I påskestilla kommer vi i filosofisk modus og finner fram igjen en filosof, nærmere bestemt en bokomtale vi skreiv i Bibliotekforum i 2009 om ei bok av den franske filosofen Jacques Rancière. Vi omtalte boka på grunnlag av den svenske oversettelsen med tittelen «Hatet mot demokratin«.
Ranciere skriver om symptomene på det forvitrende demokratiet, lokalt, nasjonalt og i EU. Men, som vi skreiv: «… det finst også meir djuptgåande spørsmål rundt demokratiet som ikkje er kvardagskost korkje i pressa eller dei offentlege utgreiingane og debattane. Det er her Rancière kjem på banen».
Vi skreiv: «Rancière hevdar at reelt demokrati ikkje er ein regjeringsform, men ein kontinuerlig prosess for å etablere ”polemiske situasjonar” eller ”polemiske plassar”. I denne og andre samanhengar har han sagt at Internett og særleg bloggar er med på å skape slike plassar».
Og vi oppsummerte slik: «Bør ikkje også biblioteket, og særleg det lokalt forankra folkebiblioteket, sjå seg sjølv i rolla som ein slik ”polemisk plass”? Eller står vi ikkje tilstrekkeleg fritt i høve til eliten til å kunne takle det? Det vil innebere å stå i opposisjon til det etablerte ”demokratiet”, ifølgje Rancière».
Les hele teksten:
Biblioteket – ein ”polemisk plass”?
Fra Bibliotekforum nr. 4, 2009
Den franske filosofen Jacques Rancière er ein av mange tenkjande menneske som i desse dagar er opptekne av demokratiet. Men ikkje demokrati på dei etablerte politikarane sine premiss, men på eit djupare plan. Rancière skriv faktisk ganske lesbare, korte bøker om dette, nærmast i pamflettform.
Demokratiet sliter både i Frankrike og her. Dei demokratiske prinsippa og deklarasjonane står sterkare i verda enn nokon gong, men kva med praksisen? Ei felles utfordring er sjølvsagt at pressa og journalistikken ligg på sotteseng; i alle fall sit dei stadig oftare på denne sengekanten, anten dei alt er i økonomisk krise eller held krisa i sjakk gjennom å kompromisse på kvaliteten. Andre velkjende utfordringar er at dei politiske avgjerdene blir stadig meir sentraliserte, for eksempel til Brüssel eller til stadig større storkommunestyre, og at avgjerder blir flytta vekk frå den politiske arenaen gjennom privatisering og outsourcing av opphavlege offentlege tenester.
Men det finst også meir djuptgåande spørsmål rundt demokratiet som ikkje er kvardagskost korkje i pressa eller dei offentlege utgreiingane og debattane. Det er her Rancière kjem på banen.
I boka si frå 2005, «Hatet mot demokratin» (svensk utgåve i 2007) tar han utgangspunkt i den franske situasjonen og tradisjonen. Noko som nok synst tydelegare på Kontinentet enn her, er elitane sitt falskspel rundt demokrati og offentlegheit, slik han ser det. Når Rancière snakkar om hatet mot demokratiet handlar det om korleis elitane (både dei sosiale, økonomiske og politiske), mens dei kallar det demokrati, på sitt subtile vis og gjennom sine subtile kanalar heile tida skaper ein taktisk balanse mellom fridom og ufridom; mellom på den eine sida folks draumar om likskap og på den andre elitane sitt behov for kontroll av det dei ser på som massane sine grenselause krav og begjær. Berre slik kan ein forstå korleis for eksempel den franske (kultur-)eliten kan gje så sterkt uttrykk for moralsk indignasjon over alt frå ”forbrukarsamfunnet” og ”masseindividualismen” til misnøgde innvandrarar frå 3. verda. Jamfør kor få intellektuelle som eigentleg tok til motmæle mot Chirac og Sarkozy sine knallharde reaksjonar mot opprøra i franske fattige bydelar i 2005.
Rancière hevdar at reelt demokrati ikkje er ein regjeringsform, men ein kontinuerlig prosess for å etablere ”polemiske situasjonar” eller ”polemiske plassar”. I denne og andre samanhengar har han sagt at Internett og særleg bloggar er med på å skape slike plassar.
I eit sjeldant intervju i norsk presse i den norske utgåva av Le Monde diplomatique i august 2006, snakkar Rancière om verdien av Internett:
”Det dreier seg ikke om å gi kunnskap til alle, men om å la ord sirkulere på en fri og begjærlig måte. Jeg tror dette skjer med Internett. Det er nok derfor en del reaksjonære mennesker misliker internett så sterkt. De sier det er forferdelig at man kan finne alt man vil på internett, fordi det ødelegger utforskning og utvikling av intelligens. Men dette er nettopp måten intelligensen virker på. Man går tilfeldig rundt på et bibliotek på samme måte som man beveger seg tilfeldig rundt på internett”.
Bør ikkje også biblioteket, og særleg det lokalt forankra folkebiblioteket, sjå seg sjølv i rolla som ein slik ”polemisk plass”? Eller står vi ikkje tilstrekkeleg fritt i høve til eliten til å kunne takle det? Det vil innebere å stå i opposisjon til det etablerte ”demokratiet”, ifølgje Rancière.
Når dette lesast er kanskje millionbyen Boston for all framtid utan si eine viktige lokal- og regionalavis gjennom nesten 140 år, Boston Globe. Og dermed kjelda for det meste av innhaldet i dei lokale nettstadene og kringkastarane. Kva gjer dette med eit lokalsamfunn? Boston fekk verdas første moderne folkebibliotek, samtidig med London, i 1850. Dei har eit stort og godt folkebibliotek. Kva kan biblioteket gjere i ein slik situasjon?
Anders Ericson