Archive for april 9th, 2024

april 9, 2024

Meld deg inn i bibliotekforeininga og gå i fengsel

På Rjukan sitt «Røde bibliotek» har dei samla på slike merke. Fin hobby om du sit inne, òg.

På nyheitsnettstaden The Louisiana Illuminator skriv dei 29. mars at «Ultra-conservative lawmakers target Louisiana libraries as culture war rages on«.

Utdrag i mi omsetting: «I protest mot det dei meiner er seksuelt eksplisitt materiale i biblioteka og mot den «marxistiske» American Library Association (ALA), har høgreekstreme aktivistar dei siste åra fremja tusenvis av protestar mot bøker og pressa biblioteka til å melde seg ut av ALA».

Eg har blogga om sånt før (her eit fritekstsøk på «USA» på bloggen). Men forslag om forbod mot organisering var noko nytt.

ALA blir skulda for å vere marxistisk. Eg har faktisk vore på ein ALA årskonferanse, i Chicago i 2017, noko som i all hovudsak var som her i landet; ufarlege møtetema, konsensusprega debatt, om nokon, og høfleg respekt for talarar frå styresmaktene og sjefsskiktet. Før massane strøymar til leverandør-sponsa skjenking eller populære turistmål.

Men det finst faktisk meir eller mindre progressive, for ikkje å seie marxistiske bibliotekorganisasjonar der, som PLG – Progressive Librarians Guild og SRRT – Social Responsibilities Round Table.

Her om dagen fekk eg innbyding frå SRRT til eit nettseminar: Dialogue with Peace Activists from Palestine and Israel. Eg spurde ein SRRT-aktivist eg kjenner om kvifor dei arrangerer noko som er utan tilknyting til verken bibliotefag eller -poltikk? Og fekk til svar på epost (mi omsetting):

«Mangelen på sakleg dekning i amerikanske hovudstraums media er faktisk grunnen til at SRRT sponsar dette programmet. Vi har inga venstreorientert avis i masseopplag. Vi har rett nok Al Jazeera, Democracy Now, the Intercept, In These Times, the Nation, Jacobin og andre progressive uavhengige medium (for ikkje å snakke om Novara Media og Tribune i Storbritannia), men berre ein liten brøkdel av det amerikanske folket (medrekna bibliotekarar, som eigentleg burde vite betre) er klar over at det finst slike alternativ til hovudstraums-dekninga, som er openberrt propagandistisk pro-israelsk og anti-palestinsk».