Klassekampen har i nokre oppslag sett på effektane av den blåblå regjeringa si gåveforsterkingsordning, ei ordning for å «stimulere til økt privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegaver. Pengegavene utløser en gaveforsterkning til mottakeren på normalt 25 prosent av gavebeløpet.»
Hovudsaka for Klassekampen er at mangemillionærar har fått mest. Fleire av dei har fått «store beløp til kulturformål som de selv har grunnlagt eller tatt initiativ til, og som på grunnlag av disse overføringene fikk utløst millionbeløp fra regjeringens gaveforsterkningsordning.»
Dette er interressant nok, men på ein bibliotekblogg finn vi også andre ting å ta fatt i:
No vil næringsminister Røe Isaksen få utgreia konsekvensane av konkurranse- tilpassing av hittil offentlege tenester, og det ved hjelp av eit konsulentfirma som er kjent for å vere spesielt privatiseringsvenleg. Vi har tidlegare nemnt Hjelmeng-utvalet som Solberg I sette ned i 2016 for å sikre «like konkurransevilkår for offentlige og private aktører.» Kort fortalt må kommunale symjehallar, treningsentra og liknande vere førebudde på å tilpasse seg vilkåra for kommersiell drift.
Men bibliotek ser ut til å gå fri, fordi dei er gratis. Om den nye utgreiinga vil vri søkjelyset over på biblioteket, er ikkje sikkert, men vi må ikkje tru at slike juridiske subtilitetar er nok til å tryggje bibliotek mot konkurranseutsetting. Sjå berre korleis ekspansive britiske og svenske firma no spesialiserer seg på å drifte bibliotek. Og det utan slikt juridisk påtrykk. Vi har eit stikkord for artiklane våre om sånt: Privatisering.
Privatisering og konkurranseutsetting vil Solberg, Jensen, Skei Grande & co. svært gjerne kome lengre med innan Stortingsvalet om to år. Ganske mykje lengre. Helst så det ikkje kan reverserast.
Debattreol i biblioteket i Kulturhuset i Stockholm
Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag handlar om to bøker der forfattarane på ulike vis blei råka av meetoo-rørsla, men der dei no altså forsvarer seg i bokform. Dei same to bøkene er tema i ein kronikk av kulturredaktøren i GP – Göteborgs-Posten. Her er naturleg nok haustens Bokmässa i fokus, eit årvisst arrangement i Göteborg med lang tradisjon, dit også mange norske bibliotekarar finn vegen. Men, skriv kulturredaktøren, i år «undviker Bokmässan att sticka ut och skapa debatt för att få fler besökare.» Dei to bøkene «syns inte röken av på de officiella scenerna.» Kommersen rår.
Og frå før veit vi at ingen svenske forlag ville gje ut boka til den uthengde og no yrkesforbodne journalisten Fredrik Virtanen, så eit norsk forlag måtte trå til.
I ei bok med verdas 1400 beste sitat handlar berre eitt om biblioteket: «If truth is beauty, how come no one has their hair done in the library?» Ifølgje stand-up-komikar Lily Tomlin.
No inneheld boka berre sitat som kan tvitrast, altså med 140 teikn eller mindre. Jau, det er vanskeleg å yte biblioteket full rettferd i slik kortform. Så det finst minst 3 723 438 bøker med bibliotek som emneord, og 2672 filmar.
Og om du følgjer bloggaren på Twitter kan du lese mykje om bibliotek.
NRK Beta har sett nærmare på Norsk Helseinformatikk (nhi.no), den mest brukte helsenettstaden både av helsepersonell og oss andre. Men kritikken er ikkje nådig: «Mennesker i en sårbar situasjon utnyttes, mener Forbrukerrådet som kaller annonsepraksisen for et tillitsbrudd. NHI sender også besøksdata til Facebook.»
NRK Beta har intervjua ein advokat med moderne annonseteknologi som spesiale, som seier at «NHI har den mest utstrakte bruken av annonseteknologi jeg har sett, også i internasjonal sammenheng.» Og vidare: «Det er overraskende at NHI ikke har reflektert mer over hvilken informasjon de gir fra seg om brukerne sine, spesielt siden de har så mange aktører inne og sporer aktiviteten på sidene sine.»
Kva med å lenke til Helsebiblioteket på biblioteket si heimeside? Og skrive ut og leggje fram faktaarka deira i biblioteket? Og e-ressursar kan faktisk leggjast i katalogen.
Endetida er nær. Google si indeksering av verdsveven sviktar, melder ein nettstad med namnet Bleepingcomputer.com.
Men som tingar på nyheitsbrevet eller tweetane frå denne bloggen, kan du snike deg unna den kollektive gravferda. Gå til den høgre kolonna her, og litt ned, og skriv inn epostadressa di.
Biblioteket i finske Kuopio har slutta å plaste bøkene. Slitasjen er gjennomsnittleg liten, så det er pengar og tid å spare. Også når bøkene skal resirkulerast. Og så har vi miljøet, sjølvsagt.
Eit relativt heitt tema for bibliotekarar på universitet, forskingsinstitusjonar og høgskolar i desse dagar er systematiske oversikter og -søk. Retta mot forskarar først og fremst. Ein ganske omfattande artikkel har funnest på norsk Wikipedia alt i fleire år, og i eit prosjekt på UBO deler dei viktig kunnskap, særleg rundt dei medisinske biblioteka, men også samfunnsfaga kjem med.
Men her på bloggen meiner vi ein bør tenkje slik også når det gjeld folkebibliotek og brukarane deira. Kompliserte prosessar av ulike slag er i dag blitt vanlege i store og små kommunar, der både fagfolk, politikarar, lokalpresse og innbyggjarar vil ha nytte av gode tematiske litteraturlister på nett. Og kven andre enn biblioteket, …
Truleg ei av dei pliktavleverte norske bøkene frå 2019
Sist oppdatert 24.5.19 kl. 00.16.
Nasjonalbiblioteket annonserer i desse dagar: «Som følge av at pliktavleveringsloven ble endret og forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument trådde i kraft, vil det bli åpnet for en prøveordning for digital tilgang i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek for forsknings- og dokumentasjonsformål.»
Dei viktigaste avgrensingane ligg i orda med feite typar ovanfor. Fleire avgrensingar går fram av eit brev 2.7.2018 frå Kulturdepartementet til Nasjonalbiblioteket (pdf): For det første at berre fire brukarar får tilgang samtidig og «en karantenetid på to timer etter at aktiv bruk av dokumentet er avsluttet, samt at materialet ikke kan lastes ned.» Her gjeld altså ikkje tidsgrensa for bokhylla.no, som p.t. er ved utgangen av år 2000.
Alle ved institusjonar som er på Feide har alt tilgang, mens for brukarar av andre bibliotek enn dei i UH-sektoren må det søkast …
Når såg vi sist at KS, tidlegare kjent som Kommunenes Sentralforbund, tok eit løft for biblioteka? Dei har «Kultur» som eit fagområde (gruppert under «Barn og unge»), men ein må leite lenge om ein eventuelt finn noko om bibliotek der.
Noko anna er det over Kjølen, der systerorganisasjonen SKL nyleg gjekk ut med …
På Kulturbyen Oslo kan vi i dag lese om Camp Deichman – Deichman sitt nye, sommarlege utandørsbibliotek i Oslo «som består av en container, fire biblioteksykler, en iskrembod-sykkel fra Sandwich Brothers, og en sceneplatting.»
Den offisielle opninga skjer tysdag 21. mai på Stortorvet kl. 16.00. Ein time seinare kjem folkrock-bandet Tusmørke på scena, med «magisk musikk som tar oss gjennom lokale myter og historier og, ikke minst, inn på biblioteket.»
Utandørsbiblioteket må vi kunne sjå i samanheng med eit saftig bibliotekstunt frå byrjinga av det førre hundreåret. Blant anna Nils Johan Ringdal i Deichmanhistoria «By. bok, borger» skriv om korleis …
Forfattaren og bibliotekvenen Sven Lindqvist døydde 14. mai. Underteikna intervjua han for Bok og bibliotek i 1994. Han var ein ubunden radikalar og demokrat med integritet så det heldt. På bibliotekskolen i Oslo på midten av 1970-talet var boka hans «Grav der du står» ein slags uoffisielt pensum.
Eit bryggeri hadde denne løysinga ei tid. Men ikkje lenge
I går var det debatt om kulturmeldinga på Stortinget. Få i bibliotekmiljøet hadde spesielt stor von til meldinga då ho kom i november, men var nøgde med at biblioteklova skal få halde fram som i dag og ikkje bakast inn i kulturlova. Men det blei likevel ei særs interessant oppleving på Stortinget i går, for sjeldan har vi sett ein så bastant retrett av ein tidlegare sjølverklært «bibliotekpolitikar» og sjeldan ei så hyklersk framferd frå opposisjonen. Og dét frå ein vi aldri hadde trudd vi skulle kome til å sitere igjen.
Her tenkjer vi ikkje på Freddy André Øvstegård. For han tok opp att SV sitt krav om kulturløft, medrekna bibliotekløft, med øyremerkt statstilskot. Og han kunne samtidig ikkje unngå å kritisere Venstre for å ha forlate det liknande standpunktet som dei hadde hatt heilt frå 2013 og fram til stortingsvalkampen.
Svensk glesbygd. Frå filmen «Finnskog og trollskap». Klikk og kikk
For snart to år sidan var vi i Stockholm og fekk førstehands info om at den svenske regjeringa ville bruke ein kvart milliard svenske kroner kvart år i tre år for å styrke folkebiblioteket. Det var på den tida det framleis var håp i hangande snøre om noko liknade i Noreg, men som forsvann som dogg for sola då Venstre kom i regjering og blei eit «ansvarleg» parti (rett nok høyrer vi i dag at regjeringa held lovnaden om MVA-fritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Det burde få forlaga til forhandlingsbordet igjen med biblioteka, men vi trur det først når vi ser det).
Men til Sverige: Der kom no rapporten «Stärkta bibliotek» om bruken av den første kvart-millionen for styrking av bibliotek i 2018. Støtta der går til meir langsiktig styrking og utvikling og det er strenge vilkår for tildeling: