Archive for desember 22nd, 2022

desember 22, 2022

Bibliotek med digital opplæring – eit rogalandsfenomen?

«Kommunal- og distriktsdepartementet tildeler åtte millionar kroner i eingongsstøtte til 27 søkjarar i 45 kommunar som ønskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggjarane».

Av dei 27 er to bibliotek, og begge i Rogaland. Men bibliotek har kanskje ein finger med i spelet andre stader også?

desember 22, 2022

2022: Mykje internasjonalt

På Rygge bibliotek akkurat då desembersola tok ein kikk inn på det litterære juletreet deira

2022 er praktisk talt over, berre feriedagar gjenstår. Nesten.

Men i alle fall blei året eit visst internasjonalt gjennombrot for denne bloggen. Nedanfor ei liste over dei mest lesne artiklane til no i år. Dei engelskspråklege er på topp. Og utfrå statistikken ser vi at folk i dei store utlanda no også les artiklane våre på norsk og svensk. Ved hjelp av Google Translate og liknande. Men så har det også vore store saker «der ute», som krigen i Ukraina og IFLA-krisa. Medbloggar Mikael Böök står for det meste av dette.

Og dette var året vi var medarrangør av vårt første fysiske og zoom-seminar, i Stockholm i juni.

PS: Artiklane på denne lista er slike som er blitt opna individuelt, til skilnad frå dei mange som er så korte at vi ikkje har delt dei ved hjelp av lenka Continue reading.

What the Ukrainian and Russian library associations have said 1402 nedlastingar

On The Multifaceted Crisis of IFLA 1019

The library – a bright spot? Biblioteket – en ljuspunkt? 902

What librarians are saying about the war in Ukraine 715

«Why do we live in a world where libraries are illegal?» An interview with Alexandra Elbakyan 534 Og i 2021: 1311

So, the war started… what does the librarian say? 488

Meld deg på Biblioteknorge-lista igjen 468

Dokumentert: Problema med datahjelp til NAV-klientar 438

Er slaget om innbyggjartorget avlyst? 378