Koronaen har blant anna også fått fart i digitaliseringa av samfunnet. I går kom til dømes ei ny utgåve av Digitaliseringsrundskrivet frå regjeringa til kommunane. Men samtidig registrerer vi at «Litt over 600 000 personer, eller 14 prosent av nordmenn fra 16 år og oppover [er] … ikke-digitale». Dette er det likevel planar om å gjere noko med: «Slik kan det digitale klasseskillet bekjempes», seier forskarar og bibliotekarar i Trondheim. Meir om dette etter kvart.
Men når du skal bryte digi-muren og blant anna gå frå papiravis til nyheiter på nett, vil du møte den stadig sterkare «trenden» i retning av skrivefeil. Som kan skremme den sterkaste tilbake til papiret. I går las vi 21 nettavisartiklar, og 19 hadde éin eller fleire skrivefeil («Jeg har slikt å gjere, jeg har slikt å føre …»). Korrekturlesarane blei sparka frå norske aviser for over tjue år sidan, må det vere. Og på nettet gjeld berre rask publisering og flest mulege klikk. Men éitt muleg mottrekk er slikt som twitterkampanjen mot New York Times. På @nyttypos er det rapportert over 30 tusen skrivefeil. Fleire slike!





>> Nytt 17.7.: Norsk Bibliotekforening melder på lista biblioteknorge at dei «har teke initiativ til eit møte med Forfattarsentrum m.fl. rett over ferien» om desse spørsmåla. Bra!
Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.
Det US-amerikanske tidsskriftet Library Journal har ein artikkel nyleg om at 



I Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet 