Archive for april, 2020

april 30, 2020

Bibliotekrettleiing med fullt sprik

Skjermbilde 2020-04-30 18.24.36

Må vi ty til svenskane når det gjeld rettleiing?

Onsdag var det uvanleg sterke reaksjonar på fagforumet biblioteknorge etter at Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet hadde annonsert at dei ikkje vil kome med noka rettleiing for opning av biblioteka, til skilnad frå andre fag og bransjar. Dei generelle smittevernreglane skal vere nok (Bibliotekar- forbundet fekk eit liknande svar). Då viste vi her på bloggen til at blant anna i Danmark hadde bibliotekforeiningane kome med ganske detaljerte forslag i eit brev til kulturminsteren.

Men no har foreiningane fått svar frå Sundhedsstyrelsen (SST). Dette oppsummer Danmarks Biblioteksforening (DB) slik «at der ikke kan gives branche-/sektorspecifikke retningslinjer for nuværende, kun at SST er bekendt med, at bøger skal være karantæne i 72 timer». Men fagforbundet Kultur og Information har ei anna tolking, nemleg at …

read more »

april 30, 2020

Kan kjenslene for biblioteket gå konkurs?

Skjermbilde 2020-04-30 13.10.14

Framandordbok moden for kassering (klikk og kikk)

Éin ting er det praktiske og det politiske ved å opne biblioteka igjen. Ein annan er det mentale, brukaranes haldningar og kjensler etter tre-fire månaders stenging. I Morgenbladet 24. april under tittelen «Finst det ein normal menneska kan venda tilbake til?» skreiv Gudmund Skjeldal blant anna:

read more »

april 29, 2020

«Take-away» må bli permanent

Skjermbilde 2020-04-29 13.15.03Når biblioteka opnar igjen (det skjer no enkelte stader i landet) vil det vere med ganske omfattande smittevern-tiltak, men likevel kan ikkje den nye «bibliotek-normalen» bli på langt nær som før koronaen. Blant anna fordi kvar femte innbyggjar må vere endå meir forsiktig enn i mars og april.

På fagforumet biblioteknorge i dag er det høg temperatur på debatten om opning av folkebiblioteka etter den verste smitteperioden. Bibliotekarar har venta på ei skikkeleg rettleiing slik andre sektorar har fått, men Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartmenetet signaliserer 27. april praktisk talt «faren over», så lenge ein held seg til generelle førebyggjande tiltak mot smitte.

Men nokre bibliotek har utarbeidd sine eigne planar i samarbeid med kommuneleiinga og kommunelegen, og desse er spesifikke på situasjonen i bibliotek og nokre ganske detaljerte. Blant anna har Modum/Midt-Buskerud bibliotek eit godt utgangspunkt …

read more »

april 27, 2020

Biblioteka treng alliansar framover

Skjermbilde 2020-04-27 18.37.55

Klikk og sjå heilsidesannonsa frå Deichmans venner i 1990. Etter allianse med bl.a. Fritt Ord

Mange bibliotek har veneforeiningar. Dette er ofte greie nok foreiningar i «fredstid», som typisk står for eit ope arrangement eller to i løpet av året, er med på loppemarknaden og har ei Facebookside med ofte god deltaking.

Men når den lokaløkonomiske post-korona-realitetane slår inn over oss alt til hausten, men kanskje særleg neste år, når regjeringa vil trappe ned på fondsbruken, er det ikkje nok. Då må alliansar byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati. Sitat frå «Sju forslag for den nære framtida»

april 27, 2020

Kva slags demokrati?

Prinsippa om offentleg innsyn, open informasjon og debatt er nært knytte til heile ideen om biblioteket. No har vi ein diskusjon om appen Smittestopp som skal overvåke oss, men til fellesskapens beste, heiter det. Og på Nrk.no i dag handlar det om at dei har fått tilgang til dei hemmelege rapportane om konsekvensane av koronaen, men det meste er sladda «av hensyn til rikets sikkerhet».

Bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar må framover alliere seg med andre krefter som som «i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati» (frå «Sju forslag for den nære framtida»).

april 25, 2020

Når skolane opnar, kva med skolebiblioteka og smittefare?

Dei har laga ei «Sjekkliste for smittevern på ungdomsskoler og videregående skoler», men skolebiblioteket er ikkje nemnt. Det står i kontrast til at det er omfattande reglar der bibliotek har eller har hatt ope under epidemien.

Godt då at stadig færre skolar har bibliotek …

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

 

april 25, 2020

Enklare og betre støtte til palestinske bibliotek

Skjermbilde 2020-04-25 12.48.04BiS, Bibliotek i samhälle, har blogga om Matloub, ein ny metode for å donere bøker til palestinske bibliotek, der ein kan gjere det individuelt og når som helst. Og resultatet blir meir presist:

«Önskemål på böcker har samlats in från ett antal palestinska bibliotek. Efter att du har köpt en bok och betalat för frakten, ser Matloub till att boken kommer fram till det bibliotek som har önskat den. Att fraktkostnaden ibland överstiger priset på själva boken speglar i vilken mån palestinska bibliotek verkar i ett samhälle där friheten är kringskuren och kontrollen är omfattande».

april 24, 2020

Korona-tragedie i Stockholm

Skjermbilde 2020-04-24 12.48.19Biblioteksbladet har i dag to saker om verkeleg alvorlege korona-hendingar i den svenske hovudstaden. I påska døydde ein tilsett på eit bibliotek der «flera larm kommit om stor smittorisk för personalen. Sedan slutet av mars har ett tjugotal incidentrapporter gjorts till kommunen av medarbetare och skyddsombud».

