Formidlingsdilemmaet

I Stratford i London innførte biblioteket for nokre år sidan «palleutlån» av bestseljarar

Morgenbladet har dei siste vekene skrive om «anbefalingstyranniet» i NRK P2 si kulturdekning. I dag går journalist Aksel Kielland eit steg vidare når han utdjupar at «Vår tids besettelse med å demonstrere nytelseskompetanse er et produkt av dypereliggende strukturer i de digitale mediene». Det handlar mest om tv-seriene og korleis dei populære seriene blir haussa endå meir opp, av ein statskanal som tidlegare brukte meir krefter på dei seriene og andre åndsverk som fekk mindre omtale andre stader. Han skriv blant anna også: «Problemene stikker langt dypere enn en ureflektert og ukritisk kulturjournalistikk. De sosiale mediene indoktrinerer oss til å forstå oss selv som deltagere i en oppmerksomhetsøkonomi snarere enn et samfunn, og ytringer som varer i et marked snarere enn bidrag til en offentlig samtale. Det er nemlig ikke bare markedsføringens språk som er kodet inn i de sosiale mediene, men også Silicon Valleys nyliberalistiske verdensbilde».

Marius Hoel, kultursjef i NRK, svarer: «Målet er å lage aktuelt kultur- og samfunnsinnhold som gir lytterne energi og lyst til å delta i samfunnet. … Grunnen til at vi har anbefalinger, er at vi som allmennkringkaster ønsker å gi flere tilgang til kulturinnholdet, og ofte lykkes vi med å skape nysgjerrighet og interesse hos nye grupper».

Dette låter då kjent. Dilemmaet til NRK er ikkje veldig ulikt det vi kan lese ut av sånt som Harry Potter-debatten vi nyleg har hatt.

No er folkebiblioteket på sjette året pålagt å vere ein «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». NB viser til sterk auke i publikumsbesøk ved arrangement (med unnatak av avvikar-året 2020). Teljekantane blir altså viktigare også for biblioteka. Då er det kanskje freistande å innby forfattarar og føredragshaldarar som er godt kjende frå før? Det hadde vore spanande om nokon studerte om denne høgare prioriteringa av arrangement, med støtte frå Nasjonalbiblioteket og Fritt Ord, har ført til endringar i «programpolitikken» til biblioteka?

PS: Erle Marie Sørheim i Aftenposten var inne på noko av det same då ho nyleg var uroleg for korleis det går med bokbada. Noko vi også blogga om.

Leave a Reply