Archive for april, 2019

april 28, 2019

Avansert historieskriving ved hjelp av bokhylla.no?

Skjermbilde 2019-04-28 17.45.29

Venice Time Machine. Utsnitt. Foto: Jean-Pierre Dalbéra. CC BY 2.0

I Venezia har dei digitalisert bibliotek og arkiv på i alt 80 000 hyllemeter og brukt dette settet av stordata til å skape eit digitalt museum og kunnskapsbase der forskarar så vel som turistar kan «bla» seg att og fram i historia til den italienske byen, via bystaten frå mellomalderen til renessansen og endå lenger attende.

Sjefen for prosjektet i Venezia var alt i 2013 på TED med eit foredrag om dette, men ein nyare og meir omfattande presentasjon i åtte episodar ligg på den fransk-tyske tv-stasjonen Arte.

Kunstig intelligens brukt på mengdene med tekst, kart, illustrasjonar osv. kan på denne måten fylle hol i historieskrivinga til ein stad, ein person eller eit emne, og ekstrapolering av trendar kan stadfeste eller avkrefte lause teoriar. Med visse atterhald, sjølvsagt; det er viktig at historikarar og andre ekspertar kvalitetssikrar og ev. forkastar tvilsame resultat.

Ein skilnad mellom Venezia og til dømes Vennesla (for å ta ein tilfeldig, men bokstavrimeleg 🙂 stad i Noreg) vil sjølvsagt vere …

read more »

april 26, 2019

Heia Steinkjer bibliotek

Skjermbilde 2019-04-26 15.19.06I spalta «Klok på bok» (KPB) i Dag og Tid driv dei ein slags «Påskelabyrinten» heile året, med minst like kryptiske spor frå bøker som dei han Valle pønskar ut for reisene sine. Men her får folk ei veke på seg på å svare, og då går mange til biblioteket. Her ein smakebit frå avisa denne veka. Ein som fann rett svar skriv:

«Kpb gjer rare ting med utlånsstatistikken på Steinkjer bibliotek. For det er truleg lenge sidan dei lånte ut to amerikanske diktsamlingar på same dagen. Kan hende aldri. For eg måtte jo undersøke om sitatet kunne vere frå Nathaniel Farells Nykommar. Det stemde med originalutgåve i 2014 og norsk utgåve i 2018, men det var komplett umogeleg å finne ut når mannen er fødd. Og eg måtte undersøke om sitatet kunne vere frå Claudia Rankines Medborgar. Og det er det. Fin bok, så rikt illustrert med kunstverk at det også er ei lita kunstbok.»

april 26, 2019

Robotformidling i Århus

Om du er i Århus 9. mai kan du få vite meir om roboten Pepper og kva han?/ho? kan bidra med i formidlinga av barnelitteratur. Language: Danish. Simpelthen.

april 26, 2019

Danske bibliotek har skjønt det med Nettet

Dette er eit døme frå danske @faktalink – ei digital, kvalitetssikra teneste frå biblioteka. Også norske bibliotek bør få seg noko sånt.

Det er snart tjue år sidan Google sin søkemotor fortrylla oss med raske, mange og – tilsynelatande – presise treff. Så kva er biblioteka på Nettet i dag? Nettkatalogane har jo stagnert på 1990-nivå. Vi har forsøkt å setje ord på det: Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. Eit norskt Faktalink kunne snu trenden.

 

april 25, 2019

Yale-studentar for fysiske bøker

Skjermbilde 2019-04-25 22.01.25Vi les i Washington Post at ved eitt av biblioteka på eliteuniversitet Yale i New Haven, Connecticut, ville leiinga fjerne rundt to tredelar av dei fysiske bøkene for å få plass til fleire sitjeplassar. Men både studentar og fleire fakultet reagerte på dette. I ein underskriftaksjon meinte nærmere eitt tusen studentar at dette ville redusere høvet deira til å «browse» og bruke boksamlinga. Fleire bibliotekbrukarar kom med sterke personlege vitnemål om kor viktige dei fysiske samlingane er.

Biblioteket spreidde så eit rekneark med titlar der brukarane fekk meine noko om kva som absolutt ikkje måtte flyttast. I eit kompromiss blir no 60 000 og ikkje 40 000 bøker verande (av i alt 150 000).

april 23, 2019

Eit vendepunkt for open publisering?

Skjermbilde 2019-04-24 00.30.11

Frå endå ei sak på Khrono.no i dag. Klikk og kikk

Ting kan tyde på at den norske avtalen med Elsevier kan bli starten på eit internasjonalt vendepunkt i favør av Plan S i Europa og kan hende også Open Access globalt. På Khrono.no i dag skriv vise- og prorektorar for dei fire største norske universiteta, dei som under leiing av Unit tok del i forhandlingane med Elsevier, blant anna: 

«Det betyr to av fire publiser- og les-avtaler nå er i havn. Vi kan nå være i en unik posisjon til å være med å påvirke utviklingen av landskapet rundt åpen publisering. Dette er et landskap som er langt ifra ferdig utformet – mye er i spill i endringsprosessen vi nå står midt inne i. Vi må følge med på hvordan de inngåtte avtalene vil virke, og ikke minst se på resultatene av øvrige pågående forhandlinger.

