Archive for mai 10th, 2019

mai 10, 2019

Bokbane-bluse

På Atekst gjev søk på «bokbane» 68 oppslag i norsk presse den siste månaden. Det handlar sjølvsagt om kronprinsesse Mette-Marits litteraturné på T-banen frå Kolsås i Bærum til Stovner i Oslo og med stopp på fleire bibliotek langs ruta, med ulike program på kvart av dei.

Klassekampen har berre eitt oppslag, ein kommentar til VG si dekking av evenemanget:

«VG fulgte reisen tett, med flere nyhetsartikler underveis. Men det er heller tvilsomt om avisa delte kronprinsessas ønske om litteraturformidling. Her er overskriftene til de fire VG-sakene som ble publisert på nett: «P3-Silje om å snakke om skjeden og anus med kronprinsparet på første rad: – Litt rart», «Kronprins Haakons ekskjæreste spøker med likheten til Mette-Marit», «Kronprinsesse Mette-Marit tok til tårene på ‘Bokbanen’» og «Mette-Marit gjenbrukte bokbane-bluse – her er alle detaljene».

mai 10, 2019

Endå meiropne bibliotek i Buskerud

bjørnson ringerike bibliotekHos Buskerud fylkesbibliotek på Facebook heiter det no: «Hele 19 bibliotek i Buskerud ligger nå som 3D-modeller på Google Street View og er tilgjengelige via Google Maps. Ta gjerne en titt på bibliotekrommene i vårt langstrakte fylke.»

Vi har aldri, dei siste par ti-åra, vore i tvil om at fylkesbiblioteket i landets nest mest langstrakte fylke (Nordland er klart lengst, også etter at Buskerud er blitt Viken, i påtvunge kompaniskap med Akershus og Østfold) også har vore eit av dei kulaste, i den grad eit fylkesbibliotek kan vere kult. Og no lover dei vidare: «Fylkesbiblioteket kommer til å jobbe videre med 3D-funksjonalitet fremover.» The sky is the limit, tenkjer dei vel, der dei også har biblioteket med størst høgde over havet, på Geilo? Eventuelle protestar frå Røros eller Hovden filial i Bykle tar vi imot i kommentarfeltet.

Sidan det er fredag vel vi ein litt uhøgtideleg illustrasjon; Bjørnstjerne Bjørnson i Google Street View på Ringerike bibliotek.