«Sterkere og bedre, men innadvendt»

I danske bibliotek har mange bøker standardiserte, spesiallaga bokryggar. Og innbinding?

I Klassekampens Bokmagasinet i dag har Knut Nærum eit ironisk oppgjer med Konkurransetilsynets trugsmål om enorme bøter mot forlag som gjennom Bokbasen skal ha utveksla «konkurransesensitiv informasjon om blant annet fremtidige bokpriser og utgivelsestidspunkt». 

Nærum meiner å ha avslørt ein plan i fem punkt som K-tilsynet har i bakhanda. I det femte punktet heiter det: «Alle utgivelser får et standardisert design som demper leselysten. Her er det mye å lære av hvordan helsemyndighetene har regulert utseendet på sigarettpakkene. Alle bokomslag kan ha samme grågrønnbrune farge og forsynes med et fotografi som viser de skremmende følgene av prissamarbeid» (i same magasin har Bjørn Ivar Fyksen ein meir sakleg, men krass kritikk av K-tilsynet).

Alt dette for å kunne dryppe litt frå bibliotekhistoria. For det i dag håplause forslaget til Nærum er ikkje ulikt slik bibliotekbøker flest såg ut for femti-seksti år sidan:

Veldig kort fortalt: Biblioteksentralen (BS) forsynte alle nye bøker med eiga innbinding i brun, raud, grøn eller blå såkalla granitol. Først etter fleire år med mas frå bibliotekarstanden gjekk BS med på å klistre forlagas smussomslags-illustrasjonar på forsidene. Før det blei vanleg å berre kle bøkene med kontaktplast. Slik dei får i dag. Eller hefta bøker utan noko som helst ekstra (sorry, BS, men «Forlagsinnbinding» skal ha dobbel n).

Bloggaren har kjøpt mykje viktig faglitteratur på bibliotekloppis

Men dette var berre ei overflatisk innleiing til noko som bibliotekhistorisk interesserte lesarar kanskje kunne utbrodere i kommentarfeltet nedanfor?

PS 1: I boka «Bøkenes hamskifte» intervjua professor og bokdesignar Martin Lundell i 2016 avtroppande bokbindar Viggo Tagestad på Deichman. Boka er innbunden i granitol, noko Tagestad sjølvsagt omtalar som «sterkere og bedre, men samtidig mer innadvendt».

PS 2: Noko vi, trass i lang fartstid, ikkje har vore med på, er lokalt utført lakkering av bøker til bibliotekbruk, som på Notodden i 1954. Ifølgje eit innlegg i Bok og bibliotek (sorry, Bok og bibliotek-redaktør Arne Kildal i 1954, men ifølgje Norsk ordliste frå 1945, skulle no lakkering ha 2 x k). Lite tyder på at bok-lakkering blei særleg utbredt. Men kan nokon vise oss ei slik bok?

Leave a Reply