Ein artikkel på Goethe Insitut si heimeside handlar om biblioteka sin kamp mot falske nyheiter og informasjon, mykje basert på artikkelen «Why librarians can’t fight fake news» i Journal of Librarianship and Information Science av M. Connor Sullivan, bibliotekar ved Harvard. Sullivan har mista trua på at bibliotek og bibliotekarar har noko særleg å stille opp imot dette trugsmålet. Han meiner blant anna at dei «framleis er for overflatiske» på dette feltet. Vi omset frå artikkelen til Goetheinstituttet:
«Ifølge Sullivan manglar biblioteka … ei djupare forståing av kva feilinformasjon er og korleis det påverkar aktiviteten i hjernen. Bibliotekas tidlegare arbeid på dette feltet har ofte antatt at å tilby sann informasjon er den beste måten å motverke falske nyheiter på. Men «den gode informasjonen» fyller ikkje eit tomrom, det må i staden vinne over falske nyheiter som alt er forankra i hovudet. Forskarar har kome til at … Les mer «– Biblioteka forstår seg ikkje på falske nyheiter»




Fredag hadde Klassekampen ein tosiders om at «Mangel på kunnskap blant innvandrerkvinner går på helsa løs. Feza Nibigira gikk i årevis uten å få informasjon om helt enkle ting, som prevensjon og bind.» Men no er ho «en av dem som jubler over at Trondheim nå får et eget internasjonalt kvinnehus, hvor innvandrere i tillegg til språkkurs kan få grunnleggende helseinfo, om kosthold, prevensjon, tamponger og bind og forskjellen på virus og bakterier.»

