Archive for juli, 2019

juli 31, 2019

Kva meiner EIGENTLEG bokbransjen om bibliotek?

Del denne tweeten, eit forsøk på å få kulturredaksjonar forlag, bokhandel og forfattarorganisasjonar til å ta den verkelege bibliotekdebatten. Slutt med festtalane!

juli 27, 2019

Meir litteraturpolitikk

Mens professorane Slaatta og Rønning har skrive bok om litteraturpolitikk der biblioteka framstår nærmast uinteressante, seier forlagssjef Gerd Johnsen i Res Publica dette til Bok365 på spørsmålet «Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?»:

– Som kulturminister ville jeg økt bevilgningene til innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa – det skrives så mange gode bøker i Norge som fortjener å bli kjøpt inn til bibliotekene og få lesere landet rundt!

juli 25, 2019

Litteraturpolitikk utan sans for bibliotek

Slaatta og Rønning med kaffiflekkar frå Bergensbanen

>> Oppdatert på eit par punkt 16.8.2019

6. juli blogga vi om oppslaget i Klassekampen om boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse» av Helge Rønning og Tore Slaatta. Verken vår eller (truleg) Ragnar Audunsons kritikk av karakteristikkane deira av biblioteket var basert på lesing av den blodferske boka. Men no har vi endeleg fått direkte innblikk i verktøykassa. Likevel utan å bli imponert.

NB: Forfattarane sin påstand om biblioteket som ein slags urimeleg, skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen, kjem vi ikkje til å ta opp igjen her, då Audunson og Sira Myhre avviste påstanden solid i Klassekampen, jf lenkene ovanfor.

Boka burde vore viktig, då lite blir skrive om dette i bokform, i alle fall ikkje til eit litt større publikum. Og denne stiller ikkje spesielt høge krav til lesaren gjennom dei små 131 sidene pluss godt noteapparat. Men det er ingen mangel på ambisjonar, for lanseringa av boka har forlaget kopla til Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt denne hausten. Det må vel bety at boka heilt eller delvis skal brukast internasjonalt, noko som ikkje blir mindre sannsynleg når forfattarane er dei dei er.

Nytt 4.8. >> Vi ser i dag at boka også har kome ut på engelsk.

Men då blir det endå viktigare å få meir debatt om boka enn her på bloggen og dei to tekstane i Klassekampen, pluss éin stutt omtale i Vårt Land (per 25.7. på Atekst). 

read more »

juli 24, 2019

Gløymt bibliotekutsmykking

Biblioteket er blant anna omtalt som «nasjonens hukommelse». Men det gjeld ironisk nok ikkje biblioteket i Nasjonspalasset i Genéve. Torild Skard skriv i Klassekampen i dag om eit gedigent måleri av Henrik Sørensen som dei ikkje berre hadde «gløymt», men også rota vekk identiten til (les: metadataen 🙂 ). Men no er alt på plass. For bibliotekturistar: Location and Opening Hours.

juli 22, 2019

Nedskjeringar med betre samvit

I gårsdagens theguardian kan vi lese om stordatabaserte analyseprogram som ikkje berre kommersielle, men no også det offentlege tar i bruk for å kunne planleggje betre, meiner dei. Blant anna også planleggje kva for nedskjeringar som vil vere minst uakseptable for folk. Kor kjem biblioteket på lista då, etter helse, omsorg og skole?

juli 22, 2019

Kulturpolitikk, lissom

Steffen Kverneland på bok365.no: Slutt «å mase på kunstnere om at de skal være «entrepenører». Og: «Gaveforsterkingsordningen … er skjult subsidiering av de superrikes smak.»

juli 20, 2019

Ikkje i bokhandelen, men …

I Klassekampen i dag står Åse Dragland fram som «usynleg forfattar»: «Vi som gir ut bøker som aldri blir anmeldt. Som ikke finner igjen bøkene våre hos bokhandlerne. De ligger nemlig aldri i bunkene på utstillingsbordene». Skriv ho, før ho kjem med ei etterlysing: » … hadde det ikke vært OK med et lite bord i bokhandelen der du fant noe annet enn bestselgerne og alle dameromanene? Der det lå små bøker med titler du aldri hadde hørt om og forfattere du aldri hadde sett omtalt i avisene?»

Det vil ikkje skje der marknadskreftene rår, og særleg ikkje i Noreg med den vertikale bokbransjen sin. Til skilnad frå i det ikkje-kommersielle biblioteket. Som her i Århus. Norske bibliotek bør følgje opp.

juli 19, 2019

Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no

20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt «oppå» måneferda.

I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:

read more »

juli 18, 2019

Ryggsekklån med prioriterte mål

Ryggsekk, men for liten til aksjonistisk lån av 50 bibliotekbøker, som er maks-talet for heimlån i Sthlm.

I førre veke hadde vi ein on the spot reportasje om bibliotekkampane i Stockholm. Denne prosessen viser seg å ha fleire fasar. No midt i juli er ein låneaksjon i gang ved avdelinga Internationella biblioteket (IB), og denne får i dag god dekking i riksavisa Dagens Nyheter.

