Vegar, vatn, straum – og bibliotek

Både tog og informasjon er viktig infrastruktur

Etter pandemien har president Biden satsa på heilt naudsynt styrking av infrastrukturane i samfunnet. Men det trengst meir: «Mens vi fiksar vegane, bruene, vatn-, avløps- og kraft-infrastrukturane i landet, må vi også reparere dei lokale institusjonane som bind saman lokalsamfunn, som let små verksemder overleve, let arbeidarar finne jobbar og får foreldre i arbeid».

Dette skriv den etablerte biblioteklobbyisten David Vinjamuri i artikkelen «How Libraries Can Save Democracy». Og han meiner biblioteket er den viktigaste av desse institusjonane i USA. I tillegg kjem den yrkesretta utdanninga (community colleges) og museum for barn.

Nyleg skreiv vi om Vedum sin stortingsval-lovnad om statlege sørviskontor, som han tenkjer seg fusjonerte med dei kommunale. Vi var skeptiske med bakgrunn i røynsler der kommunar har utpeika bibliotek til «vertskap». For då er ikkje lenger biblioteket ein «fristad», den einaste offentlege etaten utan styresmaktenes peikefinger og kontroll. 

Men vi nemnde også at særleg i USA har mange bibliotek blitt «uoffisielle sørviskontor» ved at dei på eige initativ bruker mykje tid og kompetanse på å løyse alle slags problem for dei store ressurssvake gruppene, både språklege minoritetar, fattige og alle dei som «berre» manglar tilgang til nettet. 

Og så kjem altså Vinjamuri med fleire viktige oppgåver biblioteket …

… kunne få statlege ressursar til å løyse. Han stør seg her blant anna på boka av Eric Klinenberg: «Palaces for the People : How Social Infrastructure Can Help Fight Inequality, Polarization, and the Decline of Civic Life». Her er biblioteka eit av dei verdefulle «palassa». Klinenberg skreiv boka etter heitebølgja i USA i 1995 som blant anna tok nesten 800 liv berre i Chicago (Klinenberg var også viktig i forskinga til Ragnar Audunson & co. i PLACE-prosjektet).

Vinjamuri peiker også på at «det er synlege og skjulte delar av denne sosiale infrastrukturen. Skolar, barnehagar, parkar og leikeplassar er ofte synlege. Matsentralar, samfunnssenter, eldresenter og bibliotek er ofte mindre synlege». Dei treng eit ekstra løft.

Klinenbergs bok

Og han skriv: «I staden for å starte på eit nytt eksperiment, må vi bruke ein velprøvd formel for beste praksis».

Vedum meiner vel ikke å lage problem for biblioteka med forslaget sitt, men han kunne oppnådd mykje god informasjonsspreiing og demokratiske framgangar om han satsa på opprusting av biblioteka i dei små kommunane.

Gjeldande norsk analyse er at vi lever i ein «gullalder for biblioteka». Men berre i dag las vi om at Åmli kommune ikkje lenger vil ha biblioteksjef i heil stilling når den noverande går i pensjon. Og at «det tiltenkte spillrommet på nye Nesbyen bibliotek, plutselig ble bestemt at skal brukes til kontor for Teknisk etat». Les også om tilstandane i dei små biblioteka i Nord-Troms.

Vinjamuris artikkel er elles ein tenkevekkjande gjennomgang av kor alvorleg pandemien har vore for USA. Sjølv om ulikskapane mellom personar og klassar jamnt over er mykje større i USA enn her, veit vi no ein god del også om norske tilstandar, særleg i små lokalsamfunn som frå før var sterkt pressa.

Leave a Reply