Archive for desember 14th, 2022

desember 14, 2022

Sverige: Likevel ikkje politikardiktat

Også i USA er det kampar om biblioteksjefen sin rett til å avgjere programinnhaldet. Klikk og kikk

Etter fleire dagar med debatt og reportasjar i lokal- og riksmedia blei den svenske kulturministeren (Moderaterna) tydeleg på å krevje «armlängds avstånd till kulturen». Bakgrunnen var at ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD), der dei er i posisjon i kommunar, forsøkte å stoppe «sagostundar» på bibliotek i regi av dragartistar.

I Trelleborg i Skåne sørga Centerpartiet i dag for at «Kulturnämnden beslutade med röstsiffrorna 6–1 att arrangemanget ska genomföras som planerat». I Malmø måtte biblioteket bruke vektarar for å få gjennomført eit slikt arrangement, og der blei ein bibliotektilsett truga på livet. I Olofström blei biblioteket pressa til å overføre berre digitalt. Så får vi sjå om SD får vedtatt gjennomgang av pengebruken ved biblioteket i Kalmar.

Både før og etter riksdagsvalet, der dei blei støtteparti til høgreregjeringa, har SD køyrt hardt på kulturspørsmål av denne typen. Dette kan bli eit alvorleg nederlag for dei.