Archive for januar, 2020

januar 31, 2020

På barometertoppen

Her på bloggen har vi fleire gonger åtvara mot å juble for høgt for biblioteka sine årvisse topplasseringar på innbyggarunder- søkingane til Difi. For gratis tenester som heller ikkje krev noko av deg, er det umuleg å ikkje skåre høgt på slike målingar. Men i NOKUT sine Studiebarometer, som måler «opplevd studiekvalitet på studieprogrammer som tilbys av norske høyere utdanningsinstitusjoner», blir det litt annleis. Her konkurrerer UH-biblioteka med meir likeverdige tilbod og tenester.

Rapporten for 2019 er alt klar (!). I oppsummeringa om reaksjonane når det gjeld læringsmiljø heiter det:

read more »

januar 31, 2020

Innkjøpsordningar utan orden

«Innkjøpsordningen er vanskelig å forutsi». Ifølge forlagssjef Myriam H. Bjerkli på BOK365 onsdag. Samtidig som ho foreslår å gjere vurderinga av påmeldte bøker anonym. Dei skriv mykje om nulling for tida, både der og i Klassekampen blant anna.

Men til ei anna side ved innkjøpsordninga: Eg høyrde her om dagen at særleg sakprosabøkene tar så j… lang tid fram til biblioteka. Rekorden hos dei eg snakka med er ni – 9 – månader. Nokon høgare? 😦 Bruk kommentarfeltet.

Kunnskapsbiblioteket blir jo ein vits mange stader, der dei ikkje har råd til å kjøpe inn mens dei venter. Og dei som kjøper inn sit brått med for mange eksemplar. Dette har sikkert nokon prøvd å gjere noko med, men …

No ser vi tydeleg innkjøpsordningane sine sovepute-eigenskapar. Dei lokale mediebudsjetta er gradvis over mange år justert ned som resultat av innkjøpsordningane. Dette må vi rekne på og diskutere meir.

januar 31, 2020

Even in English

man driving vehicle near tree

Photo by Deeana Garcia on Pexels.com

A lot of international traffic on this blog these days. Seems like Google Translate and other apps make Norwegian (in fact New Norwegian – nynorsk, i.e. actual Norwegian, apart from Danish-Norwegian) readable to almost everyone? But we even have some stuff in English.

januar 30, 2020

Intelligent reklame?

Det er fredag og rom for lettare stoff, så kvifor ikkje denne miksen av ein reportasje i Aftenposten frå utflyttingsfesten på gamle Deichman og ein annonse for utlån …

Den seriøse baktanken er å kunne minne om korleis Facebook, Google og dei andre sosmed-sværingane gjennom dei hemmelege algoritmane sine rett nok kan gje oss ein del nyttige tips, men minst like ofte, som her, føre oss på avvegar.

Men den fullstendig uslåeleg uheldige trippelkollisjonen mellom redaksjonelt innhald og reklame skreiv Bjørn Bjørnsen om i boka «Våre nye folkeeventyr» i 1993, med undertittelen «Medieindustrien mot år 2000».

Ei bok som fekk underteikna til å oppsøke forfattaren i Drøbak med blokk og blyant og dermed debutere som journalist for Bok og bibliotek. Lesbar bok. Bør sjå på henne igjen (sorry, those are for Norwegian IPs only).

Eit PS til med-fossil frå 90-talet: Sjå dette som Bjørnsen snakkar om frå eit seminar i Mo i Rana. Han er positiv til «ideen om ein framtidig felles tekstdatabase ved nasjonalbiblioteket». Rett nok ikkje for skjermlesing (WWW dukka opp året etter), men for nytrykk av bøker. Eg hugsar ikkje seminaret lenger. Anyone? Bruk kommentarfeltet.

januar 30, 2020

Kva om biblioteket tok saka!

Tenkjer på denne Boltonboka som har så tungt for å kome ut…

Her på bloggen har Mikael Böök skrive ein god del om biblioteket som utgjevar. Og meir blir det, for på konferansen med det lange namnet «Mid Term Meeting IFLA Special Interest Group On Library Publishing» på OsloMet 5. og 6. mars skal han, og mange andre, delta og halde innlegg om folkebiblioteket som utgjevar.

januar 30, 2020

NETTHAT i Moss! Djupdykk i eit «debattbibliotek»

På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.

Er biletet av folkebiblioteket verkeleg i ferd med å frigjere seg frå det tradisjonelle «lånebiblioteket»? Men kva skal til for å kunne halde fram? Vi fekk ein prat rundt dette med representantar for både biblioteket og initiativtakarane til dette møtet.

Den fulle tittelen på møtet var «Netthets: Hva er dette fenomenet? Er kvinner og jenter mer utsatt enn menn? Hva kan vi gjøre for å forebygge?». Dette var berre første møte av fire om kvinnerelaterte spørsmål, og initiativtakar er Moss Arbeiderpartis kvinnenettverk.

