Archive for august, 2023

august 28, 2023

Reklame

Frå «baksideteksten» av Leif Berstad i Klassekampen i dag:

«Det er no innført to kroner i avgift for kvar handlepose. Det er eit tiltak for miljøet og det felles beste. Det kan føre til at vi vil bruke færre posar. Men at forretningane nyttar høvet til å ta fire kroner eller meir for kvar pose med deira eige firmanamn på, er eit heilt anna slag tiltak. Bruk biblioteket, står det på handleposen min. Den fekk eg, og den skal eg bruke flittig. Skal eg reklamere for noko, skal det vere for noko eg bryr meg om».

august 28, 2023

Nytt frå Tromsø: Shared Reading

Ny artikkel i dag i Nordic Journal of Arts, Culture and Health: «Når vi trenger det som mest: Bruk av metoden Shared reading i helsesektoren» av Ellen Berg Larsen.

Sitat: «I to omganger har Tromsø bibliotek og byarkiv fått støtte fra Nasjonalbiblioteket til å sette opp Shared reading-grupper på nye steder og blant nye brukergrupper. Vi har besøkt og lest i rusomsorgen, på sykehjem, på Kreftforeningens Vardesenter, i fengsel, i kirkerom, på sommerbokbussen, for studenter, digitalt og for barn. Gjennom disse aktivitetene har vi høstet mange og gode erfaringer med hvor fleksibel og brukervennlig metoden Shared reading er. Men vi har også sett at å skape en lesegruppe som oppleves som trygg og som kan bestå over tid, krever arbeid fra både oss og våre samarbeidspartnere».

august 27, 2023

Filantropi og bibliotek – då og no

«Andrew Carnegies filantropi», karikatur i magasinet Puck av Louis Dalrymple, 1903. Offentleg eigedom, Wikimedia.

Bloggaren, eigentleg ex-bloggaren, hadde fredag dette lesarinnlegget i Klassekampen, ein liten replikk til ei heilside av ein av avisas aller tyngste økonomi-skribentar:

“Økonomiprofessor Erik S. Reinert forsvarer filantropi i Klassekampen 23. august: “… uten dem hadde verden vært et litt mindre åpent sted”. Ja, kanskje “litt”, men likevel ein replikk når det gjeld magnaten Carnegie sitt “viktigste prosjekt” for drygt hundre år sidan; oppføringa av “2.509 biblioteker – med flott og varierende arkitektur”: 

Etter at eit av desse blei opna i Atlanta i 1902, gjekk det 19 år før dei fekk på plass eit for dei farga i byen. Eitt anna blei opna i stålbyen Braddock, Pennsylvania, i 1888, men ifølgje historikaren Paul Krause, var det først etter at Carnegie hadde knust fagforeininga ved stålverket ved hjelp av steikebrytarar og vaktselskapet Pinkerton. Han gjorde det ved å gi “dei angrande arbeidarane sine eit bibliotek og kalle det eit monument over samarbeidet sitt med dei”. Kjelde: “Confronting the Democratic Discourse of Librarianship – A Marxist Approach” av Sam Popowich, 2019” (mi omsetting).

Kort og godt, synast no eg, sjølv om eg lar Reinert få siste ordet. Han seier jo ikkje imot meg.

Men dette er eit høve til å utdjupe eit interessant tema. Og i fleire retningar:

read more »