
I omtalen av boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie» 27. juli presenterte vi Øivind Bergs artikkel om presten og folkeopplysaren Jacob Nicolai Wilse og framtidsfabelen hans frå 1779, «Philoneus, eller Eftertiden i Norge», om eit underjordisk bibliotek og museum som skulle vise samfunnet i år 2000. Her nemner Berg også eit ikkje utgitt handskrift av Wilse, «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek», som delvis føregreip «Philoneus» alt i 1765. Sjå faksimilen av første side av teksten (takk til Eirik Juel, bibliotekar og lokalhistorikar i Spydeberg).
No har faktisk Øivind Berg transkribert den gotiske handskrifta frå notisboka og gitt oss løyve til å publisere dette, sjå nedanfor.
Kva kan vi seie om Wilses bibliotekdraum anno 1765? Tore Stubberud skriv i Wilse-biografien sin, «En opplysningsmann»:
Les mer «Nogle Mærkværdigheder forefundne i et underjordisk Bibliothek»









Kommunal rapport siterer i dag
Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at