Archive for mai 15th, 2019

mai 15, 2019

Sven Lindqvist (1932 – 2019)

Forfattaren og bibliotekvenen Sven Lindqvist døydde 14. mai. Underteikna intervjua han for Bok og bibliotek i 1994. Han var ein ubunden radikalar og demokrat med integritet så det heldt. På bibliotekskolen i Oslo på midten av 1970-talet var boka hans «Grav der du står» ein slags uoffisielt pensum.

På ein konferanse i Trondheim i 1988 lanserte han biblioteka som folkets forskingssentralar:

read more »

mai 15, 2019

Norsk rekord i spel for Stortingsgalleriet?

Skjermbilde 2019-05-15 19.00.43

Eit bryggeri hadde denne løysinga ei tid. Men ikkje lenge

I går var det debatt om kulturmeldinga på Stortinget. Få i bibliotekmiljøet hadde spesielt stor von til meldinga då ho kom i november, men var nøgde med at biblioteklova skal få halde fram som i dag og ikkje bakast inn i kulturlova. Men det blei likevel ei særs interessant oppleving på Stortinget i går, for sjeldan har vi sett ein så bastant retrett av ein tidlegare sjølverklært «bibliotekpolitikar» og sjeldan ei så hyklersk framferd frå opposisjonen. Og dét frå ein vi aldri hadde trudd vi skulle kome til å sitere igjen.

Her tenkjer vi ikkje på Freddy André Øvstegård. For han tok opp att SV sitt krav om kulturløft, medrekna bibliotekløft, med øyremerkt statstilskot. Og han kunne samtidig ikkje unngå å kritisere Venstre for å ha forlate det liknande standpunktet som dei hadde hatt heilt frå 2013 og fram til stortingsvalkampen.

Og kulturminister Trine Skei Grande (V) stadfesta så grundig som det let seg gjere at Øvstegård har rett i kritikken:

read more »