Og etter at verneombodet stansa all verksemd 27. mars, gjekk Arbetsmiljöverket til aksjon og vurderer no å gje biblioteket ei bot på 100 000 kroner. Ein representant for Arbetsmiljöverket «fick rapporter från flera skyddsombud att begärda åtgärder inte genomfördes och att besökare inte höll avstånd. Det förekom trängsel, städningen fungerade inte som den skulle och skyddsutrustning saknades».

april 24, 2020

Sju forslag for den nære framtida

Skjermbilde 2020-04-24 12.23.45Bloggaren, eller meir presist frilansjournalisten, har i dag ei sak i Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» nummer 1/2020, og i nettutgåva: «Berekraft på ramme alvor». Det handlar om berekraft og klima, men også berekraft for biblioteket etter at koronakrisa har lagt seg, men når den økonomiske etterdønningen slår inn over oss.

Konklusjonen er at vi no må sjå på ulike scenario og våge å tenkje dristig. Her er nokre idear som for tida blir drøfta i inn- og utland (sjansen til å få gjennomført det enkelte tiltaket nedanfor vil variere etter kor svekka samfunnet, infrastrukturen og demokratiet blir):

read more »

april 24, 2020

Sagt om biblioteket

Det er mykje trist og leit i kvardagen denne våren, men den herverande bloggen er no oppe i 35 innlegg med stikkordet «Sagt om biblioteket». Og det meste av dette er klokt og positivt.

april 24, 2020

Få koronanytt når det er nytt

825 av dykk kunne lese fleire av dei nye blogginnlegga alt i førre veke. Dei følger nemleg bloggen på Twitter eller Facebook eller har tinga nyheitsbrev på e-post (sjå påmelding borte i høgre kolonna og litt nedover).

april 24, 2020

Litterære forundringsposar

Kulturbyen Oslo les vi i dag at også hovudstaden opnar for bokposetilbod (her heiter det «Bestill & hent»). Men i og med at byen er episenteret i Noreg for epidemien, må dei ha ekstra strenge reglar rundt dette: «Vi kommer til å avtale hentetidspunkt med hver enkelt låner for å unngå kødannelser utenfor bibliotekene. Hentingen vil foregå midt på dagen og på ettermiddagen, slik at folk skal slippe å ta seg til biblioteket når det er mange andre i gatene».

Men det finst alt 160.000 bibliotekbøker ute blant folk, og biblioteket kan derfor ikkje opne for innlevering. Derfor «vil det nok bli tomt for enkelte titler ganske fort. Derfor vil vi også tilby folk å låne bokposer med noen litterære overraskelser i».

april 24, 2020

Apropos reinhald av bøker (det er fredag)

Skjermbilde 2020-04-23 14.47.48fagforumet Biblioteknorge i 2001 kom det eit spørsmål om reinhald av bøker: «Er det fortsatt støvsuging som er det mest effektive eller er det bedre å bruke «statiske» kluter?»

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

Underteikna svarte at også her «må vi da også kunne gå til litteraturen, ikke nødvendigvis bare faglitteraturen (025.84?), men Skjønnlitteraturen: Det grunn til å sitere fra Dag Solstads «T. Singer», side 211 i førsteutgaven, der hovedpersonen, bibliotekaren T. Singer, nettopp har begynt sitt virke ved Deichmanske bibliotek på Hammersborg, et avsnitt som i all sin avslørende og eksistensielle (biblioteks-) gru vil måtte bli stående som et av de sentrale avsnitt i bibliotekarlitteraturen, men som (altså) også vil kunne bringe faget generelt og bokpleien spesielt store skritt framover! Jeg tenker sjølsagt på Singer-trikset, som framgår av de siste setningene i sitatet:

read more »

april 23, 2020

Nok gladnytt

Skjermbilde 2020-04-16 05.52.31Lokalavisene er for tida fulle av oppslag om verksemder, foreiningar og lag med behov for økonomisk kompensasjon, eller i alle fall sympati. Og det er klart; dei har det tøft.

Men til samanlikning blir oppslaga om biblioteka gladnytt. Vi får lese om kreative bibliotekarar og smilande mottakarar av bokposar og om firedobling av e-utlånet.

Det er hyggjeleg, men ikkje på sikt. Den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA har gått ut med ei sjekkliste til medlemmane, der dei blant anna spør om dei har innhenta informasjon om korleis koronakrisa påverkar økonomien i biblioteka?

Nokre har alt svart, og bibliotekforeninga i Estland fortel …

read more »

april 21, 2020

Jobb-abstinens?

Heimekontor? Biblioteklyd på boks. Ein heil time.