Archive for mars, 2019

mars 29, 2019

Fritt Ord har skjønt det

Dei har gjeve støtte til formidling og debatt i bibliotek i fleire år, og i dag, på lista biblioteknorge, forsøker Fritt Ord igjen å løfte fram «debattbiblioteket». Frå utlysingsteksten:

«Hvilke tema rundt andre verdenskrig i Norge er fremdeles tabu? Hvilke kanoniserte skjønnlitterære verk om krig har fortsatt relevans i dag? Hvordan preger krigserfaringer dagens norske samfunn? Hvilken rolle kan litteraturen ha i forsoningsprosesser etter krig? Er Norge en fredsnasjon? Hvordan formidler man best krigslitteratur overfor barn og unge? Hvordan behandler litteraturen fremmedkriger-problematikk?»

mars 29, 2019

Meir ope bibliotek

I ein debatt i dag på svenske Biblist om nytt hovudbibliotek i Stockholm konkluderer bis-veteranen Ingrid Atlestam: «Ingen ska ha mer än 1000 meter till ett fullgott folkbibliotek. Inte meröppet utan mer öppet med kompetent personal.»

mars 29, 2019

Biblioteket og rikspressa

Skjermbilde 2019-03-29 12.08.57

I tilbakelent fredagsmodus kom vi til å søkje i Atekst etter saker om bibliotek* (trunkert) i riksavisene (papir) dei siste 365 dagane. Så såg vi på det same for ti år sidan, mellom dei same datoane i 2008-9, og fekk desse to tabellane.

Vi og fleire med oss har meint og sagt at det er meir bibliotekstoff i avisene no, men det stemmer altså slett ikkje. Nedgangen er på nesten 40 prosent. Men rekkjefølgja er heilt kasta om på. Aftenposten og Dagbladet er (også her) skuggar av seg sjølve, mens Klassekampen og Dagsavisen er på topp. Morgenbladet har skvisa ut A-Magasinet, mens Vårt Land held seg imponerande stabilt.

16 av dei 45 treffa i Finansavisen handlar om rangeringar av Bibliotekbaren på Bristol i spalta Lunsjguiden. Så det finst feilkjelder.

Dei vidare detaljane overlet vi til masterstudentar på Bislet i beita for noko å skrive om. Til dømes: Kor stor del er skandaleoppslag om kassering av bøker?

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 753 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

 

mars 28, 2019

UK: Oppheving av gratisprinsippet neste krisetiltak?

Huffington Posts britiske utgåve har vore i East Sussex og sett på bibliotekkrisa. Der har fylkesrådet sendt ut eit skjema der dei spør folk om kva for tiltak dei kan akseptere i neste runde med innsparingar. Eitt av alternativa er om dei kan tåle årsavgift for bibliotekbruk, under føresetnad om at biblioteklova sitt gratisprinsipp blir oppheva.

I artikkelen får vi nye tal for nedskjeringane sidan 2010: Minst 846 færre bibliotek, mellom 8 og 10 000 færre «professional library workers». Og om lag 400 tidlegare offentleg drivne bibliotek er blitt «community-run», som er bibliotek-nytale for at dei er overtekne av frivillige, stort sett amatørar.

mars 27, 2019

Bibliotek i kjøpesenter – kor lurt er det no?

Skjermbilde 2019-03-27 23.39.28

Frå historias beste kjøpesenterfilm. Klikk og kikk

Eigarane og dei tilsette på norske kjøpesenter er einige om to ting: At det går dårlegare for kjøpesentra – og at løysinga er «fleire opplevingar». Ut over ekstasen ved å shoppe, sjølvsagt. Nyleg skreiv E24 om Lagunen i Bergen, der ein ny kino skal gjere susen. Og i dag i fagforbundet Handel og Kontor sitt organ HK-nytt nr. 3/19 (berre på papir) kan vi lese at på senteret Fornebu S i Bærum har dei, i påvente av eit eventuelt kommunalt bibliotek, «fått et område i underetasjen til å lage et byttebibliotek.»

Etter det vi kan sjå er ein Bærumfilial på Fornebu lite aktuelt før etter 2035, i beste fall. No skal dei endeleg ruste opp Rykkin, etter fleire år med nedleggingstrugsmål. Og til dømes Ski bibliotek flytter om fire år ut av dei berre 17 år gamle lokala i Ski storsenter. Dei noverande er dårleg eigna for arrangement og som møteplass.

Og imens held suksessen til netthandelen fram og framtida til i alle fall privatbilbaserte sentra har vore ein god del lysare enn i dag. I USA er kjøpesenterdøden (Dead Malls) omfattande. Kor bra er det å vere bibliotek i eit kjøpesenter der butikkar – og folk – blir færre?

Ein del norske folkebibliotek er solid integrerte i kjøpesentra. Til dømes …

read more »

mars 27, 2019

The Scientist om europeisk Open Access og med Noreg i spiss

Karlstrøm 2019

Nina Karstrøm leiar forhandlingane for Unit

Det kanadiske vitskapsmagasinet The Scientist skriv i dag om dei europeiske konsortia som den seinare tida har vore pågåande i forhandlingar med dei store tidsskriftforlaga. Det har vekt oppsikt at konsortiet DEAL, som representerer 700 høgare lærestader Tyskland, og Unit i Noreg, har avslutta avtalene med Elsevier. Og i tillegg at begge har reforhandla avtaler med Wiley som, ifølgje ein representant for Max Planck-instituttet bør kunne bli «blåkopien» av framtidige avtalar mellom forlag og forskingsinstitusjonar. Nina Karlstøm, forhandlingsleiar ved Unit, er intervjua om den norske innsatsen (sjå også intervju vi gjorde med Karlstrøm for tidsskriftet Bibliotekaren, same dag som avtalen med Wiley var i hamn, men då vi enno ikkje fekk offentleggjere namnet på forlaget).

Direktøren for New York-baserte Ithaca (som blant anna står bak JSTOR) stadfestar at biblioteksektoren har fått ein sterkare posisjon ved forhandlingsborda. «Lekkasjar» via pirat-nettstader som Sci-Hub og nettverk som ResearchGate er noko av grunnen til at prisnivået på forskingsartiklar er lågare og at storforlaga derfor er svekka, meiner han.

mars 25, 2019

Angsten for faglitteraturen

fakta tromsø

Bibliotekarisk sjølvironi?

Som kvart svensk forsøker vi å overtyde oss sjølv om at påstandane til Knausgård med fleire er overdrivne når dei skriv om den «einøygde» svenske kultureliten, om den svenske angsten for alt som ikkje er «politisk korrekt» og for å krenke ein eller annan.

Men på det svenske forumet Biblist toppa det seg fredag med eit forslag om å starte ein bokvalsdebatt frå ein bibliotekar som personleg er «emot att köpa in böcker som är ovetenskapliga». Utgangspunktet var eit innlegg om at bibliotekarar bør setje seg inn i kritikken mot ei kontroversiell bok som i vitskapelege vendingar hevdar det er nær samanheng mellom matvanar og psykisk helse. Og som er kjøpt inn av såpass mange som 129 bibliotek.

Medbloggaren vår, Mikael Böök, åtvarar sterkt mot denne haldninga i eit svar. Han vedgår at til dømes Daniel Ellsbergs bøker og lekkasjar om USAs atomvåpenprogram osv. ikkje er vitskapelege i streng forstand. Til dømes den nyaste boka, «The Doomsday Machine», er «en bekännelsebok! Är den då ovetenskaplig? Ja, varje bekännelsebok måste i någon mån vara det.»

Men biblioteka må ha desse bøkene. Berre åtte svenske bibliotek har denne, skriv han. I Noreg berre eitt (?).

Les Böök sitt innlegg:

read more »

mars 20, 2019

Publikumssøket i bakleksa – men kor lenge?

dont give up

Søk og finn. Don’t give up

Vi ser at Nasjonalbiblioteket skal arrangere seminar 3. april med tittelen «Hei Siri. Kan du finne ei god bok til meg? Om søking i framtida». Vi skal altså snart kunne snakke til webkatalogen og få gode svar?

Men så tenkjer vi, ikkje som ekspert av noko slag, men som livslang brukar av bibliotekkatalogar, at ein god del må vel på plass innan vi kjem dit? For òg når det gjeld god, gamal skriftleg dialog ligg biblioteket langt etter Google, Amazon og andre søkemotorar og nettbutikkar. Stadig fleire av dei foreslår meir sannsynlege alternativ når vi har tenkt for vidt eller for smalt (for andre har søkt etter det same, og Google & co hugsar det for oss), og dei rettar typiske stavefeil mens vi skriv.

Eller: Får vi på konferansen i april høyre at vi ved hjelp av kunstig intelligens snart kan hoppe over slike utviklingssteg?

Kjære svenskspråklege lesarar: Kunstig intelligens = Artificiell intelligens (AI). Om ein norsking skriv «kunstig intelligens» på ein svensk maskin vil resultatet kunne bli ganske «konstig», for å seie det slik. Om ikkje, må maskina vere verkeleg intelligent!

Bibliotekarstanden syntest det var eit stort sprang framover då webkatalogane, pluss no også Oria.no og Bokhylla.no, fekk seg «google-søk», altså enkle rektangel som innbyr til å skrive og søkje i naturleg språk. Men så blir ikkje trefflistene heilt som du er van med frå Google.

Vi har lese og tenkt rundt dette ei tid, men påskottet vårt til å blogge om det no kom i form av eit nyheitsbrev frå …

read more »

mars 20, 2019

Biblioteket er mest truverdig. Men …

Skjermbilde 2019-03-20 13.05.01Danmarks biblioteksforening annonserte måndag: «Ny Megafon-måling placerer Facebook som bundskraber, og bibliotekerne som en klar topscorer i forhold til troværdighed.» Meiningsmålarane har spurt «hvor troværdig, de [danskane, vår merknad] oplever forskellige medier i forbindelse med informationssøgning.»

Men dei ulike «informasjonsleverandørane» som er lista opp (sjå illustrasjonen) er verkeleg hummer og kanari. Ikkje at vi har behov for å nedsnakke biblioteket, men mens dei fleste på lista er informasjonsprodusentar på ulike vis, er biblioteket …

read more »

mars 19, 2019

Kva skjer: Plan S, Open Access osv.

Skjermbilde 2018-12-20 19.01.40Då vi hadde ei veke ferie skjedde det saker og ting på denne fronten. Vi nemner i fleng:

  • 15. mars: Unit inngår avtale med Wiley om ope publisering. Dette er ifølgje ei pressemelding frå Unit ein ««publiser og les-avtale». Løsningen er fremforhandlet i samarbeid mellom Unit, NTNU og SINTEF på vegne av de deltagende norske forskningsinstitusjonene. I totalkostnader er Wiley den nest største avtalen Unit forhandler på vegne av norske forskningsinstitusjoner. 35 norske institusjoner deltar i denne avtalen.»
  • 13. mars: Den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA har ein Intellectual Freedom Blog der dei oppsummerte kva som vil «falle i det fri» i 2019. Noko av det spesielle med USA er at vernetida, som normalt er 70 år, er 95 år for verk som blei publiserte mellom 1924 og 1978.
  • 12. mars: Unit og norske forskingsistitusjonar fornyar ikkje avtalen med Elsevier. Unit skriv i ei pressemelding: «Til tross for gode diskusjoner underveis er tilbudet fra Elsevier fremdeles så langt fra å tilfredsstille prinsippene over, at det er umulig å akseptere det. Det blir dermed ikke inngått noen avtale for 2019, men dialogen fortsetter.» Sjå også reportasjar vi gjorde for tidsskriftet Bibliotekaren for ein månad sidan. Sjå også: Hva får man tilgang til av Elseviers artikler etter et tilgangsbrudd?
mars 18, 2019

Satirestopp etter opphavsrettsdirektivet?

Deutsche Welle har ein sak på Nettet 12. mars: Nettfilter må til for å stanse det som ifølgje direktivet vil vere ulovleg bruk av åndsverk. Men ein professor i media-juss frå Stuttgart minnar om at sjølv om Facebooks algoritme som skal oppdage og stoppe nakenscener og -bilete er blitt kontinuerleg forbetra, har han framleis store problem med å adressere dette presist i ein kunstnarleg samanheng. Lova handlar om mange svært ulike typar verk, til dømes tekst, bilete, audiovisuelt innhald, dataprogram og dansekunst: «At ein algoritme kan identifisere kritikk, satire eller sitat i alle tenkjelege former og samanhengar, er heilt umuleg. Dette krev vurdering av menneske», avsluttar professoren.

Så lukke til. Minnar om at Sigurd Evensmo blei psykisk og fysisk sjuk av å måtte sjå rundt 350 filmar i året som filmsensor i Statens filmkontroll. 

 

mars 16, 2019

New Zealand og det kollektive minnet

Den US-amerikanske kritiske nyheitstenesta FAIR peiker i dag på det dei meiner er eit døme på alvorleg svikt i det kollektive minnet hos sentrale samfunnsinstitusjonar. Det handlar om den halv-offentlege renommerte Washington DC-baserte kringkastaren NPR som har intervjua leiaren for ein kjend menneskerettsorganisasjon om massakren i moskeen i Christchurch. Sistnemnde hevdar at noko slikt angrep i ein moské aldri tidlegare har funne stad. Og intervjuaren tar dette for god fisk.

Men FAIR minner om fleire døme, eit av dei nyaste i Quebecq i 2017, som fekk stor internasjonal merksemd, eit anna i Den sentralafrikanske repulikken same år og massakrar i Myanmar og Sri Lanka tidlegare i tusenåret. FAIR oppsummerer: «Dette er eit prov på at informasjonssystema våre svikter når det gjeld å fokusere på vald mot muslimar – og følgjeleg den farlege svekkinga av det kollektive minnet vårt.»

mars 16, 2019

Det mystiske Serotonin-kapitlet

seritoninSom ivrig lesar av Houellebecq (jaudå) noterer vi oss eit lesarinnlegg av Per Buvik og Knut Stene-Johansen i Klassekampen i dag med tittelen «Serotonin – eller maltrakteringen av Houellebecq». Det handlar om den norske omsettinga som faktisk har uvanleg store avvik frå originalen, ikkje berre er inndelinga i kapittel ignorert, men eit siste kapittel er lagt til! Som om Houellebecq skal ha skrive det.

Nytt 20.3.: I Klassekampen i dag svarer Dagfinn Møller hos Cappelen Damm med å vedgå nokre «blanke linjer» som skulle/skulle ikkje ha vore der. Men noko vi ikkje kan sjå at Buvik & co har klaga på. Likevel skal det rettast opp i nye opplag. At eit kapittel skal ha vore lagt til, nektar Møller for. Vi avventar og vil følgje opp dette etter kvart svært interessante ordskiftet.

Forfattarane av kritikken konkluderar: «Egentlig burde alle som har kjøpt boken bli tilbudt nye og kompositorisk korrekte eksemplarer, som også burde sendes ut til bibliotekene med beskjed om at de gamle må makuleres.»

Vi har mange lesarar i dei andre nordiske landa: Har omsettingane dykkar eit kapittel som opnar omlag slik?: «Det er en hvit liten oval tablett som kan deles i to.» Bruk gjerne kommentarfeltet.

mars 15, 2019

Live Slang er død

11. mars var det slutt for bibliotekaren, journalisten, forlagsredaktøren og pådrivaren Live Slang, etter kort tids sjukdom. Etter fleire års samarbeid i ulike samanhengar kan vi seie at ho var eit av få menneske vi har hatt berre positive erfaringar med. Men ikkje fordi ho var av den «runde» typen, Live var klok og handlekraftig.

I biblioteksamanheng var den viktigaste innsatsen hennar redaktørjobben i Bok og bibliotek i nesten seks år, frå nummer 6, 1986, til nummer 2, 1992, med permisjon det året ho redigerte den viktige bokserien «Århundrets bibliotek». Bok og bibliotek hadde fram til då vore statleg «korrekt», typisk for den tida, med Statens bibliotektilsyn (SB) som utgjevar, direktøren som ansvarleg redaktør og konsulentar i SB som utøvande. Men Live var det som starta rørsla i retning av redaksjonell oppfrisking, ubunde redigering og tilslutting til Redaktørplakaten.

Denne redaktørgjerninga er ikkje nemnt i nekrologen i Klassekampen i dag. Der kan vi i staden lese at ho jobba i «Bibliotekforeningen», noko som må vere feil. I Norsk Bibliotekforening står likevel ein stol ledig etter henne i utvalet deira for litteraturpolitikk.

mars 14, 2019

Open Access – men kan det gjerast endå betre?

Skjermbilde 2019-03-15 16.32.24

Sivilt ulydig publisist. Kjelde: Albeet Jolly, Wikimedia.

Bibliotek er blitt godt stoff i media. Straks ein bloggar forsøker å ta seg ferie ei vekes tid så strøymar det på med viktige saker. Debatten om sosiale eller asosiale Oslo-bibliotek får vi la liggje, men Units og dermed norske bibliotek sitt brot med Elsevier kjem vi nok attende til. Det same med den ferske svenske bibliotekstrategien.

Og så er det jo enkelt å lenke til dagens kronikk i Klassekampen, forfatta av forskar Thomas Røraas og førsteamanuensis Reidun L.S. Kjome  frå Universitetet i Bergen. Det handlar om Open Access, men her minner dei om «gamle» og nye tiltak og idear som går lenger enn dei «tradisjonelle». Sånt som Alexandra Elbakyan sin «piratdatabase» Sci-Hub.

Denne skreiv også med-bloggar Mikael Böök om her for snart tre år sidan. I tillegg til at han har skrive ei heil bok om frigjeringa som trengst av kunnskapen: «Biblioteksaktivisten­­ — om makt och bibliotek i informationssamhället», som ein kan laste ned gratis eller kjøpe den nye papirutgåva frå Adlibris.

Er du ikkje tingar av Klassekampen eller har langt til eit bibliotek, kan du også lese dagens kronikk på Rødt Askøy si heimeside, der dei to er aktive.