Archive for mars 4th, 2019

mars 4, 2019

Sverige: Biblioteket ein del av totalforsvaret?!

Skjermbilde 2019-03-04 14.48.09

På et «klotterplank» på Malmös Högskola

Sjå også kommentarfeltet

I Svenska Dagbladets nettutgåve fredag 1. mars finn vi ein tittel vi aldri har sett maken til: Bibliotek kan få ny roll – i totalförsvaret: ”Kulturkrig” (bak betalingsmur, men ein har då bibliotekkontaktar også over Kjølen). Det handlar om den nasjonale svenske bibliotekstrategien som blir lansert torsdag denne veka. Bloggaren får dessverre ikkje høve til å følgje han opp før i neste veke, men dei mange som absolutt bør vere interesserte i Noreg kan sjå på SVT 2 torsdag kl 15.15–16.00.

Dei som har lese denne bloggen dei siste par åra har fått med seg ein god del om svenskestrategien. Arbeidet har pågått i over to år, og det er noko mykje meir ambisiøst enn dei norske strategiane, som mest handlar om Nasjonalbiblioteket sine oppgåver. Den svenske vil famne om alle bibliotekatypar, frå skolebibliotek, via folke- til fag- og forsking.

SD intervjuar blant anna Joacim Hansson, professor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Han er klår på at strategien tar utgangspunkt i bibliotekets demokratiske rolle. Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder.

Hansson (ein kjend person for lesarane av denne bloggen) har vore sentral i referansegruppa og seier ifølgje SD at strategien handlar om …

read more »