Debatt er eitt av dei mest potente stikkorda for det moderne biblioteket når vi skriv 2020, men å finne folk som er for netthat er ikkje lett, så det blei to innleiarar som utfylte kvarandre;

read more »

januar 29, 2020

Super-falske-nyheiter-generatoren er laus! Og så?

477px-Frankenstein's_monster_(Boris_Karloff)

Frå filmen The Bride of Frankenstein. Kjelde: Wikipedia.

Vi skreiv i går om Googles nye søkemotor for Open Data. Sjølvsagt skal vi dele forsking «i vilden sky»! Eller?

På forskning.no i går skreiv samtidig Ingrid Torp frå De nasjonale forskningsetiske komiteene om forskningsetikken rundt sånt som vi peikar på i overskrifta: «Bør forskere holde tilbake kunnskap? En del forskning kan misbrukes. Noen forskere velger derfor å holde resultater tilbake».

>> Og dette er det ein diskusjon om på Cinemateket i Oslo i kveld, med filmvising (Wim Wenders: Til verdens ende), om du ikkje har anna å gjere i hovudstaden.

Attende til generatoren i overskrifta: Dette er såpass innfløkt – og viktig – at vi berre siterer Torp vidare:

read more »

januar 28, 2020

Lankes i landet

Bloggaren fekk ikkje med seg verken ALMPUB-sluttkonferansen eller referanse-evenementet i Tønsberg, og dermed ikkje amerikanaren R. David Lankes, eitt av dei hottaste namna i bibliotekverda dei siste åra. Men det finst jo strøyming, når vi får tid.

Men vi leser no ein fyldig European Trip Report på Lankes’ blogg og forstår at han var godt nøgd med alt han såg og høyrde her i landet, så vel som på kontinentet. Og vi nytter høvet til å gratulere Ragnar Audunson (og gjengen) med vel blåst prosjekt, og, etter det vi forstår, oppnådd pensjonering. Og med denne karakteristikken frå Lankes: « … the great Professor Ragnar Audunson of OSLOMet»!

januar 28, 2020

Atekst snart berre for dei rike

unnamed-2

Gamle aviser må vel trykkast opp igjen no? Her ei viss 50-årsjubileumsutgåve

For eitt år og fire dagar sidan skreiv vi om krisa for Atekst når nokre aviser trekker seg og stadig fleire aviser innfører embargo på artiklane sine på ei veke eller meir. No har dette stått på eit år, og ved inngangen til 2020 har Retriever/Atekst valt ein ny betalingsmodell som for dei fleste vil bety ein sterk prisauke. Så mykje dyrare blir det, meiner i dag NBF-nestleiar og bibliotekdirektør på OsloMet Lars Egeland på Khrono.no, at fleire bibliotek må seie opp avtalane.

>> 31. januar: Retriever støttar delvis Egeland, men skuldar på avisene.

OsloMet forlenger avtalen med same sum som i fjor, men alt utpå våren vil pengane ta slutt, då den nye betalingsmodellen går på forbruk, artikkel for artikkel. Det blir ein prisauke på 170% om dei skulle halde fram med like mykje bruk som i fjor. Det same valet har UiO, UiB, UiT og NTNU gjort.

Kritikken til Egeland er skarp; han skriv blant anna at «avisarkivet er en monopolist som nå presser prisene oppover samtidig som folks mulighet til å kunne søke i gamle avisartikler i høyeste grad er av stor demokratisk betydning». Men han foreslår også konkrete løysingar baserte på røynslene med Lovdata i året som gjekk:

read more »

januar 28, 2020

Opne data med Google

Når no Computerworld Norge skriv om at Google Dataset Search har avslutta betaperioden, vil truleg medvitet rundt Open Data auke for mange.

For å få ein idé om denne typen kunnskapskjelder, sjå oversikta til Digitaliseringsdirektoratet over norske dataset. Og ein grei omtale av den nye søkemotoren har dei på Stanford:

read more »

januar 28, 2020

Nettguiden?!

Då Lasse Christensen pensjonerte seg etter ei årrekke frå Bærum bibliotek avslutta han med at han var «glad for at nettguiden kanskje kan bli videreført i en eller annen form, ett eller annet sted. Hva som skjer, vil tiden vise». Men no er den søkk vekk. Dei mange biblioteka som lenker til Bærums guide må no fjerne lenkene.

Dette var ei raus deling av ressursar i mange år, og Bærum bibliotek skal først og fremst ha takk og ros så lenge det varte. Det einaste rimelege ville vere at Nasjonalbiblioteket vidareførte tenesta.

Veit nokon noko meir? Det var nyleg ein konferanse om referansearbeid og kunnskapsformidling i Tønsberg. Var saka oppe der?

Bruk kommentarfeltet.

januar 28, 2020

Digitalisering på svensk. Men til ein pris?

