Det går opp og ned for bloggarar, har vi skjønt. På den herverande bloggen har vi svært lite å melde om inntektene, for dei er lik null og vil verken gå opp eller ned, men i går, fredag 28. februar, sette vi i alle fall dagsrekord for nedlastinger: 803.
«Kjell Askildsen mot overdreven oppstemthet»

Inge Eidsvåg er ein av mange luringar som skriv petitar på baksida av Klassekampen. 18. februar skreiv han blant anna dette:
«Jeg har ofte tenkt at legekontorene burde ansette leseterapeuter. Kloke mennesker som kunne foreskrive bøker mot alle milde lidelser. På blå resept. For eksempel Kjell Aukrust mot depresjon, Kjell Askildsen mot overdreven oppstemthet, Agnar Mykle mot manglende lyst, Sigrid Undset mot hukommelsestap – og Knut Hamsun mot alt det andre. Av erfaring vet jeg at lesemedisiner er sterkt vanedannende, har vidunderlige bivirkninger og gir varig vekkede sjelsevner».
Ungarsk rapsodi? Neppe

>> Nytt 7.3.: Khrono.no har gjort nokre endringar i artikkelen sin, bl.a. om skolebiblioteka.
Rapsodi betyr brotstykke, noko som er lausrive. Optimistar kan håpe at det dei skriv om på Khrono.no i dag, om fjerning av jødiske forfattarar frå den ungarske nasjonale litteraturlista og frå skolebiblioteka, berre er rapsodisk.
Men meir sannsynleg er det at bibliotekfolk og andre demokrati-vener må kjempe imot!
Foto: Den jødiske nobelprisvinnaren Imre Kertész sine bøker må ut av skolebiblioteka. Csaba Segesvári/Wikipedia (CC BY-SA 4.0).
Kulturfonna går?

I Klassekampen i dag er overskrifta til hovudsaka på kultur: «Skal bremse bokskred». For intervjuobjekt Anne Oterholm, leiar av fagleg utval for litteratur i Kulturrådet, er Kulturrådets økonomi det store problemet: «Det finnes ingen maksgrense for hvor mange bøker som kjøpes inn årlig, og dermed kan utgiftene bli høye når antallet påmeldte bøker stiger, slik som har vært tilfelle de siste årene. I september i fjor meldte Klassekampen at Kulturrådet «drukner i påmeldinger». Mens det i 2016 var 274 påmeldte bøker, kom det 346 påmeldinger i 2019».
Kulturrådet innfører no fire endringar som dei håper vil hjelpe.
Men fleire får problem. For dei fleste lesarane av denne bloggen er det ikkje noko nytt at auken i nye bøker frå «Fondet» ikkje er heilt problemfri for biblioteka heller. Bibliotekarar eg snakkar med er ofte i tvil om …
Publisert samtale om publisering i folkebibliotek
Med-bloggar Mikael Böök skal på OsloMet 5. mars snakke On the public library as publisher. Undertittelen lyder: «Thoughts about a greater engagement than hitherto in library publishing for the common good». Dette skjer under konferansen «Mid Term Meeting IFLA Special Interest Group On Library Publishing».
Det hender føredragshaldarar leverer «papers» ved slike høve, men Mika har gjort ein e-booklet i fire format, der han samtaler om temaet med Ralph Amissah (NYC) og underteikna. Heilt gratis, sjølvsagt.
Vad är nästa steg för biblioteken och biblioteksaktivismen?

Dette er spørsmål svenske bibliotekarar må stille seg i 2020 og framover, for: «Bibliotekens verksamhet är reellt hotad. Ett stort antal kommuner skär ner på folkbibliotekens verksamhet och förslagen om privatisering blir fler. Samtidigt ser vi hur högerpolitiska krafter avsätter tjänstepersoner, sätter bibliotekslagen på undantag och vill censurera bibliotekens programverksamhet.»
Og i BiS – Bibliotek i Samhälle – arrangerer dei eit ope møte – faktisk ein salong – om dette i Lund i Skåne 28. mars. Kva med å fylle ein bil frå ein stad på Austlandet, eller reise saman på tog eller buss? Bloggaren vurderer i alle fall å ta turen. Hugs, Sverige er eit granneland vi har mykje til felles med, ikkje minst opp- og nedturar på bibliotekfeltet.
Fritt for fridom?
For Khrono.no i dag er det «Uklart kvifor ytringsfridom i akademia ikkje er tema for ny kommisjon». Professor Kristian Gundersen ved Universitetet i Oslo blir intervjua og følgjer opp kritikken av mandatet til Ytringsfridomskommisjonen med blant anna dette:
— Det er veldig pussig å diskutere ytringsfridom utan å ta inn forskarane si rolle. Det blir som å bygge eit hus med tre og ikkje fire veggar. Eg forstår det ikkje, … Han meiner forskarar har ei veldig sentral rolle i den opplyste offentlege samtalen, og meiner det difor er svært rart at akkurat desse sektorane er tekne ut av mandatet. — Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på».
Skei Grandes «ISBN-flause» for tredje gong

