Archive for mars 22nd, 2023

mars 22, 2023

Oppsnappa veke 12

Rapporten der NTNU-bibliotekarane er høgt profilerte med «Data analysis and literature searches».

NTNU-BIBLIOTEKARAR FÅR SKRYT – FOR BIBLIOTEKARBEID! Mens Google, ChatGTP osv. overtar mykje av kunnskapsformidlinga som biblioteka tradisjonelt har stått for, er UH-biblioteka framleis høgt på banen. Vi høyrer berre ikkje så mykje om det. Og Universitetsavisa på NTNU i Trondheim gnir det inn i ei overskrift at det er «et lite kjent tilbud», men følgjer opp med at det «gjør forskning bedre og enklere». Reportasjen bør brukast aktivt av alle med behov for å overtyde (dei mange) bibliotekeigarane med lågt medvit om kva bibliotekarar gjer og om nytta av det svært avanserte arbeidet. Og ikkje minst om kommunikasjonen mellom forskarar og bibliotekarar.

BOKBÅL FØR OG NO  På svenske DagensArena skriv Lars Ilshammar om Bokbål som förändrat samhället. Dette konkrete bålet var Luther sitt i 1520, som førte til krig og elende, men som også innleia «den tidigmoderna tiden» med trykkekunsten, vitskapeleg framgang osv. Han minnar også om nyare bokbål, som nazistane sitt i Berlin i 1933, koranbrenningane i vår tid og russiske åtak på ukrainske bibliotek. PS: Han kunne også ha nemnd dei pågåande ukrainske utreinsingane av russiske forfattarar.

Ilshammar er historikar og inntil nyleg nestsjef ved det svenske nasjonalbiblioteket. Fleire vil også hugse han frå seminaret  ”Biblioteket – en ljuspunkt?” som vi arrangerte i Stockholm 31. mai, saman med Världsbiblioteket og BiS.

«MOT EN SMALERE OFFENTLIGHET?» er tittelen på ein artikkel i tidsskriftet Gnist av Isak Lekve, sosiolog i De Facto. Utgangspunktet er falske nyheiter eller fakta, ein mykje brukt artikkel-kategori her på bloggen, og eit tema for tallause bibliotekseminar. Men Lekve tillet seg å stille spørsmål ved kjende tiltak mot fenomenet. Konkret blant anna: Faktisk.no.

Han oppsummerer slik: «Faktasjekk forutsetter at kompliserte politiske spørsmål kan besvares med to streker under svaret, det forutsetter en interessefri offentlighet, og det tar ofte utgangspunkt i at ens egne snevre interesser kan generaliseres. Alt er feil. I tillegg bidrar faktasjekk effektivt til å utdefinere standpunkter som illegitime, og slik innskrenke offentligheten og demokratiet – til tross for at nesten alt vi tar for gitt i dag en gang har vært kontroversielt og radikalt».