Den nasjonale kasseringa

Frå opninga av NB i 2005, etter restaurering og utbygging, eitt år før starten på Bokhylla.no

Endeleg har ei riksavis, Klassekampen, tatt opp dei store kutta som NB må gjennom og som bortimot vil halvere den unike tenesta Nettbiblioteket, nb.no, tidlegare kjend som Bokhylla (eit namn som faktisk får ein renessanse no; til og med Sira Myhre bruker det i avisa i dag).

For lesarane av denne bloggen er det likevel ikkje så mykje nytt. Vi skreiv 6. mars at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet og seinare om Ny, redusert normal for bibliotekbruk. Men til skilnad frå kva vi siterte assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold på i det sistnemnde innlegget: «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt», kan ikkje sjefen hans, Aslak Sira Myhre, i dag «si noe om hvilke bøker som kan bli tatt vekk fra samlingen».

Protestane er, i alle fall til no, for få og for veike til at kutta kan bli reverserte eller sterkt reduserte. Sidan NB no har gått tilbake på å kutte dei «minst brukte», bør bibliotekmiljøet kunne meine noko om kva som er minst alvorleg å kutte. Det er bibliotekarane rundt i landet som veit noko om følgjene for det totale bibliotektilbodet. Til dømes: Kva får det å seie for fjernlånstilbodet når norske bibliotek no i snart tjue år har kassert med tanke på at «det finst jo digitalt på NB»?

Og kva når samtidig Depotbiblioteket må redusere tilbodet? Frå nyttår, når dette trer i kraft, må bibliotek av alle slag aktivt informere nb.no-brukarar om at dei kan tinge fjernlån. NB må også tydeleg gjere merksam på dette etter treff på «stengde» titlar.

Sira Myhre minner om at «det mange dokumenter som ligger åpent andre steder». Men kor enkelt er det for folk å finne dei?

Er kanskje den gamle skjønnlitteraturen mindre viktig enn faglitteraturen? For nokre er tidsskrift og aviser mykje viktigare enn bøker, men om dei er mindre brukte, er det kanskje dei som må ryke?

Og kva med dei mange tusenvis lenkene til bøker osv. i nb.no som no vil «døy»? I alt frå Wikipediaartiklar til doktoravhandlingar.

Klassekampen spør: – Kunne dere kuttet antall arrangementer for å redde flere bøker? Sira Myhre svarer at det blir kutta der også. Men kor mykje har arrangementa på Solli plass å seie for brukarane rundt i landet, spør vi oss? Ikkje alle blir strøymde heller.

PS 4.4.: Arne Vestbø, leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, blir intervjua i Klassekampen: Tror kutt vil ramme forfattere. Også UBO-direktør Randi Halveg Iversby.

2 Trackbacks to “Den nasjonale kasseringa”

Leave a Reply