
Eit faktisk debattmøte i Øvre Eiker bibliotek i 2015
Generalsekretær Michel Steen-Hansen i Danmarks Biblioteksforening har ein aktiv blogg, og under tittelen Debatter, der batter på biblioteket, lufter han spørsmålet om dei bør «overveje at indføre ’norske tilstande’ i Danmark og få skrevet debatskabende aktiviteter ind i en eventuel ny bibliotekslov?» (ih, så fik vi brug for vor Nudansk Ordbog, bd. 1: Batte betyr å forbetre eller hjelpe).
Innlegget var intro til eit møte i Odense 7. mai. Vi har enno ikkje funne strøymingar eller noko referat frå møtet.
Til lykke, kan vi berre seie, men samtidig minne om at dessverre har ingen enno kunna dokumentere nokon klar suksess for det norske «debattbibloteket». Møtefrekvensen tok seg kraftig opp dei første åra etter lovendringa, då Nasjonalbiblioteket delte ut millionar til dette, men langtfrå alt gjekk til debattmøte. Vi skreiv derfor i fjor ein serie artiklar med tittelen «Hvor ble det av debattbiblioteket?» der vi blant anna gjorde ei enkel undersøking av …