Search Results for “digin”

november 13, 2021

Kan ikkje seie det for ofte: Digin!

Bloggaren har ikkje tid 1. desember, men Prosjekt Digin innbyr til digitalt allmøte den 1. desember klokken 12.00.

Vi har håpefullt og optimistisk skrive om dette tre gongar før. Førebiletet er det danske Det digitale folkebibliotek.

april 11, 2023

«Hvorfor håndterer ikke Bibliotek24 norske ebøker og lydbøker?»

Slike som desse kan biblioteka framleis rå over …

Underteikna har eit par år no hatt forventingar, og spreidd desse vidare her på bloggen, til eit innkjøpssamarbeid som eg trudde skulle sikre betre vilkår for e-innhald til biblioteka. Digin var prosjektnamnet, mens no heiter det Bibliotek24. Og lanseringa skjer i morgon, 12. april.

Eg siterte til dømes i september 2021 frå ei undersøking Digin gjennomførte: 

«Omtrent hvert femte bibliotek oppga at de ikke tilbyr digitale innholdstjenester. Over halvparten av disse oppga tid og økonomi som hovedgrunner til dette. 5 prosent av de besvarende bibliotek mente lånernes behov ble dekket med den fysiske samlingen og gjennom BookBites/Allbok».

Eg trudde i min naivitet at mykje av vitsen var at dei nemnde, i stor grad leverandørstyrte e-bok og lydboktenestene skulle erstattast med noko nytt og betre.

Men slik er det ikkje. For i dag finn vi sanninga under overskrifta Hvorfor håndterer ikke Bibliotek24 norske ebøker og lydbøker?

Lydbøker i bilen på ferie!, heiter det i ei oppsummering frå eit innspel-seminar for bibliotektilsette no i januar. Men, altså …

Dei skriv at dei vel «å fokusere på en modell for Bibliotek24 som i størst mulig grad skal sikre en trygg overgang fra prosjekt til drift, fremfor å gripe over alt annet som med fordel kunne vært samlet i et nasjonalt konsortium. Dette kan endres underveis i prosjektet, dersom forutsetningene for overgangen fra prosjekt til drift endres». Så eg må berre be om orsaking for å ha spreidd eit grunnlaust håp om at biblioteka sjølve, ikkje forlaga, skal avgjere kva dei skal låne ut.

PS 1: No skal det seiast at kulturministeren konsekvent har valt forlagas side og ikkje gjort det lettara verken for det enkelte biblioteket eller for innkjøpssamarbeid som Bibliotek24. Eller for brukarane.

PS2: Det e-innhaldet Bibliotek24 faktisk vil formidle, er viktig nok.

august 24, 2022

Apropos forhandlingar om det digitale

Digitalt bibliotekinnhald anno 1977. Les meir i American Libraries nr. 10/2015, side 51.

Etter forslaget i førre veke om ny boklov er det ikkje berre spenning om høyringsrunden og den endelege lova, men også om departementet og lovgjevarane i den varsla forskrifta til lova vil presentere «ei minimumsløysing» (sitat NBF-leiaren) for forhandlingane, altså om pris osv., mellom biblioteka og forlaga (sjølv har vi ikkje tru på at forskrifta kjem til å innehalde slike føringar).

Uavhengig av dette, som vil ta ein del tid, annonserer no Digin at «det nærmer seg forhandlinger». Forhandlingane vil skje på vegner av konsortiet Bibliotek24, som omfattar alle fylkesbiblioteka og Deichman.

Kan det dei kjem fram til, som sjølvsagt må bli betre enn situasjonen i dag, påverke innhaldet i den komande forskrifta?

«Overordnet verdi» for Digin er å «Samle, styrke og effektivisere bibliotekenes digitale innholdstjenester for å sikre likere tilgang og bedre vilkår».

mars 17, 2022

Finske e-bibliotek med «allt i en lucka»

Typiske inngangar til norske elektroniske bibliotektenester per mars 2022

Biblioteken.fi kan vi lese at dei der «siktar på ett e-bibliotek med ”allt i en lucka”. … För närvarande är bibliotekens e-materialsamlingar uppdelade på flera olika plattformar som är svåra att använda och vars åtkomst beror på hemkommunen. I projektet planeras en ny organisation tillsammans med biblioteksfältet, förhandlas och skapas en ny licensmodell med materialens upphovsrättsinnehavare och utvecklas en plattform via vilken e-biblioteket används i framtiden. Målet är att kunderna ska kunna använda det gemensamma e-biblioteket från och med 2024. I det första skedet är det tänkt att e-biblioteket ska inkludera e-böcker, elektroniska ljudböcker och faksimiltryck av e-tidningar. Tekniken utformas så att annat material vid behov kan inkluderas senare».   

I det norske Digin-prosjektet snakkar dei også om «økt synliggjøring av digitale innholdstjenester for publikum, … og gi mer sømløse tjenester», i tillegg til alt det andre. Så det blir vel noko finskliknande?

september 28, 2021

Digitalt innhald = privatisering av biblioteka innanfrå

Det er dette som skjer, skriv Sveriges författarförbund i Biblioteksbladet og viser til «appar som används för utlåning av e-böcker ägs av privata företag som inte har något demokratiskt uppdrag. … Är det bibliotekens uppdrag att förmedla eller ska det överlåtas på strömningstjänster? Digitala ljudböcker kräver också sin plats i en samlad biblioteks- och litteraturpolitisk diskussion». Og: «I apparna råder också tystnad, konstaterar författarförbundet som befarar att den professionella vägledningen av bibliotekarier går förlorad. I apparna ”jämställs… facklitteraturens standardverk med lättviktigt strunt” och varje låntagare är ensam. Vad händer då med bibliotekarieyrket?»

