Unyttiggjering av biblioteket 3.0?

Biblioteka var tidleg offensive på Nettet, med søkbare katalogar og høg-kvalitets, handplukka emneportalar. Før Google søkemotor kom med imponerande snøggleik, lange trefflister og gradvis betre treff/algoritmar. Men så gradvis dårlegare.

Søkemotoren WolframAlpha i 2009 kan vi vel kalle det neste skremmeskottet, sjølv om han aldri på langt nær overtok for Google. Den gongen snakka vi ikkje om kunstig intelligens, men om «den «semantiske verdsveven», der vi kunne stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. 

I dag skriv Nrk.no entusiastisk om norskutvikla Keenious, som «fungerer ved at den ved hjelp av kunstig intelligens analyserer teksten til brukeren, og så lager en liste av anbefalte forskningsartikler».

Blant anna biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet innbyr til å teste programmet. Men dei er atterhaldne: «Keenious kan være et nyttig supplement til å finne forskningsartikler, men erstatter ikke tradisjonelle søk i databaser». Og kanskje heller ikkje bibliotekaren?

Keenious er gratis, men ikkje Plus-varianten, og dei har ei salsavdeling, så kor mykje kostar det for eit UH? Det finn eg ikkje svar på. Så kva med bibliotekbudsjettet den dagen universitet NN skal ut med millionar til Keenious? Spør eg berre.

Meld deg inn i bibliotekforeininga og gå i fengsel

På Rjukan sitt «Røde bibliotek» har dei samla på slike merke. Fin hobby om du sit inne, òg.

På nyheitsnettstaden The Louisiana Illuminator skriv dei 29. mars at «Ultra-conservative lawmakers target Louisiana libraries as culture war rages on«.

Utdrag i mi omsetting: «I protest mot det dei meiner er seksuelt eksplisitt materiale i biblioteka og mot den «marxistiske» American Library Association (ALA), har høgreekstreme aktivistar dei siste åra fremja tusenvis av protestar mot bøker og pressa biblioteka til å melde seg ut av ALA».

Eg har blogga om sånt før (her eit fritekstsøk på «USA» på bloggen). Men forslag om forbod mot organisering var noko nytt.

ALA blir skulda for å vere marxistisk. Eg har faktisk vore på ein ALA årskonferanse, i Chicago i 2017, noko som i all hovudsak var som her i landet; ufarlege møtetema, konsensusprega debatt, om nokon, og høfleg respekt for talarar frå styresmaktene og sjefsskiktet. Før massane strøymar til leverandør-sponsa skjenking eller populære turistmål.

Men det finst faktisk meir eller mindre progressive, for ikkje å seie marxistiske bibliotekorganisasjonar der, som PLG – Progressive Librarians Guild og SRRT – Social Responsibilities Round Table.

Her om dagen fekk eg innbyding frå SRRT til eit nettseminar: Dialogue with Peace Activists from Palestine and Israel. Eg spurde ein SRRT-aktivist eg kjenner om kvifor dei arrangerer noko som er utan tilknyting til verken bibliotefag eller -poltikk? Og fekk til svar på epost (mi omsetting):

«Mangelen på sakleg dekning i amerikanske hovudstraums media er faktisk grunnen til at SRRT sponsar dette programmet. Vi har inga venstreorientert avis i masseopplag. Vi har rett nok Al Jazeera, Democracy Now, the Intercept, In These Times, the Nation, Jacobin og andre progressive uavhengige medium (for ikkje å snakke om Novara Media og Tribune i Storbritannia), men berre ein liten brøkdel av det amerikanske folket (medrekna bibliotekarar, som eigentleg burde vite betre) er klar over at det finst slike alternativ til hovudstraums-dekninga, som er openberrt propagandistisk pro-israelsk og anti-palestinsk».

«Gratis bibliotek – ingen selvfølge»

Billegaste medlemskap ved gratisprinsipplause bibliotek i Nederland. Klikk og kikk

Under denne tittelen skriv Frode Bakken i Klassekampen 20. mars om dei, for dei fleste, også for dagens bibliotekfolk, lite kjende kampane om gratisprinsippet frå 1981 til 2005. Regjeringar frå både høgre og venstre stod for seks ulike åtak, men som kvar gong blei stoppa, ikkje minst av regjeringspartia sine eigne stortingspolitikarar i tillegg til motstand frå fagmiljøa.

