Framtida for dei ikkje-digitale

By schopie1 (CC BY-SA 2.0)

På ei postliste nær oss kom dette innlegget i dag: «Erna Solbergs regjering mente at «[a]lle innbyggjarar skal kunne meistre digitale verktøy, slik at dei lett kan få tilgang på offentlege tenester og ytingar dei har rett på». Kan det være mulig at med Sp i regjering blir det åpning for å respektere at noen ikke ønsker å være digitale?»

I valprogrammet sitt skreiv Senterpartiet blant anna: «Overgang til digitale kontaktflater er positiv for ein del grupper, men digitaliseringa av NAV må ikkje føra til at dei mest utsette gruppene av sosialhjelpsmottakarar ikkje får den hjelpa dei har krav på».

Samtidig får vi i dag repetert på Nrk.no at «3 prosent i Noreg brukar verken datamaskin eller mobiltelefon. Det er om lag 130.000 personar. Ytterlegare 11 prosent har svake ferdigheiter i bruk av digitalt utstyr. Det betyr at gruppa ikkje-digitale utgjer om lag 600.000 menneske.»

Når vi etter snart tretti år med nettet framleis har nær 15 prosent vaksne som ikkje er på eller meistrar nettet, må det vere …

… ein (eller fleire) verkeleg gode grunn(ar) til det.

Biblioteka og andre gode krefter (gjerne i samarbeid) må i uoverskodeleg framtid bruke krefter på både å hjelpe folk på nettet med konkrete problem og kurse dei som har behov og ønskjer det.

I folkebiblioteka i USA er slike tenester noko av det aller mest brukte og populære og samtidig høgst prioriterte.

Utfordringa gjeld ikkje berre den generasjonen som i løpet av nokre ti-år år, ved naturens nådelause gang, vil ha redusert 15-prosenten ein god del. Underteikna, som tok del i det første internettkurset sitt vinteren 1994, debuterte her om dagen på Vy-appen. Det tok over tjue minutt, med mykje att og fram, å få kjøpt ein tur-retur-billett Moss – Bergen.

PS: Det er visst ikkje berre appen dei har problem med i Vy, kan vi lese om i Bergen Tidende i dag. Digitaliseringa av samfunnet må ha kome litt for brått på IT-ekspertane også.

«Seniorsurf» og liknande har vi skrive om før her på bloggen.

Leave a Reply