Her i landet er det kanskje litt annleis? Appane til bibliotekbrukarar er i alle fall delvis bibliotekstyrte. Men kva forlaga opnar for, er ein annan ting.

Dei svenske forfattarane reagerer også på korleis betaling per utlån av digitale e- og lydbøker «stel» frå bibliotekbudsjetta, slik at det blir mindre til p-bøker og dei andre tenestene.

I Noreg bør vi merke oss dette. Vi er enno ikkje på langt nær så digitale som i Sverige og Danmark. Sjå illustrasjonen, eit utsnitt frå ein tabell Digi-folka presenterte under seminaret i Stavanger i førre veke. Her i landet bruker vi samanlikna med dei berre omlag halvparten per innbyggjar til digitalt innhald.

PS: Nettstaden BOK365.no hadde same dag eit oppslag med vekt på følgjene for dei «tradisjonelle» delane av bibliotekbudsjetta, noko Norsk Bibliotekforening tok opp på Facebook.

september 27, 2021

Lydbøker over alt. Nesten

Lydbøker i den nye Coop-appen. Klikk og kikk på detaljane

Det strøymar bokstaveleg talt på med lydbøker frå alle kantar. I tillegg til Storytel, Fabel, Nextory, Podimo og Audible osv., fekk vi i dag eit tilbod frå Coop: – Tusenvis av ebøker og lydbøker! Til forveksling lik dei nemnde. Du kan «velge å abonnere på tusenvis av … ebøker og lydbøker fra alle norske forlag». Sjå illustrasjonen.

Norske folkebibliotek er det noko anna med, noko vi har skrive mykje negativt om. Før vi fekk augo opp for Digin.

På bibliotekseminaret i Stavanger i veka som gjekk presenterte dei seg. Svært viktig. Sjå videoen, særleg frå 2.05.

Meir om andre delar av seminaret seinare.

september 14, 2021

Digitalt på folkebibliotek – bra og slett ikkje bra

Søk på «digitalisering» i bloggarens Google Photo gav bl.a. dette treffet. Sa vi kunstig intelligens?

Det som er bra er at Prosjekt Digin har kome godt i gang, takk vere eit oppgåande nettverk av norske fylkesbibliotek (ein bibliotektype som derimot den nasjonale bibliotekstrategien ikkje har spesielt ambisiøse, nye planar for).

Det mindre bra kan samanfattast i særleg desse to setningane frå Digin si nye undersøking, lansert i dag:

«Omtrent hvert femte bibliotek oppga at de ikke tilbyr digitale innholdstjenester. Over halvparten av disse oppga tid og økonomi som hovedgrunner til dette. 5 prosent av de besvarende bibliotek mente lånernes behov ble dekket med den fysiske samlingen og gjennom BookBites/Allbok».

To-delinga mellom store, sterke versus små, svake folkebibliotek blir stadig tydelegare.

Vi har før skrive mykje om dei nye, flotte biblioteka dei siste åra og i nær framtid. På denne dynamiske lista vår over slike er det ikkje mange i det typiske Distrikts-Noreg.

førestillinga om «gullalder» bør opp til debatt. No skal vel snart nasjonalbibliotekaren førebu årets tale til biblioteksjefane, så får vi sjå.

PS 1: Tilbake til digitalisering: I det svenske Biblioteksbladet er det akkurat no relevant digitaliseringsdebatt på gang: «Digitalisera för minskade klyftor». Sjå fleire debattinnlegg under saka.

PS 2: Når det gjeld fylkesbibliotek, så såg vi i natt teikn på at det kan bli fleire av dei.

juli 3, 2021

Gjennombrot for lydbøkene?

Utan e-innhald er biblioteket ein tapar på 2020-talet. CC-BY Ill:: Gan Khoon Lay 

I kulturdelen av Klassekampen i dag er igjen strøyming av lydbøker eit hovudtema. No handlar det om endå eit internordisk forlagsoppkjøp og dermed ei femte strøymeteneste for lydbøker her i landet. Men også om at debutantane ikkje slepp til i lydbokformatet. Leiaren av Forfattarforeningen, Heidi Marie  Kriznik, «mener at strømmetjenestene har ført til en enda større grad av konsentrasjon rundt bestselgere enn det som har vært tilfelle i bokhandel.

– Aldri har så mange kunnet lytte til så mange titler, men aldri har så mange lyttet til så få. Sånn strømmetjenestene er innrettet, trekkes litteraturen i en annen retning enn det som er målet for litteraturpolitikken. Det går mot mer enfold og ikke mer mangfold».

Folkebiblioteka har tradisjon på å formidle det nye og det «smale» i tillegg til bestseljarane, men forlaga set prisen for biblioteklytting så høgt at biblioteka ikkje får råd til å marknadsføre verken det eine eller det andre i dette formatet.

I september i fjor varsla Nasjonalbiblioteket at gjennombrotet i forhandlingane med forlaga var like om hjørnet. Her på bloggen har vi etterlyst resultatet av dette fleire gongar. No kom det faktisk noko om lydbøker på NB si heimeside, men dette kan vel umuleg vere heile gjennombrotet: «at utlån av lydbøker defineres som at når en bok har blitt lyttet til av en låner minst 10 % av total spilletid»?? 

Dette er sjølvsagt ein framgang frå tidlegare, då berre det å opne ei lydbok genererte 1 stk. utlån og full betaling til forlaget! No blir ho kanskje ikkje fullt så mykje …

read more »