Sveriges første bibliotekar? Eller boktrykkar? Frå Medeltidsmuseet i Stockholm

Til skilnad frå her i landet, kor det aller aller meste av bibliotekdigitaliseringa finn stad ved Nasjonalbiblioteket i Rana, har no det svenske nasjonalbiblioteket, Kungliga biblioteket (KB) i Stockholm, erklært at «Hela den svenska tryckproduktionen från 1400-talet fram till i dag ska göras digitalt tillgänglig», men det skal skje ved seks bibliotek rundt i landet, nemleg ved universiteta i Göteborg, Lund, Stockholm, Umeå og Uppsala, i tillegg til KB.

Nytt 29.1.: Sjå svar i kommentarfeltet frå bl.a. den svenske riksbibliotekaren. 

Materiale som har falle i det fri skal ha høgst prioritet, men det heiter at «samtliga böcker, tidningar, tidskrifter, läromedel och rapporter som getts ut i Sverige ska finnas digitalt tillgängliga».

Når det gjeld vilkåra for brukarane finn vi i den komplette erklæringa at «Så mycket material som möjligt ska tillgängliggöras enkelt och helt fritt eller till lägsta möjliga kostnad».

Mykje er uklart her, og det er altså to uttrykkelege atterhald, mot eitt i Noreg (at det nyaste (f.o.m. 2001) ikkje er med i den opne tenesta). Men meir alvorleg i Sverige er det at gratisprinsippet kan vere i fare.

Det siste var faktisk lenge uavklart også i Noreg då bokhylla.no var under utvikling. Vi presenterte nyleg den slett ikkje udramatiske og fleire månader lange prosessen i 2006 …

read more »

januar 27, 2020

Bibliotekarar gjev Digihjelp «så godt dei kan»

unnamed

Osse i DK

Ein verkeleg god reportasje på NRK Trøndelag i dag frå Trondheim folkebibliotek og tankevekkjande på fleire vis:

  • Når det gjeld kor mange som ikkje meistrar den stadig meir digitaliserte kvardagen (nyleg såg vi at 10% vaksne enno ikkje er på nettbank = nær ein halv million).
  • Når det gjeld korleis biblioteka (tre av fire på landsbasis, står det) er med på «Digihjelpen», men ofte kjem til kort på grunn av manglande kompetanse og stor pågang (og hugs, biblioteket i Trondheim blant dei største og mest kompetente).
  • Og tankevekkjande er det ikkje minst kor elegant kommunal- og moderniseringsminister og til nyleg digitaliseringsminister, for ikkje å gløyme mangeårig Minerva-redaktør, Nikolai Astrup skyv ansvaret frå seg med skikkeleg forretningsstandsmessig nytale: «– Kommunene må rulle ut dette, sammen med frivillige og lokale aktører».
januar 25, 2020

Bibliotekminister med viktig presisering

Foto: Liv Aarberg / Venstre. CC-BY-SA-2.0 Wikipedia.

Den nye borgarlege regjeringa er på plass. Forskerforum intervjuar Abid Raja, den nye kultur- og dermed bibliotekministeren, som overtar etter Trine Skei Grande. Og vi får vite at «en del av kulturlivet kjenner han godt, for biblioteket var en viktig del av oppveksten».

Dette er jo nokre år sidan, men slett ikkje bortkasta. Men kan han løfte bibliotekpolitikken over det tradisjonelle nivået frå alle norske regjeringar vi kan hugse, og som ser omlag slik ut: » Biblioteket er såpass populært at vi ikkje kan kutte så det synast»?
Her på bloggen har vi sitert Raja éin gong tidligare, nemleg for to år sidan. Og då kom han med ei viktig avklaring;

read more »

januar 23, 2020

Global landsby?

Bjørn Vassnes skriv i dag i Klassekampen (på papir og på nett for tingarar) om «Skaleringsblindheten». Éitt auge å bli blind på er når du trur at alt som blir testa på mus er overførbart på menneske. Men fordi livsprosessane til små dyr som mus (eg kjem snart til landsbyen!) går så mykje raskare, utvikler dei også mykje raskare til dømes kreft.

Og så drar han inn media-guru Marshall McLuhan, ein forfattar som i alle fall var stor snakkis på bibliotekskolen på 70-talet og som fekk ein renessanse då internettet kom tjue år seinare. Vassnes skriv:

«Også på andre områder og andre fagfelter, kan «skaleringsblindhet» føre til feilslutninger. Som da Marshall McLuhan kom med sin tese om «den globale landsby». Med dette mente han at nye kommunikasjonsteknologier knyttet verden sammen på en måte som gjorde alle klodens mennesker til beboere i én og samme landsby, fordi vi nå kunne se bilder fra og kommunisere med folk på den andre siden av jorda. Men en landsby kan ikke skaleres opp …

read more »