Archive for juni 10th, 2021

juni 10, 2021

Meir forsking på korona og bibliotek

Koronavirus på leikeplass i Moss sentrum?!

Vi held fram med å formidle resultat frå det US-amerikanske forskingsprosjektet REALM, som blant anna bibliotekkonsortiet OCLC står bak (sjå tidlegare innlegg). No har dei sett på verknaden av ventilasjon og luftrensning når det gjeld spreiing av viruset i nye og gamle bibliotek-, arkiv- og museumlokal. Vi har gjort ei kjapp omsetting av hovudpunkta:

«Luftrensing eller ventilasjon kan redusere risikoen for infeksjon drastisk, kombinert med andre tiltak, til dømes bruk av masker, ikkje for mange personar til stades og vask av overflatar. Kor effektiv ventilasjon er for å redusere risiko avheng av fleire faktorar, blant anna:
• Typen aktivitetar i rommet
• Talet på smittsame menneske i eit rom og kor smittsame dei er
• Kor nære kvarandre smittsame og mottakelege menneske er
• Kor raskt lufta blir skifta ut; naturleg kontra mekanisk ventilasjon og om ein i tillegg har anlegg for luftreining»

VVS-system som sender varmlufta opp mot taket kan ha ekstra god effekt. Vidare reduserer ultrafiolett lys 99.98% av virus i luft som passerer i kanalen.

Men dei skal forske vidare, blant anna meir på utfordringane med «historiske» bygg. Og på dei nye mutantane.

Også denne forskinga bør vere viktig for alle som no planlegg og teiknar nye bibliotekbygg. No er det 22 bibliotek/kommunar på lista vår.

juni 10, 2021

« … hvordan voksne bokmeldere og formidlere vurderer oppfordringer til handling i sakprosa for barn om miljø- og klimaspørsmål»

Med andre ord: Barnelitterært forskningstidsskrift har kome ut med nr. 1, 2021, hundre prosent Open Access på Idunn.no. Og der vi har klipt dette frå ingressen til ein artikkel.

Her er det også sju andre artiklar som vil ha interesse for mange av lesarane av denne bloggen. Blant anna om applesing og Erling Loes Kurt.

juni 10, 2021

Biblioteket og bylivet

Det tidlegare nyheitsbiblioteket satsa på skjerm-media og «bestseljarar»

Vi har tidlegare her på bloggen vore inne på at bibliotek er eit ettertrakta element i kjøpesenter. I tillegg til å vere publikumsmagnetar vil vi tru at Thon, Steen og Strøm osv. set pris på bibliotek som kulturelle, ikkje-kommersielle alibi. Og her er det potensial, for Noreg har ifølgje kjøpesenter-ekspert Ronny Spaans 900 kvadratmeter kjøpesenter per 1000 innbyggjarar. Det skal vere europarekord.

Ein følgje av denne utviklinga er at mange gamle bysentrum har stagnert. Men no kan vi lese i Berlingske at sentrum i Herning på Jylland er blitt revitalisert etter at dei flytta biblioteket inn i gågata i sentrum: «Biblioteket er rykket ind i bymidten, og bylivet er flyttet med». 

Det tidlegare hovudbiblioteket var ein typisk dansk «bibliotekborg» anno 1960- og -70-tal. Faktisk kalla «Ørkenfortet»! Og det låg eit godt stykke frå sentrum.

I 2009 var underteikna i Herning og skreiv om «nyheitsbiblioteket» dei hadde innreidd i ein underetasje i sentrum, sjå Bibliotekforum nr. 2, 2010 side 28-29. Om dette var i same bygg som det nye hovudbiblioteket, skal ikkje seiast sikkert.

På den faste sida vår «Nye bibliotekbygg» går det blant anna fram at på Ski i Nordre Follo flyttar dei no biblioteket ut av kjøpesenteret til eit nybygg i sentrum. Men der ligg alt kjøpesenteret i sentrum.