Tidligere trakk vi frem at forskersamfunnet og forlagene i fellesskap må komme frem til nye modeller som fremmer åpen tilgang, god kvalitet og internasjonalt forskningssamarbeid. Publiseringsavtalen med Elsevier viser at dette lar seg gjøre, og gir nye muligheter for å fremme norsk forskning internasjonalt.»

april 23, 2019

Få det siste først

Følg denne bloggen via epost, saman med p.t. 779 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di. Då får du ein e-post straks noko nytt blir publisert.

Bloggaren er også på twitter med alt det nye frå bloggen og meir til.

april 23, 2019

Elsevier-avtalen skaper overskrifter internasjonalt

Skjermbilde 2019-04-23 14.04.59Units avtale med Elsevier er blitt ein topp-sak i media-delen til Financial Times. Vi siterer:

«Under the two-year Norwegian pilot “open access” publishing agreement, research from academics associated with Unit will be freely accessible. Rather than charge a subscription fee for access to its journals, which is how the publisher has structured most of its deals, Elsevier will bill the Norwegian institutions for the close to 2,000 articles they expect to publish each year.»

Og Gino Ussi, Elsevier-direktøren, seier til CISION PR Newswire:

read more »

april 23, 2019

Nybø om Elsevier-avtalen

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V), som gjorde ein framifrå innsats på Stortinget då Plan S var tema i ein interpellasjonsdebatt, sier no i ei pressemelding frå Regjeringa:

«– Avtalen viser at når den norske universitets- og høyskolesektoren står sammen, kan den oppnå mye i forhandlinger med store, internasjonale konsern. Men avtalen viser også at det er en jobb som gjenstår, hvis vi skal nå målet om at alle norske artikler finansiert av det offentlige skal være åpne innen 2024, sier Nybø.

Avtalen med Elsevier er i tråd med intensjonene i Plan S, det felleseuropeiske initiativet for å sikre åpen tilgang til offentlig finansiert forskning.

– Det er en klar sammenheng mellom nasjonale retningslinjer, forhandlinger med forlagene og Plan S. Det er dette samlede presset som nå kommer fra flere land, som bidrar til at internasjonale konsern revurderer forretningsmodellene sine. Jeg håper denne avtalen også vil bidra til at vi lykkes i forhandlingene vi fortsatt står oppe i med andre forlag, sier Nybø.»

april 23, 2019

Siste nytt: Elsevier-avtale for norske bibliotek

200px-Elsevier.svgDå vi i vinter for tidsskriftet Bibliotekaren intervjua Nina Karlstrøm på Unit om stoda for dei norske avtalane rundt Open Access og Plan S, var det mykje positivt på gang, men tidsskriftforlaget Elsevier representerte baksida av medaljen. I Noreg var avtalen på overtid og Sverige og Tyskland hadde brote. Karlstrøm rekna med det same i Polen og Irland og ved blant anna University of California. Men Unit hadde ikkje gitt opp. Ho sa klart ifrå: – Vi samtaler med alle vi.

Og no er det offisielt: «Unit inngår historisk avtale med Elsevier», heiter det i dag på heimesida til Unit. Dei karakteriserer det som ein pilotavtale som vil løpe i to år. Nina Karlstrøm stadfestar detaljane til oss i ein e-post:

read more »

april 23, 2019

Stopp for tidsskrift hos Narvesen – og biblioteka

avisk10sk

Står no i Reitangruppens HQ i Oslo. Kjelde: Moss Avis 17.10,.81

Stort sett berre Dagsavisen og initiativtakaren, Kulturrådet, har skrive om dette. Dagsavisen har blant anna intervjua generalsekretær Bente Riise i Norsk Tidsskriftforening og Fritt Ord-sjef Knut Olav Åmås om den nye støtteordninga for «tidsskrift og kritikk». Det viser seg å vere to problem her; at innkjøpsordninga, som følgje av den nye ordninga, fell bort, noko som rammar biblioteka som ikkje lenger vil få eit trettital kulturtidsskrift gratis, og samtidig at den svenske distributøren Tidsam seier opp avtalen med norske tidsskrift.

I eit år no har det vore diverse kromspring som vi har forsøkt å dekkje her på bloggen. Vi skal forsøke i framtida også.

april 22, 2019

Digitalisering under press

Skjermbilde 2019-04-22 17.48.33

Digitalisator frå Sinai

I påska rapporterte Reuters om eit bibliotekarbeid som pågår i eit austleg-ortodoks kloster frå femhundretalet på Sinai-halvøya i Egypt. Over fire tusen gamle bøker blir digitaliserte med særs høg kvalitet, i tillegg til at materialet blir katalogisert for første gong. Blant anna finst det svært tidlege kopiar av ulike kristne evangelium i samlinga.

I det aktuelle tempoet vil prosjektet ta ti år, men Den islamske staten har stått for terroråtak ikkje langt unna, og sjølv om Egypts president al-Sisi har utnemnt ei koptisk kristen kvinne til guvernør for ein liten provins, gjev han flest pro-islamske politiske signal. Så det kan haste å fullføre digitaliseringa.

PS 26.4.19: Uavhengig av kvarandre har to tilsynelatande ekspertar på dette Katarinaklosteret og bokskattane derfrå gjort oss merksame på kor viktig klosteret er, særleg på grunn av eit unikt dokument, Codex Sinaiticus. Men dette blei på ulike måtar fjerna og delt i fleire omgangar og finst i dag ved tre musé og bibliotek i Europa. Berre nokre få sider av det finst i Katarinaklosteret:

read more »

april 20, 2019

Lydbøker med lekkasjar

fullsizeoutput_114fVi skreiv nyleg om Deichman sitt nye tilbod om engelskspråklege elektroniske lydbøker. På mobilen møter lånarane tenesta i form av appen Libby. Alt blir administrert av det US-amerikanske firmaet OverDrive Inc. via nettstaden deira, men visuelt tilpassa oslofolket: https://deichman.overdrive.com. I Stavanger har biblioteket hatt dette sidan 2010, og som tidlegare journalist i Norsk Bibliotekforening fulgte vi denne utviklinga gjennom fleire oppslag. Mange svenske bibliotek har vore kundar i fleire år, og der skal no også svenske e-bøker og e-lydbøker kome med denne appen.

Men i førre veke las vi på den etablerte media- og teknologinettstaden CNET.com om tekniske og menneskelege veikskapar som kan ramme lånarar ved bibliotek som på denne måten set bort strøymetenester fullt og heilt til private firma, ofte på den andre sida av kloden. Igjen er det personvernet det handlar om. CNET bruker OverDrive som eit døme, men det kan gjelde fleire. Vi omset delar av artikkelen:

read more »

april 15, 2019

Om krimforfattaranes sviktande bibliotekkunnskapar … eller?

gult påske fjell bibliotek

G O D   P Å S K E !

>> Etter denne publiseringa har vi tatt endå tre krimforfattarar på fersken: Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum og Alexander McCall Smith

Bibliotekaren og biblioteket er ganske ofte til stades i skjønnlitteraturen. Sjølvsagt har vi sånt som «Liket i biblioteket» av Agatha Christie, men sjeldan finn vi ein bibliotekar i helterolla eller biblioteket som anna enn åstad for meir eller mindre løynd romantikk (og trenden med færre og lågare reolar vil setje ein stoppar også for dette).

Og så har vi bibliotekarmetaforen, tydelegvis veleigna til å kontrastere og dermed framheve helten i historia, men heller ikkje meir (sjølv om Dag Solstad ope innrømmer å ha brukt bibliotekarmetaforen på hovedpersonen i «T. Singer», som verkeleg ikkje kan kallast helt).

Men bibliotek og bibliotekarar kan også inngå i intrigar, ikkje minst i kriminalsjangeren. Men her gjer mange forfattarar det vanskeleg for seg. Utfordringane vi tenkjer på går hus forbi hos forlagskonsulentane, men ikkje hos bibliotekarane, noko dette skal handle om:

read more »

april 13, 2019

– Biblioteka forstår seg ikkje på falske nyheiter

Skjermbilde 2019-04-14 06.28.11Ein artikkel på Goethe Insitut si heimeside handlar om biblioteka sin kamp mot falske nyheiter og informasjon, mykje basert på artikkelen «Why librarians can’t fight fake news» i Journal of Librarianship and Information Science av M. Connor Sullivan, bibliotekar ved Harvard. Sullivan har mista trua på at bibliotek og bibliotekarar har noko særleg å stille opp imot dette trugsmålet. Han meiner blant anna at dei «framleis er for overflatiske» på dette feltet. Vi omset frå artikkelen til Goetheinstituttet:

«Ifølge Sullivan manglar biblioteka … ei djupare forståing av kva feilinformasjon er og korleis det påverkar aktiviteten i hjernen. Bibliotekas tidlegare arbeid på dette feltet har ofte antatt at å tilby sann informasjon er den beste måten å motverke falske nyheiter på. Men «den gode informasjonen» fyller ikkje eit tomrom, det må i staden vinne over falske nyheiter som alt er forankra i hovudet. Forskarar har kome til at …

read more »