Her på bloggen har Trine Skei Grande fått gjennomgå for mykje, og det meste har vore vel fortent, men her og no skal ho berre få ein streng peikefinger om å hugse å be om sitatsjekk og gjennomlesing av alle intervju.
Den tidlegare kultur- og no kunnskaps- og integreringsministeren må ha gløymt å be om dette då både Vårt Land og Dagbladet i kvart sitt intervju for to år sidan gav inntrykk av at ho ordnar boksamlinga si etter ISBN-nummer, «for å ha oversikt». Bibliotekarar og andre bokfolk ser då føre seg bøkene oppstilte etter desse ganske uinteressante nummera, i praksis blir det etter nasjonalitet og forlag. Og gjenfinning etter ISBN-nummer er for folk med Magnus-Carlsen-minne.
Men først i dag, i eit større heime-hos-intervju på Nrk.no, får vi forklaringa på samanhengen mellom ISBN og å halde oversikt over samlinga:
Optimisme-biletet av møteplassen

«Pumpet opp teatertall» var hovudsaka på kultursidene i Klassekampen 14. februar. Det er BI-professor Anne-Britt Gran som meiner SSB sitt tal for teaterbesøk «brukes i et optimisme-bilde», då dei «inkluderer … alle deltakere på omvisninger, konferanser og ulike formidlings- aktiviteter, uten at dette er opplyst om».
Og SSB lagde seg flate. Til skilnad frå då Ørjan Persen presenterte på Medium ein, etter mi meining, godt underbygd påstand om «Oppblåste tall i nasjonal bibliotekstrategi». Då fekk han ikke eit einaste svar.
I motsetnad til saka i KK har kanskje dette gått langt under radarane til både Kultur- og Kunnskapsdepartementa, så dei får få ein ny sjanse. Vi skal i alle fall tvitre dei om dette. Og poste det i statistikkgruppa på Bibliotekutvikling.no.
Persen viser til at feilen oppsto i evalueringa av den førre bibliotekstategien, men på kort tid har dette optimisme-biletet spreidd seg til fleire viktige fora, blant anna i regi av Nasjonalbiblioteket.
Kommentér gjerne her, og/eller hos Ørjan.
Googles grenselause omsorg
Nrk.no skreiv her om dagen at «Google vurderer å betale mediehus for nyheiter». « – Vi ønsker å hjelpe folk til å finne kvalitetsjournalistikk. Det er viktig for eit informert demokrati og bidreg til ein berekraftig nyheitsindustri, seier visepresident for nyheiter i Google, Richard Gingras til Financial Times».
For fem år sidan skreiv vi om Facebooks Instant Articles (sjå avsnittet «Information deficits and imperfections») som vel er/var noko av det same, men etter det vi i dag kan sjå, utan overveldande suksess. Men no prøver Google seg, kanskje fordi Facebook ikkje er heilt i toppform.
Men det finst sjølvsagt ein hake ved dette – eller aldri ein gratis lunsj, som det heiter: «- Det er mange redaksjonar som kjempar om merksemda. Det er difor sannsynleg at slike lisensavtalar blir for nokre få av dei største utgjevarane, seier ein direktør for eit journalistikkstuium ved universitetet i Oxford.
Denne bloggaren skal likevel prøve tenesta framover, for å sjå om også folk med sære interesser har noko å hente.
Biblioteket og tida vi har på lån
I biblioteket i Mill Valley, California, har dei starta eit omfattande program med foredrag, debattar, boktips, podcastar, blogg osv. osv. med fokus på klimakrisa: Borrowed Time.
Men også dette stiller vi på denne bloggen nokre kritiske spørsmål ved.
Det er ingen tvil om at folkebibliotek i dag ønsker å ta på seg større samfunnsansvar enn å «stille bøker og andre medier gratis til disposisjon», slik det har heitt i biblioteklova i nokre generasjonar. At det skal skje gjennom «aktiv formidling» har kome til, og for seks år sidan dette med møteplass og samtale og debatt.
I fleire år har til dømes det USA-baserte …
E-bøker i Europa, med meir

EBLIDA, den europeiske bibliotek- organisasjonen, er ein slik ein som kan vere god å ha når noko står på spel, som for to år sidan i kampen om opphavsretts- direktivet og generelt når det gjeld opphavsrett dei par siste tiåra. Ikkje at biblioteksektoren har fått noko stort gjennomslag internasjonalt, men markering og publisering av bibliotekas ofte avvikande standpunkt frå bok- og mediabransjane og rapportering og kunnskapsdeling til fagmiljøa er viktig nok.
No ser det ut til å vere noko på gang igjen. I nyheitsbrevet deira kan vi lese om blant anna tre spørjeundersøkingar dei no set igang (men berre i EU-landa?), om …
Noko heilt nytt, for meg i alle fall, er The EBLIDA Matrix, som handlar om berekraftige samfunn. Klikking rundt her avslører at mykje er uferdig, og det er enno ikkje lett å sjå korleis dei vil at biblioteka skal omsetje desse svært allmenne punkta og ønsketenkingane, vil mange seie, i konkrete tiltak og tenester til brukarane.
EBLIDA har fire medlemmar her i landet; NBF, NB og dei to universitetsbiblioteka i Oslo, mens i til dømes Danmark er åtte folkebibliotek medlem.
Dette med Valentindagen …

DYNAMISK avtale om digitaliserte aviser
Blant anna Aftenposten skriv i dag om avtalen mellom mediekonsernet Amedia og Nasjonalbiblioteket «som gir publikum åpen tilgang til avisarkivene til 73 lokalaviser». Medrekna ein del regionaviser. Avisene eldre enn 15 år vil vi kunne søkje i og lese på eige utstyr, mens det nyare får du på biblioteket sine maskiner. Så det avisene er best på, nyheiter, får du ikkje her, men alle som er historisk interesserte får eit kunnskapsløft.
Det kanskje mest spanande …