Dette er ein kortversjon av artikkelen til Bakken i antologien «Bokhistorie. Bibliotekhistorie. 2023». I denne versjonen vår av artikkelen frå Klassekampen har vi lenka til nokre av referansane og kjeldene:

I budsjettforslaget for 2024 for Oslo kommune fremmet byrådsledelsen følgende:

«Folkebiblioteket er en lovpålagt tjeneste som ligger i skjæringspunktet mellom kultur og utdanning, og som er forankret i det demokratiske prinsippet om lik og gratis tilgang på informasjon og kunnskap.»

Dette oppfattes i dag av de fleste som ganske selvsagt og har brei oppslutning. Men det har ikke bare vært en enkel vandring fram til at Deichman og andre i dag driver biblioteket med basis i det demokratiske prinsippet om lik og gratis tilgang.

Les mer ««Gratis bibliotek – ingen selvfølge»»

Filmskivene lever i Moss

Utruleg, men sant: Klassikaren «Sykkeltyvene» (98% på Rotten Tomatoes!) finst verken i norsk strøyming eller nettbutikk. Men på Moss bibliotek!

For ein månad sidan skreiv vi om Mossemetoden for videoutlån, som på bloggen har avla 711 nedlastingar til no. Det handlar om å eksklusivt by på filmar som ikkje er å få på norske strøymetenester. Men pådrivaren bak dette, bibliotekar Kristoffer Tangård, oppdaga at ein trass alt kan leige eller kjøpe nokre av dei digitalt, hos Apple, TV2 osv. Då skjerpa han kravet og lanserte SUPER-SMART-lån! Med andre ord: «Disse filmene finner’u KUN på DISK». 

Det er også grunn til å nemne visinga på Moss bibliotek 21. februar av den norske klassikaren «Insomnia» (1997). Med lødig presentasjon og samtale etterpå, og med eit par dusin folk i salen. Men som du kan høyre i podkasten Zoom-In: film i bibliotek.

PS: Til no er det 19 bloggpostar her med tæggen Filmformidling.

Bibliotekararbeid i n-te potens

Spion Gunvor Galtung Haavik. Leiv Kreyberg, Riksarkivet (utsnitt). CC BY-SA 4.0

Høyr og les om landets største spion gjennom tidene, Gunvor Galtung Haavik, ikkje berre på Ekko i Nrk P2 no på morran (gå til 10.27 ff), men også i ein podcast i tre bolkar, Spion i skjørt, og i ei omfattande og arkivmateriale-metta rullefortelling: Den ulykkelige spionen. Alt med Nrk-researcher og no journalist Ingeborg Rygh Hjorthen i heilt sentrale roller. Ho er intervjua om blant anna arkiv-granskinga i Ekko-episoden. Også kjend som tidlegare leiar og mangeårig styremedlem i Norsk Bibliotekforening.

I 2011 intervjua eg Ingeborg og dei andre researcharane på NRK i Bibliotekforum nr.5.

Leseevna: Sverige ≠ Noreg

Sett i eit eller anna svensk köpsentrum for mange år sidan

Bendik Vold skriv i Klassekampen 16.2. om pocketboka under tittelen «Den norske «billigboka» er en bløff. Myk perm, stiv pris». Han avsluttar slik:

» … strømmetjenestene [tar] stadig nye jafs av markedet. I fjor lyttet nordmenn til 12,4 millioner lydbøker; antallet solgte papirbøker var nesten fire millioner lavere. Selvsagt handler det om prisnivå – til prisen av én pocket kan man nå plukke fritt fra en nærmest ubegrenset lydbok-buffé.

«Jeg tror pocketbøkene kan være med på å bremse overgangen til lydformatet», sa den svenske forlagsveteranen Per I. Gedin til Klassekampen onsdag. Ja, kanskje – i Gedins hjemland, der billigbøkene fortsatt er billige. Men i Norge er det trolig for seint. Her har forlagene med viten og vilje tatt kverken på et format som kunne ha reddet befolkningens leseevne».

80 millionar i lydbokinntekter

Mange titals treff på «lydbok» i App Store

Lydboka er blitt eit uromoment på fleire felt. Velkjend for lesarane våre er Trettebergstuen sin retrett om leveringsplikt til biblioteka. Så hadde vi Bernhard Ellefsen si katastrofemelding om lesingas tap for lydbokstrøyming. I tillegg har forlaga og særleg forfattarane vore sterkt opprørte over låge inntekter frå strøyming av lydbøkene deira.

