleg PS, til naud berre passande på ein laurdag:

Les mer «Fleire nye bibliotek»

– Bibliotekvektaren er komen for å bli

Ei åtvaring som har fått nytt innhald under pandemien

Den USA-baserte nettstaden «Ditto Press : Bold Ideas for Libraries» skriv no om «Designing for the Future — The Post-Pandemic Library». Her peiker dei på fleire tilhøve vi må ta omsyn til i bibliotekplanlegginga i tida som kjem. Det handlar om både ny kompetanse og nytt innhald og utforming av biblioteka. Arkitektur og design blir kopla med psykologi og antropologi.

«Ny relevans for territorialitet», heiter eitt kapittel. For første gong på hundre år har fysisk nærkontakt blitt eit eksistensielt trugsmål for folk. Med tape på golvet har bibliotek under pandemien merka skilje mellom inn- og utgang, og i framtida må dette bli permanent, eventuelt må ein byggje fysiske skilje. Men ved bibliotek der det er trangt må ein vurdere å byggje om eller byggje nytt. For éin ting er at det kanskje ikkje blir så ille på lang sikt som pessimistane spår, éin annan at angsten vil halde seg hos mange menneske og grupper.

Slikt har vi vore inne på tidlegare, til dømes: Koronabibliotek på gang! / «Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket / Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Eit anna kapittel heiter «Vektaren (the consierge) har kome for å bli». Det same gjeld «take-away»-tilboda. Og i nybygg bør ein vurdere ei «drive-through»-teneste, heiter det. Og datasystemet må ha meir …

Les mer «– Bibliotekvektaren er komen for å bli»

Koronabibliotek på gang!

Det blir spennande å følgje med på nye bibliotekprosjekt i inn- og utland og særleg korleis arkitektar og utbyggjarar, for ikkje å seie utstyrsleverandørar, tar omsyn til den nye situasjonen etter koronapandemien. Og for framtida, for ifølgje WHO er pandemien «likely to become endemic and the world will have to learn to live with it».

Mange av dei 19 punkta i denne artikkelen handlar om fysiske pandemi-relaterte forbetringspunkt i eksisterande og nye biblioteklokale.

Her på bloggen vurderer vi å opprette ei fast side med oversikt over prosjekt, planar og idear. Om ingen andre og meir ressurssterke gjer det.

Her ein smakebit; døme på bibliotekprosjekt ein bør følgje med på (tips oss gjerne i kommentarfeltet eller til frilanders @ gmail.com om fleire … alt etter éin time, takk for tre nye tips!):

OBS: Etter 7. mai 2021 held vi ikkje lenger denne lista ved like her. Men flyttar henne til ei side på bloggen: https://atomic-temporary-446487.wpcomstaging.com/nye-bibliotekbygg/