DN på Nett har betalingsmur, men med vener i bibliotekvesenet er slikt problemfritt. Vi les i oppslaget blant anna at bøker som ikkje har vore utlånte på fem år skal prioriterast i kasseringa som trengst når IB skal flytte til nokre mykje mindre lokale. Så svarer aksjonistane med å oppmode folk til å låne med seg akkurat desse bøkene.

Vi siterer vidare DN om IB-alvoret:

read more »

juli 14, 2019

Sommarreprise – utan gåveforsterking

Skjermbilde 2019-07-14 13.27.55

Gåver, men til bibliotekpublikum i Århus

I samband med søstrene Fredriksensaka eller skal vi seie Nasjonalmuseumsaka for ikkje å seie Skei Grandesaka nr. ørten i 2019, kjem dette med regjeringa si gåveforsterkingsordning opp igjen.

For at ingen skal vere i tvil, så slår vi fast at det er fullt lovleg for bibliotek å søkje og også hakket meir enn teoretisk muleg for bibliotek å få støtte. Men berre såvidt. Vi skreiv om dette i mai.

juli 12, 2019

Fem hundre og sju

Dette er talet på dagens nedlastingar her på bloggen fram til klokka 23, altså på ein fredag midt i juli! Noko som viser at lesarane langtfrå berre er interesserte i faglege praktikalitetar, for dei to klårt mest nedlasta sakene i dag var om dei uvanleg store nedskjeringane i Stockholm og om den uventa breisida mot biblioteket i boka «Litteraturpolitkkens verktøykasse».

juli 12, 2019

Plan S-debatt

Skjermbilde 2019-07-12 10.14.36

Daud dinosaur

På Khrono går debatten om Plan S vidare. Leiaren av Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, var på banen i går og forsvarte CC BY NC-lisensen versus Plan S sin CC BY. I dag repliserer NTNU-professor Alex Hansen og Khrono oppsummerer i ingressen at han «er glad for at Forskerforbundets ståsted med hensyn på åpen publisering er klarere. Inntil nå har hans inntrykk vært at de hadde plassert seg på de døende dinosaurenes side.»

juli 11, 2019

Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka

Skjermbilde 2019-07-04 22.37.58Her på bloggen har vi gitt stor plass til bibliotekkrisa i Storbritannia og til nedturen i Danmark. Men så lenge det veks opp fantastiske nybygg som i Århus og Helsingfors og i Bodø og snart i Oslo, så kan det vel ikkje vere så gale, tenkjer mange? Og den godt over hundre år gamle og internasjonalt nærmast mytiske Scandinavian Public Library Model må vel stå trygt?

Men så kjem det skremmande signal frå Stockholm. Store kutt og endå større til året. Og med ein kulturråd som skandaliserte seg sjølv i manges auge med forslag om konkurranseutsetjing av biblioteket, noko han rett nok blei pressa av sine eigne til å dementere.

Då tar vi ein tur til Stockholm, rett og slett. Det er jo også ljuva mittsommarn på gang og betre vêrmeldingar enn heime.

Vi treffer Alice Thorburn på Stockholms stadsbibliotek på Sveavägen, …

read more »

juli 9, 2019

– Folkebibliotekets gamle rolle

HoF situasjon Moss

På veggen i eit litteraturhus, House of Foundation i Moss. Men lite å sjå til konflikt med biblioteket tjue meter unna

>> 15.7. Sjå viktig kommentar under.

Dette er overskrifta på eit debattinnlegg av Ragnar Audunson i Klassekampen i dag (les heile teksten nedanfor, med godkjenning av forfattaren). Bibliotekprofessor Audunson imøtegår oppslaget laurdag om boka «Litteraturpolitkkens verktøykasse», der forfattarane reiser ei motseiing mellom bibliotek og litteraturhus og annan påstått «direkte konkurranse» mellom offentlege og private litteraturformidlarar. Den private sida og «dens profesjonelle aktører» kan «utkonkurreres».

Vi har enno ikkje fått noko leseeksemplar og har ikkje meir å melde, anna enn at forfattarane av denne boka på Pax forlag ikkje er kven som helst, nemleg medieprofessorane Tore Slaatta og Helge Rønning, der førstnemnde er i permisjon frå jobben som generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) for å skrive boka. Her ligg det altså prestisje frå bokbransjen si side, så det er ingen grunn til å slå seg til ro på bibliotekhald. For ikkje å seie bibliotekbrukarhald.

Audunson kan forhistoria både hundre og eit lite tiår attende. Dermed blir det eit spark også til nasjonalbibliotekar Sira Myhre. Men les heile innlegget hans:

read more »

juli 8, 2019

Lesetips frå Dovre

For ein som aller helst stør seg på personleg tillit og kontakt når det gjeld å finne noko lesbart i flaumen av bøker, er denne nyvinninga frå Dovre folkebibliotek noko av det beste vi har sett i den virtuelle verda.