Men ifølgje Bok365.no i går er det betring i sikte for dei sistnemnde. Under mellomtittelen «Betydelig inntekt for norske forfattere» kjem dei fram til «rundt regnet 80 millioner kroner til utbetaling for norske forfattere».

Internet Archive: Bibliotek taper – igjen

2. februar var kulturhovudsaka i Klassekampen halvannan side negativ omtale av Internet Archive (IA), det private, ikkje-kommersielle biblioteket som låner ut skanna bøker på nett. Dei er saksøkte av fire digre forlag i USA, og no vurderer norske forlag å hengje seg på, får vi vite, godt hjelpt av venstresidas dagsavis.

Men kor lurt er dette i ei tid då den internasjonale underhaldningsbransjen digitaliserer og kommersialiserer stadig fleire medieformar? Og då politikarar overser eller ofte tynar bibliotektilbodet? Kvifor ikkje opne for drøfting av andre modellar enn den 300 år gamle copyrighten?

Avisa har vald å ikkje intervjue folk med andre synspunkt, i til dømes copyleft-miljø. Og heller ikkje bibliotekaktivistar. Vi får vite at nasjonalbibliotekar Sira Myhre «synes ikke noe om» det IA står for. Mens Kim Tallerås ved ABI/Oslo Met får forklare litt om rettssaka (endå eit problem her er at det ikkje blir forklart at «fair use» er USA-juss og irrelevant i Noreg).

Oppslaget har i ettertid verken fått oppfølging eller skapt debatt, noko som er sjeldan for prioriterte saker om kultur i denne avisa. Heller ikkje ein kortversjon av denne teksten fekk plass på debattsidene. Derfor ei utdjuping her:

Les mer «Internet Archive: Bibliotek taper – igjen»

Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL

Kva har 30-årsjubileet i dag med bibliotek å gjere? Sjølvsagt mykje, for det å arrangere eit OL var også eit stort kunnskapsløft. På linje med dokumentasjonen av det, som er grunnlaget for mimringa gjennom tre tiår (eit søk på på emnet i Oria.no gir treff på 102 boktitlar, men denne meiner eg må vere den viktigaste).

Men berre nokre få av oss, med ein god del fartstid, hugsar at då Lillehammer i 1988 fekk seg tildelt OL-et, dukka det opp ei «nyheit» om at kommunen skulle få 60 millionar til opprusting av folkebiblioteket til eit «kultur- og kompetansesenter». Lokalavisa Lillehammer Tilskuer siterte 23. september eit brev frå «Bibliotekvesenet» til kommunen, signert direktør «M. Grøde». Klikk på oppslaget (ikkje ope på nb.no):

60 millionar var visstnok «berre» 3 % av heile OL-budsjettet, men ufatteleg mykje pengar i biblioteksamanheng, for i 1988 var dei samla driftbudsjetta …

Les mer «Bibliotekbløffen før Lillehammer-OL»

Ut i prosjektmyra igjen

Den svenske bibliotekutgreiinga i 2017 sa klart nei til «prosjektmyra»

Bibliotekarforbundsleiar Ola Eiksund skriv no på Bok og bibliotek om den ferske NB-utlysinga av prosjektpengar: «Leseferdigheter kan ikke bygges på prosjektmidler»: «I den kommunale virkeligheten anno 2024 er det nesten en garanti for at det ikke finnes friske midler til å opprettholde gode prosjekter og nye tjenester i daglig drift».

Samtidig ser vi at hos nærmaste nabo i aust seier det statlege Kulturrådet: «Folkbiblioteken behöver permanent statligt stöd». I rapporten deira om dette heiter det på side 34: «Genom långsiktiga statliga stöd kan biblioteken och bibliotekssektorn med gemensamma krafter och resurser, utvecklas på ett hållbart och kvalitativt sätt». Look to Sweden!

P-boka trengst

Berre ein enkel observasjon når no alle ser på, høyrer på podkastar om og snakkar om TV-serien «Makta». Mykje av serien er tufta på boka «Edderkoppen – historien om en møbelhandler» av Viggo Johansen og Pål T. Jørgensen, Aventura forlag, 1989. Sjølv om denne no finst digitalt og gratis tilgjengeleg på nb.no, ser vi av Biblioteksøk at 26 av 34 fysiske eksemplar i norske bibliotek, er utlånte.

