– Alle vil redde Bokhylla

Klikk og sjå stortingspolitiske kjenseutbrot

Dette er hovudoverskrifta på kultursidene i Klassekampen i dag. Men dei jublande (?) stortingspolitikarane på fotoet har ikkje stort meir å seie enn at Bokhylla.no internt på NB må prioriterast høgare.

Silje Hjemdal, Frp, «forventer selvsagt at dette vurderes før alt annet». Høgres Tage Pettersen «ber ikke om at kulturministeren skal gi biblioteket mer penger» og viser til det skriftlege spørsmålet sitt til Trettebergstuen. Hege Bae Nyholt frå Raudt «har full forståelse for at de velger å holde på sine ansatte. Problemet er at den økonomiske ramma er for trang».

Så svarer heller ikkje statssekretær Aunan Bohmann (AP) meir enn at revidert nasjonalbudsjett vil «hensynta en økt pris- og lønnsjustering. … Bokhylla er en bra ordning, og vi håper Nasjonalbiblioteket klarer å unngå for store kutt i avtalen».

Avisa har dette også på leiarplass, der vi i tillegg blir minna på Entra-eigarskapen til NB-bygget i Oslo, som igjen er eigd av blant anna Citibank, J.P. Morgan og Goldman Sachs (mens den største deleigaren er svensk, noko vi sette i ein større bibliotekhistorisk samanheng i 2019!).

Og i eit lesarinnlegg skriv Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: Det måtte jo skje! Han stadfestar blant anna lokale bibliotekarhaldningar av typen «Det finnes jo digitalt hos NB, da kan vi kassere vårt eksemplar». Jamfør utdjupinga vår her om dagen om risikoen for store følgjefeil av denne digitaliseringsnaiviteten.

>> Nytt 13. oktober: Desse protestane må ha virka! Her kjem kunngjering om ny avtale om «Bokhylla», der nedslagsfeltet er utvida med fem år. Men framleis med fleire usikre element.

PS 1: I andre riksmedium er saka nemnd berre i Nettavisen, Nationen og Vårt Land, basert på korte NTB- og NPK-meldingar.

PS 2: I denne prosessen har no alle kanalar, pluss stortingspolitikarane og Kopinors Slettholm og NB-sjefen sjølv, og ein drøss store og små lokale bibliotek, brukt det tidlegare, gjennom fleire år innarbeidde namnet Bokhylla.no istaden for Nettbiblioteket. Så gjer vi det her på bloggen også. Og NB bør vurdere å revurdere si eiga namnevurdering.

5 Responses to “– Alle vil redde Bokhylla”

  1. nysgjerrig på hvem som sitter i NBs styre, men det var ikke lett å finne ut av….tips?

  2. Det finst ikkje. Men dei hadde eitt. I 2001: https://www.nrk.no/kultur/nasjonalbiblioteket-far-styre-1.524548
    Marianne Takle (2009) kallar det «midlertidig»:
    https://www.nb.no/items/dbc8b4fadd8ec8a3ffe70d475c9dffbd?page=123
    Det blei nedlagd i 2005, Tord Høivik kalla det «stille og rolig avskaffet»:
    https://www.nb.no/items/887c03e1f9dd03707309ee692a091dfc?page=7

    Det er bibliotekhistorisk viktig å få innsikt i dette. Har fleire noko å melde? Bruk gjerne kommentarfeltet eller frilanders @ gmail.com

Trackbacks

Leave a Reply