Trettebergstuen, igjen

Ein skikkeleg luring, ho her, det er lett å sjå. Foto: Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Her handlar det faktisk ikkje om «inhabilitet i utnevnelsen av venner til maktposisjoner i kulturlivet». Bård Nylund, Tina Stiegler og Renate Larsen har fått kvart sitt «bein» takk vere den tidlegare kulturministeren, men ingen av dei i biblioteksektoren. For her har vi ei heilt anna sak, men som burde interessert fleire gravande medium enn denne skærve bloggen:

Då Anette Trettebergstuen la fram forslaget til den nye boklova i august 2022 var ho og departementet skråsikre på å ville innføre leveringsplikt av lydbøker til folkebiblioteka. Men i mars 2023, då berre eit halvt år hadde gått, og utan noka offentlegheit om det, hadde ho snudd tvert om.

Det mystiske er ikkje at den kommersielle bokbransjen har gode lobbyistar, men kvifor ho faktisk var på biblioteket si side i utgangspunktet, altså i forslaget?? For i god tid hadde utgreiarane hatt «bred dialog med bokbransjen. I perioden november 2021 til mars 2022 gjennomførte departementet i overkant av 50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen«.

I eit blogginnlegg 16. mai i fjor leverte eg fem teoriar om korleis dette kan ha skjedd.

Sjå også denne tidslinja som viser korleis vi forsøkte å ta tak i boklovsaka under vegs:

Mossemetoden for videoutlån i 2024!

Mange folkebibliotek har framleis gode samlingar av film på dvd. Nokre kjøper faktisk inn nye (gamle?), har vi høyrt. I Moss har bibliotekar Kristoffer Tangård pønska ut ein metode for å auke utlånet av samlinga deira: SMARTLÅN. Det handlar om videoar som IKKJE FINST PÅ STRØYMETENESTENE. Desse leiter Kristoffer fram på tenesta JustWatch, der du kan avgrense til norske strøymetenester.

Han har laga éin større og to små utstillingar rundt i biblioteket og har slått opp ein plakat med informasjon, sjå nedanfor.

Kristoffer Tangård med den eine av utstillingane

>> OG: Moss bibliotek skal 20.2. arrangere heilaften kino & samtale: INSOMNIA – med gratis pizza!

Finner du denne lappen i DVD-coveret holder du etter all sannsynlighet en film i din hånd som for øyeblikket ikke er tilgjengelig på noen av strømmetjenestene dine. 

De siste ti årene har verden bevitnet et enormt trendskifte, hvor film i større grad blir konsumert via strømming. I bibliotekverdenen er dette tatt til følge via tilbydere som Filmoteket.no, hvor du kan strømme opptil flere filmer i måneden med ditt nasjonale lånekort. 

Men nettopp fordi porteføljen til giganter som NetflixDisney+ m.fl. har blitt så rik og omfattende er det lett å glemme at mange filmer fortsetter å være utilgjengelige eller innehar en uforutsigbar tilgangsstatus både her og andre steder i strømmesjiktet. 

Dette er en av grunnene til at Mossebibliotekene fortsetter å prioritere disk – DVD og blu-ray – til sine lånere. Og derfor har vi også satt i gang kampanjen SMART-LÅN – for at du skal kunne føle at du ikke låner en film forgjeves! 

Turen til biblioteket …

… kan vere krevjande for ein fotgjengar ein vinter som denne. Og med eit kommunalt brøyteregime som prioriterer bilen, bilen og så bilen. Dette fotoet viser hovudvegen til Moss bibliotek 16. januar. Då hadde snøen alt lege halvmetertjukk sidan romjula. Nokon som kjenner seg att?

Men finst det ikkje alternative vegar? Jo, men det er ned den brattaste bakken i byen, og der varmekablane i fortauet har det med å ikkje bli kopla til før det er for seint.

Dette er også vegen til bymuseet. Og kinoen. For ikkje å seie House of Foundation.

Mens du baskar deg fram kan du i alle fall nynne på denne.

PS: 1. februar er det like ille i denne gata. Og hålke i tillegg.